Bakgrunn og aktiviteter

Eg er historikar (NTNU), mellom anna med sosiologi (UiO) og politisk geografi (UiO) i fagkrinsen. I studietida fekk eg kulturavtalestipend irsk Department of Education (etter innstilling frå det norske forskingsrådet) for eit års opphald ved Department of Political Science ved Trinity College Dublin. Dessutan har eg lærar - og rettleiarutdanning (både praktisk-pedagogisk utdanning og universitetspedagogikk frå NTNU) - og har fullført NTNU sitt PhD-rettleiarkurs. Eg er tilsett i fast stilling som fyrsteamanuensis i samfunnsfag ved Institutt for Lærarutdanning (ILU), NTNU - hovudsakleg med undervisning innanfor samfunnsfagemne i grunnskulelærarutdanningane. Om undervisningsområde, faginteresser og pågåande forskingsprosjekt, sjå nedanfor.

Tidlegare har eg både arbeidd i skulen, på historieinstituttet ved NTNU (der eg og har site i instituttstyret), ved Program for Lærarutdanning og Fakultet for Lærar og tolkeutdanning (tidl. HiST) og dessutan som oppdragsforskar. I 2017-2018 var eg fyrste  leiar for Nasjonalt nettverk for samfunnsfaga i lærar-, lektor- og barnehagelærar-utdanningane, og i 2018-2019 var eg nestleiar. I perioden 2018-2019 var eg representant for dei faste vitskapleg tilsette i instituttstyret for det største lærarutdannarfagmiljøet i landet, - Institutt for Lærarutdanning, NTNU.

Ved læreplanrevisjonen i 2013 sat eg i Utdanningsdirektoratet si læreplangruppe for samfunnsfag og samfunnsfag samisk. I åra før leidde eg to UDIR-utgreiingsgrupper, som kan reknast som førearbeid til denne læreplanen. I 2019 og 2020 er eg vitskapleg redaktør for det nordiske fagtidsskriftet Nordidactica -Journal of Humanities and Social Sciences Education, gjeve ut av Karlstads Universitet. Eg var intiativtakar til og har vore leiar for forskargruppa HIPOLS (Historie, politikk og samfunnsutvikling) ved Institutt for Lærarutdanning - NTNU, sidan 2018. Her er eg og med i styringsgruppa for prosjektet Concept Understanding and Reasoning in Social Studies Education (COURSE). Eg er teken opp som medlem i International Research Association for History and Social Sciences Education (IRAHSSE), http://www.irahsse.eu/en/

Fagleg-administrativt har eg hatt hovudansvar for å utvikla emneplanar i NTNU/Høgskolen i Sør-Trøndelags gamle toårige påbyggingsmastertilbod i samfunnsfagdidaktikk, fleire emneplanar innanfor den gamle allmennlærarutdanninga og den tidlegare grunnskulelærarutdanninga og dei til saman 16 samfunnsfaglege emneplanane i dei nye femårige grunnskulelærarutdanningane ved NTNU. Eg har og hatt hovudansvar for omleggingar og revideringar av emneplan for Introduction to Norway (for innkomande utanlandsstudentar), og har delteke i utviklinga av studieprogramplan for bachelorgrad i arkiv- og samlingsforvaltning ved NTNU. Eg har og vore FoU-leiar ein periode (2008-2009) for Lærarutdanninga ved tidl. HiST, og har gjennomført eit delteke i arbeidet med omlag 15 stillingsvurderingskommisjonar og opprykkskommisjonar. Dei fleste HiST kommisjonar har eg vore leiar/administrator for, men eg har tidlegare ogso vore ekstern medlem i NTNU-kommisjonar, kommisjonar for Universitetet i Tromsø, Nord Universitet og Høgskulen på Vestlandet. I 2016-2017 var eg og seksjonskoordinator for samfunnsfagmiljøet ved grunnskulelærarutdanningane ved NTNU.

Eg har og hatt lokale fagforeiningstillitsverv i tidlegare Lærarforbundet (1993-1995), no Utdanningsforbudet - og i Forskarforbundet ved lærarutdanninga på tidlegare HiST (2007-2008).

Faglege interesseområde

Dei fleste faglege interesseområda mine ligg i skjeringspunkt mellom historie, statsvitskap og sosiologi: 

* Nyare norsk historie og politikk og politisk deltaking, t.d. partihistorie, mediehistorie og historia til norsk EEC-, EF- og EU-motstand.

* Nyare irsk historie og politikk, t.d. etnisk konfliktregulering. 

* Grunnskule- og lærarutdanningsfaget samfunnsfag, samfunnsfagdidaktikk, grunnleggjande ferdigheiter i faget og læreplanutvikling i samfunnsfaga. Ogso med komparative blikk mot UK (England, Skottland, Wales og Nord-Irland) og republikken Irland. Eg har vore medlem i Utdanningsdirektoratet si gruppe for utforming av læreplan i samfunnsfag, utforming av læreplan i samfunnsfag - samisk og utforming av kriterie for måloppnåing i samfunnsfag etter 10. klasse i samband med læreplanendringa i 2013.

Pågåande forskingsprosjekt 

Publikasjonar om avviklinga av den norske partipressa, og særskilt om høgrepressa som strukturelle og funksjonelle partiorgan, samarbeidsprosjekt med Per Overrein, ILU-NTNU, som har gjeve tre publikasjonar mellom 2016 og 2020, og som førast vidare.

Saman med David Rosenlund (Malmø Universitet) og Brit Marie Hovland (NLA-Oslo) koordinerer eg framdrift i arbeidet med eit samnordisk prosjekt om historiske utviklingsliner i innhaldet i dei nordiske "samfunnsfaga" og komparative perspektiv på desse skulefaga. Prosjektet er kalla samfunnsfaga i Norden i tid og rom.

 

Undervisning og rettleiing

For tida er eg (med)emneansvarleg for MGLU 2507 (https://www.ntnu.no/studier/emner/MGLU2507/2018/A#tab=omEmnet), som er eit andreårsemne i samfunnsfag som fag A og eit tredjeårsemne i samfunnsfag som fag B for 5-10-studentar i ny femårig grunnskulelærarutdanning. Frå våren 2020 er eg og (med)emneansvarleg for tredjeårsemnet MGLU 3510, og frå våren 2021 (med)emneansvarleg for emnet MGLU 4510.

Eg underviser i  hovudsak grunnskulelærarstudentar om ei rad ulike tematikkar, der eg mellom anna fokuserer på sentrale samfunnsfagdidaktiske aspekt som omgrepsforståing og omgrepslæring, forklåring, kontekstualisering og etablering av samanhengar (t.d. årsak-verknad). Dette er i stor grad innanfor felt som:

* nyare norsk og internasjonal historie (stort sett politisk 1900-talshistorie og samtidshistorie, med vekt på partihistorie og sentrale nasjonale og internasjonale konfliktar og kontroversar).

* valordningar, partisystem og politisk system i andre europeiske land (særleg United Kingdom, Irland og Spania)

* utviklinga av statsdanningar og samtidspolitikk i det etterosmanske Midtausten og om tematikkar som t.d. etnokratiske statar og makropolitiske strategiar for etnisk konfliktregulering.

* samfunnsfagdidaktikk, læreplananalyse, læreplanutvikling og grunnleggjande ferdigheiter i grunnskulefaget samfunnsfag.

I tillegg til dette er eg frå tid til anna involvert i engelskspråkleg undervisning av innkomande utanlandsstudentar om norsk historie og politikk, emnet Intro 175 - Introduction to Norway https://www.ntnu.no/studier/emner/INTRO175/2018/A#tab=omEmnet og emne i regi av andre NTNU-institutt. 

Eg tilbyr rettleiing både for byrjarstudentar/syklus 1/bachelornivå, vidarekomne studentar/syklus 2/masternivå og for forskarutdanning/syklus 3/PhD-stipendiatar.

Ekstern sensur og tilsettingskommisjonar for andre institusjonar

Eg har vore ekstern sensor og klagesensor på bachelor- og lektormaster ved noverande Nord Universitet, og på ulike samfunnsfaglege lærarutdanningsemne ved Universitetet i Tromsø - Noregs arktiske universitet, Universitetet i Stavanger, noverande OsloMet, noverande Høgskolen i Innlandet (tidlegare Høgskolen i Lillehammer). For Handelshøyskolen BI har eg vore ekstern sensor i økonomisk historie. Eg har og tidlegare vore ekstern sensor på ei rekkje hovudfags- og masteroppgåver i historie, og på lektormaster i historie og i statsvitskap ved NTNU.

Inviterte faglege taler og føredrag

Eg har halde inviterte innlegg, taler og føredrag i heile spennet frå vitskaplege gjesteføre-lesingar/fagføredrag til populærformidling for grunnskular og vidaregåande skular, for andre høgare utdanningsinstitusjonar, for konferanse i regi av dei nasjonale lese- og skrivesentra, og for institusjonar som Kunnskapsdepartementet, Domstolsadministrasjonen og folkebibliotek, i lokale forsamlingshus og for friviljuge organisasjonar.

Vitenskapelig, faglig og kunstnerisk arbeid

Et utvalg av nyere tidsskriftspublikasjoner, kunstneriske produksjoner, bok, inklusiv bokdeler og rapport-del. Se alle publikasjoner i databasen

Tidsskriftspublikasjoner

Bøker

  • Madsen, Roar. (2001) Motstraums 1959-2000. Senterpartiets historie bd 2. Det Norske Samlaget. 2001. ISBN 82-521-5435-2.

Del av bok/rapport

  • Madsen, Roar. (2020) Avkolonisering. www.allkunne.no {2020}.
  • Madsen, Roar. (2020) Etnisk reinsing. www.allkunne.no {2020}.
  • Madsen, Roar. (2020) Europarørsla. www.allkunne.no {2020}.
  • Madsen, Roar. (2020) Kolonialisme. www.allkunne.no {2020}.
  • Madsen, Roar. (2020) Med Israel for fred (MIFF). www.allkunne.no {2020}.
  • Madsen, Roar. (2020) Nei til EU. www.allkunne.no {2020}.
  • Madsen, Roar. (2020) Palestinakomiteen. www.allkunne.no {2020}.
  • Madsen, Roar. (2020) Partipressa. www.allkunne.no {2020}.
  • Madsen, Roar. (2020) Periodisering. www.allkunne.no {2020}.
  • Madsen, Roar. (2020) Peter Wessel Zapffe (1899-1990). An Meisias Deireanach ("Den sidste Messias", originaltittel 1933)..
  • Madsen, Roar; Overrein, Per. (2016) Ag damhsa phort Londan: Nuachtáin na hIorua. Macallai San Eoraip : Scéal éiri amach na Cásca i nuachtáin na hEorpa.
  • Overrein, Per; Madsen, Roar. (2014) Grunnleggende ferdigheter i samfunnsfag. Innføring i grunnleggende ferdigheter : praktisk arbeid på fagenes premisser.
  • Madsen, Roar. (2006) Antrim - by i Nord-Irland. Store Norske Leksikon.
  • Madsen, Roar. (2006) Antrim (grevskap). Store Norske Leksikon.
  • Madsen, Roar. (2006) Armagh - by I Nord-Irland. Store Norske Leksikon.