Bakgrunn og aktiviteter

Professor i prosjektledelse. Tilsett ved NTNU, Institutt for bygg- og miljøteknikk. Fokusområde: Gjennomføringsmodellar.

Professor Prosjektledelse

Ole Jonny Klakegg (siv. ing., phd) har 30 års erfaring frå undervisning, forsking og konsulentverksemd innan prosjektledelse. 15 av desse åra var i privat sektor i ulike konsulentselskap. Perioden 2011 til 2017 i delt stilling 50/50 mellom NTNU og WSP. Resten består av 3 periodar ved NTNU. Han har erfaring frå mange typar prosjekt, spesielt større offentlege utbyggingsprosjekt med spesiell vekt på analyser av økonomi, framdrift og kvalitet med meir.

I dag er han knytt til forsking på gjennomføringsmodellar i tett samarbeid med BAE-næringa. Tidlegare (2004 - 2010) var Klakegg ansvarleg for forskinga på store statlege investeringsprosjekt i Concept-programmet ved Institutt for bygg, anlegg og transport, NTNU. Han er i tillegg engasjert i  rådet for forsking på campus-utviklinga i Trondheim og i FoU-panelet til Constructiuon City Cluster. 

Forskingsinteressene rommar fleire store tema innan eigarstyring og leiing av prosjekt: Hensiktsmessige strukturar og organisasjonskultur. For tida er ei hovudinteresse å relatere det vi har lært i Noreg til ein internasjonal kontekst. Eit anna fokusområde er konsekvensen av og føresetnadane for vellykka digitalisering i BAE-næringa. Ikkje minst korleis vi kan utvikle høgare prestasjonsnivå i byggenæringa. 

Personlege forskingsinteresser:

  • Eigarstyring/overordna styring av prosjekt, prosjekt som verdiskaping
  • Gjennomføringsmodellar, prosjektmodellar og gjennomføringsstrategiar
  • Samspelprosjekt, kontrakter og incentivbruk
  • Tidlegfase i prosjekt, beslutningstaking
  • Risiko og usikkerhetsstyring
  • Ledelse i bygg og anleggsprosjekt
  • Prosessleiing i gruppeprosessar
  • Interessentledelse
  • Generell prosjektleiing og prosjektstyring (kostnad, tid, kvalitet, med meir)

Ole Jonny Klakegg har følgjande posisjonar i forsking:

  • Programleiar for BAE-programmet i Prosjekt Norge.
  • Medlem i Fagrådet for Concept-programmet
  • Leiar for Construction City Cluster sitt FoU-panel.
  • Medlem i programrådet for forsking på campus-utviklinga ved NTNU. 
  • Prosjektleiar for Optimaltid-prosjektet - Tidleg entreprenørinvolvering (NFR).

Lenker:

Vitenskapelig, faglig og kunstnerisk arbeid

Viser et utvalg av aktivitet. Se alle publikasjoner i databasen

Tidsskriftspublikasjoner