Forkurs og oppfriskingskurs (obs nynorsk)

Forkurs og oppfriskingskurs

kurs-forkurs

NTNU i Trondheim

Teknostart er obligatorisk for førsteårs sivilingeniørstudentar.

NTNU i Trondheim

NTNU i Gjøvik

  • Tresemesterordninga er eit intensivt og tilpassa opplegg for deg som har generell studiekompetanse og vil søkje bachelor i ingeniørfag, men manglar fordjuping i matematikk og/eller fysikk (R1, R2 og Fysikk 1)
  • Y-veg er eit alternativ til deg som har fagbrev, men som manglar opptakskrav til ingeniørutdanningane. 

NTNU i Ålesund

USN tilbyr eit nettbasert kurs i Matematikk for kommande lærarar.

Førebuande kurs og oppfriskingskurs er eit frivillig ekstratilbod til nye studentar ved NTNU som kjenner på at dei treng å få friska opp delar av pensum.

NTNU i Trondheim

Oppfriskingskurs i matematikk tek føre seg sentrale delar av matematikken frå vidaregåande skule som ligg til grunn for matematikkemna som blir underviste på NTNU. Det blir også lagt vekt på å repetere dei grunnleggjande rekneferdigheitene som vil takast for gitt i desse matematikkemna. Kurset er tilrådd for dei som ikkje kjenner seg heilt trygge på matematikken frå vidaregåande, og som ønskjer seg ein mjukare start på semesteret.

Førebuande kurs i lineær algebra og differensiallikningar: Føremålet med kurset er å gje ei innføring i lineær algebra og ordinære differensiallikningar for studentar som ikkje har tilstrekkeleg bakgrunn i dette. Kurset er tilrådd for studentar som startar på to-årig master I kybernetikk og robotikk og to-årig master I industriell kybernetikk. 

Førebuande kurs i kjemi for deg som har behov for å tileigne deg eller oppdatere deg på dei viktigaste basiskunnskapane før undervisninga i kjemifaga tek til.

Laplace-transformasjonar og kompleks analyse er eit tilrådd kurs for ingeniørar (Bachelor) som er teke opp til Master of Science in Electronic Systems Design, Master of Science in Electric Power Engineering og Master i industriell kybernetikk. Kurset vil også vere aktuelt for masterstudentar i Energibruk og energiplanlegging.

Elektromagnetisme er eit tilrådd kurs for ingeniørar (Bachelor) som er teke opp til Master of Science in Electronic Systems Design og Master of Science in Electric Power Engineering.
 

kindly.ai (jira II-3188)