HIPOLS: Historie, politikk og samfunnsutvikling

Forskning – Institutt for lærerutdanning

HIPOLS: Historie, politikk og samfunnsutvikling

Frigjøring franske revolusjon. Kvinne med fransk flagg. Historisk maleri.

Forskargruppa HIPOLS – Historie, politikk og samfunnsutvikling - har utspring i samfunnsfagseksjonen ved Institutt for Lærarutdanning ved NTNU. Medlemer er vitskapleg tilsette med historiefagleg, statsvitskapleg, sosiologisk eller annan relevant samfunnsvitskapleg eller humanistisk fagbakgrunn ved seksjonen med interesse for emna HIPOLS arbeider med. 

Siktemålet med HIPOLS er å fremja disiplinfagleg, fagdidaktisk og skule- og lærarutdanningsrelevant forsking. Vidare er målet å styrkja dei forskingsbaserte undervisningstilboda i alle lærarutdanningar for historie og samfunnsfaga i skulen og å tilby fagleg rettleiing på BA/FoU-oppgåve, master- og ph.d.-nivå. Dei faglege interesseområda for forsking, undervisning og rettleiing for gruppa ligg innanfor tre breie tematiske klynger, som på fleire område overlappar kvarandre:

  1. Offentlegheit, meiningsdanning, samfunnsutvikling og samfunnskritikk
  2. Danningshistorie, danningspolitikk, skulefag og lærarutdanning
  3. Teoretiske og metodologiske inngangar til samfunnsfagdidaktikken

Forskargruppa skal og vera aktiv i vitskapleg og populærvitskapleg formidling og i utviklingsarbeid, og i nasjonal og internasjonal fagleg nettverksbygging som fremjer desse føremåla.

Vitskapleg tilsette ved andre NTNU-institutt og ved andre høgare utdanningsinstitusjonar i inn- og utland, kan og vera knytt til HIPOLS-prosjekt.Interesserte lærar og skuleleiarar kan og vera tilknytt forskargruppa. Masterstudentar som får rettleiing av HIPOLS-medlemer med prosjekt som høyrer til forskargruppa, kan og knyttast til gruppa.

Forskargruppa arrangerer kvart semester ein seminarserie, i denne vert både prosjektidear, søknadsutkast, manusutkast og tematikkar som er viktige for å byggja infrastruktur rundt forskinga, undervisninga, rettleiinga og formidlinga vår, diskutert. 

Forskargruppa siktar mot forskingsfinansiering frå Institutt for lærarutdanning, SU-fakultetet, NTNU, Noregs Forskingsråd og andre nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. 

HIPOLS vert leidd av eit styre samansett av professor Jakob Maliks, fyrsteamanuensis Lise Kvande og fyrsteamanuensis Roar Madsen, med sistnemnde som leiar og ekstern kontaktperson.  Maliks har i tillegg særskilt ansvar for temaklynge 1, Madsen for temaklynge 2 og Kvande for temaklynge 3. For kontaktdetaljar for desse og dei andre som er medlemer/tilknytte, sjå lenkjer til personlege sider.

Tidlegare seminar

  • Sjølvpresentasjon på NTNU-nettsidene v/ universitetslektor Gunnar Grut.
  • Presentasjon og diskusjon av ph.d.-prosjektnotat om samfunnsfagleg literacy v/ universitetslektor Martin Veier-Olsen. Kommentator: Jakob Maliks.
  • Systematisk student- (og tilsett) innsamling av skule- og skulefagdata til forsking v/ fyrsteamanuensis Reidun Heggem. Utfordringar og praktiske løysingar i høve til endra regelverk.
  • Rundebordskonferanse som kontaktannonse på nasjonal nettverkskonferanse i Drammen. Korleis skal me leggja opp denne? v/ professor Jakob Maliks
  • Utkast til artikkel om byrjaropplæring i samfunnsfag (samforfattarskap med professor Yngve Skjæveland?) v/ ph.d.-stipendiat Stine Utler Johansen. Kommentator: Jakob Maliks.
  • Sosiologen Hartmut Rosa og teorien om sosial akselerasjon – kva handlar den om/seier den, korleis samhøver den med anna teori om (sein)moderne samfunn – og døme på HIPOLS-felt der den kan vera relevant. v/ fyrsteamanuensis Roar Madsen

Eksterne medlemmar i forskningsgruppe

Eksterne medlemmar i forskningsgruppe

  • Førsteamanuensis Fredrik Alvén, Malmö Universitet 
  • Rektor Knut Christian Clausen, Flora videregåande skole, Florø
  • Dosent Håkon Rune Folkenborg, UiT - Norges arktiske universitet
  • Dosent Erik Bratland, Nord universitet
  • Ph.d.-stipendiat Helga Bjørke Harnes, NLA Høgskolen
  • Førsteamanuensis Britt Marie Hovland, NLA Høgskolen
  • Konservator/ph.d.-stipendiat Sondre B. Hvam, Jærmuseet
  • Førstelektor Ann Kristin Larssen, Forsvarets Høgskole - Luftkrigsskolen
  • Professor Oddmund Løkensgard Hoel, Høgskulen på Vestlandet
  • Viserektor Nils Petter Lie-Gjeseth, Den norske skole Costa Blanca
  • Professor Sissel Rosland, Høgskulen på Vestlandet
  • Universitetslektor Leif Sletvold, Universitetet i Sørøst-Norge
  • Professor Marie Smith-Solbakken, Universitetet i Stavanger
  • Professor Hans Jørgen Wallin Weihe, Høgskolen i Innlandet