Våre ansatte SKF
Dei tilsette ved Senter for kjønnsforsking har bakgrunn frå ulike samfunnsvitskaplege og humanistiske fag og deler ei interesse for kjønn, likestilling og mangfald. Fagmiljøet er prega av tverrfagleg samarbeid, fagleg nysgjerrigheit og eit sterkt engasjement for samfunnsaktuelle spørsmål.
Senteret omfattar forskarar i ulike fasar av karrieren, frå ph.d.-stipendiatar og postdoktorar til erfarne forskarar og professorar. Gjennom ei omfattande portefølje av eksternfinansierte forskingsprosjekt har senteret eit stort og aktivt ph.d.-miljø som bidreg til fagleg utvikling og rekruttering til forskingsfeltet.
Forskarane ved senteret arbeider med tema som spenner frå teknologi, arbeidsliv, utdanning og helse til kultur, politikk og berekraft. Dei deltek i nasjonale og internasjonale forskingssamarbeid, underviser på ulike nivå og bidreg aktivt til offentleg ordskifte gjennom foredrag, media, kronikkar og andre formidlingsaktivitetar.
Undervisning og pedagogisk utviklingsarbeid står òg sentralt i verksemda ved senteret. Fagmiljøet er sterkt involvert i utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå, og omfattar ein merittert undervisar som leier og deltek i pedagogiske utviklingsprosjekt knytte til undervisning, læring og utdanningskvalitet.