Senter for kjønnsforskning - Institutt for tverrfaglige kulturstudier
Senter for kjønnsforsking (SKF)
Senter for kjønnsforsking driv tverrfagleg og samfunnsaktuell forsking, undervisning og formidling om kjønn, likestilling og mangfald. Vi samlar forskarar frå ulike fagområde innan samfunnsvitskap og humaniora for å utforske kjønn, likestilling og mangfald frå nye perspektiv.
Senteret tilbyr studium og emne på bachelor-, master- og ph.d.-nivå, og legg vekt på å gi studentane analytiske perspektiv og gir nyttig kompetanse for et bredt spekter av yrker og samfunnsoppgaver. Masterstudiet er ope for studentar med bachelorgrad frå alle fagområde, noko som skaper eit tverrfagleg og engasjerande læringsmiljø som år etter år får svært gode tilbakemeldingar frå studentane.
Forskinga vår spenner over ei rekkje tema og skjer i tett samarbeid med fagmiljø og samfunnsaktørar i Noreg og internasjonalt. Formidling er ein viktig del av verksemda vår, og vi deltek aktivt i offentlege debattar, samarbeider med media, held foredrag og seminar og bidreg med kunnskap til samfunns- og politikkutvikling. Å leggje til rette for informerte samtalar om sentrale spørsmål knytte til kjønn, likestilling og mangfald er eit viktig mål for oss.
Forskarane våre kjem frå humanistiske og samfunnsvitskaplege fag og arbeider tverrfagleg. Dei nyttar kvalitative metodar og kritiske perspektiv i studiar av mellom anna populærkultur, reproduksjon, migrasjon, teknologi og politikk. Gjennom forsking og undervisning utforskar vi spørsmål som er viktige for Noreg og verda omkring oss.
