Innovasjon og nyskaping
Innovasjon ved NTNU
NTNUs forskarar skaper kunnskap, idear, bedrifter og løysingar som bidreg til verdiskaping, berekraftig utvikling og omstilling av næringsliv og offentleg sektor.
Studentane våre blir uteksaminerte med kompetanse på innovasjon. Slik står dei rusta til å løysa problemstillingar og finna nye og smarte løysingar i arbeidslivet. Mange av NTNUs studentar skaper også nye bedrifter og arbeidsplassar.
Samarbeid med oss
Gjennom samarbeid kombinerer me teori og praksis for å løysa utfordringar og bidreg til omstilling og utvikling av næringsliv og offentleg sektor. Dette gjer oss til ein attraktiv samarbeidspartnar.
Har du utfordringar som krev spisskompetanse? Ønskjer du å leiga laboratorium, samarbeida med studentar eller utveksla data?
For deg som er investor
Eitt av NTNUs viktige samfunnsoppdrag er å leggja til rette for at forsking og kunnskap som blir skapt av studentane våre og tilsette, kjem samfunnet til gode.
Inkubatoren til studentane
Spark* NTNU
Forskernes inkubator
NTNU Technology Transfer AS - TTO
Forskingssenter for innovasjon
NTNU er både vertskap og partnar for nasjonale senter, og har eit eige program for innovasjon
Immatrielle rettar – IPR
Politikken skal sikra at resultat skapt ved NTNU kjem samfunnet til gode. NTNUs politikk for sikring av immatrielle rettar (IPR).
Nyheiter om innovasjon
Kontakt oss
Kontakt oss gjerne for samarbeid om innovasjon og fornying, arenaer for samarbeid og nyskapande prosjekt.
- Trondheim: Håvard Wibe
- Gjøvik: Arild Aune Berger
- Ålesund: Elisabeth Stennes Skaar
Avdeling for forsking, innovasjon og eksterne relasjonar
Innovasjonsleiarar ved NTNU
Leiing
Prorektor Toril A. Nagelhus Hernes leiar arbeidet ved NTNU med innovasjon og nyskaping, og har ansvar for å vareta strategiske samarbeidsrelasjonar med næringslivsaktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Viserektor i Gjøvik Gro Iren Kvanli Dæhlin og viserektor i Ålesund Anne Lise Sagen Major representerer og posisjonerer NTNU som institusjon overfor regionalt arbeidsliv.
Rapportar og planar
- Heilskapleg plan for innovasjonskompetanse ved NTNU
- Korleis styrke innovasjon fra Senter for forskningsdrevet innovasjon (SFI)
- Kartlegging av innovasjon og entreprenørskap i utdanning ved NTNU
- Dokumentasjon og synleggjering av nyskaping ved NTNU – fokus på samfunnseffekt og samarbeid med arbeidsliv
- University Innovation Indicators
- NTNUs breie innovasjonsbidrag