Biopolitikk og reproduksjon - Institutt for tverrfaglige kulturstudier (KULT)
Biopolitikk og reproduksjon
I denne tverrfaglege forskargruppa engasjerer vi oss i ei rekkje spørsmål knytt til reproduksjon og korleis produksjonen av menneskeliv blir regulert i eit historisk, internasjonalt og notidig perspektiv. Tema som er interessante for oss er til dømes korleis biopolitiske reguleringar blir grunngjevne og om og korleis desse grunngjevingane er knytt til visse forståingar av kjønn og kropp, korleis innovativ bioteknologi produserer nye forståingar av natur og normalitet, og korleis førestillingar om demografi og nasjonale fruktbarheitstal forheld seg til internasjonal migrasjon og klimakrisa.
Aktive prosjekt
Hensikta med dette forprosjektet er å etablere eit tverrfagleg nettverk beståande av forskarar og praktikarar frå medisin, sjukepleie, samfunnsvitskap og humaniora som jobbar med reproduksjon og fruktbarheit. Målet med nettverket er å utvikle eit langsiktig forskingssamarbeid som kan gi innsikt i årsakene til ein stadig fallande fruktbarheitsrate og auka førekomst av ufrivillig barnløyse i ein kontekst av stadig betre tilgang på assistert reproduksjon.
Prosjektet er finansiert av NTNUs tematiske satsingsområde Helse og livsvitskap.
Prosjektleiar: Guro Korsnes Kristensen
Un(re)productive bodies? Transmasculinity and reproductive choices in Norway (2023-2027).
Hensikta med dette prosjektet er å utforske det som inntil nyleg har vore eit nærmast taust tema både politisk og offentleg, nemleg forholdet mellom nasjonal fruktbarheit og globale klimaendringar, men som no er i ferd med å bli eit stadig meir relevant tema. I første fase av prosjektet blir diskursar om fertilitet og familieplanlegging i dagens Noreg utforska. I neste steg blir ulike ekspertgrupper og lekfolk intervjua. Prosjektet har ein komparativ dimensjon som er operasjonalisert gjennom eit samarbeid med kjønnsforskarar ved Ochanomizu University i Tokyo
Prosjektleiar: Guro Korsnes Kristensen (NTNU)
Varigheit: 2020- [ingen sluttdato ennå]
Føremålet med denne studien er å sjå nærare på korleis norske kvinner reflekterer rundt moglegheita til å bli eggdonor, og kva kulturelle føringar som er impliserte i desse refleksjonane. 1. januar 2021 blei eggdonasjon tillate i Noreg. Ein grunnleggjande føresetnad for eggdonasjon i ein norsk kontekst er at det skal vere grunngjeve i altruisme og ikkje i økonomisk vinning. Vidare er det bestemt at berre kvinner som er mellom 25 og 35 år og har fast tilknyting til Noreg får lov til å donere egg. Mens donor ikkje får nokon informasjon om dei som mottar egget eller om donasjonen har resultert i befruktning og barn eller ikkje, har donorbarn rett til å få kunnskap om kvinna som har donert egget frå dei fyller 15 år. Vi vil sjå på korleis moglegheita for å bli eggdonor er relatert til kvinnenes forståing av eigen kropp, foreldreskap og slektskap, og kva kjønna forståingar og forventningar som er vevde inn i dette. Prosjektets metodiske tilnærming er kvalitative intervju med kvinner i den aldersmessige målgruppa for å kunne donere egg.
Deltakarar: Merete Lie (prosjektleiar) og Guro Korsnes Kristensen
Varigheit: 2022-2025
Avslutta prosjekt
I dette prosjektet blir politiske styringsprosessar, forbrukarperspektiv og forskingspraksis knytt til ny genredigeringsteknologi (CRISPR) i Noreg studert. Gjennom dokumentstudium, observasjon og kvalitative intervju av og med høvesvis Bioteknologirådet, forskarar og representantar for befolkninga er ambisjonen å forstå dei ulike aktørane sine førestillingar om- og arbeid med utvikling, bruk og/eller regulering av slik teknologi, og korleis dette bidreg til å forme genredigeringsteknologi som styrbart objekt i den norske konteksten.
Kontaktperson: Marit Svingen
Artikulasjonar av surrogati på nettsidene til surrogatibyrå og ART-klinikkar i Russland.
Prosjektet undersøker dei lokale infrastrukturane som mogleggjer transnasjonal surrogati til Russland med hovudfokus på surrogatet, konseptualisert som den materialsemiotiske generative noden. Mens nettsider til surrogatibyråa og reproduksjonsklinikkane fungerer som eit inngangspunkt til forståingar av russisk surrogati, byggjer prosjektet empirisk på datautvalet (nasjonal lovgiving, intervju, nettsider).
Prosjektet spør om og korleis statusen til surrogatet som menneske blir utfordra i den moderne verda av surrogati i Russland levert av byråa og klinikkane. Prosjektet er teoretisk forankra i ny-materialismen.
Kontaktperson: Maria Kirpichenko
«Den sosiale meininga med barn». Fertilitet, kjønn og klasse
NFR/FRISAM 2009-2012
Prosjektleiarar: Anne Lise Ellingsæter UiO, An-Magritt Jensen NTNU, Merete Lie NTNU
Målsettinga har vore å auke innsikta i strukturelle og kulturelle forhold som verkar inn på valet om å få barn med fokus på kjønn og klasse. Vi har spurt kvifor folk får barn og kva barn betyr for dei, og vi har studert valet om å få barn som ein prosess der både forhandlingar og ambivalens inngår. Det er lagt vekt på samspelet mellom kulturelle og økonomiske forhold, og i kva grad dette fører til ulike beslutningsprosessar blant kvinner og menn og innan ulike sosioøkonomiske grupper. Det blei samla inn eit kvalitativt datamateriale av 90 informantar i alderen 25-35 år frå to av dei største byane i Noreg, og fordelt på kvinner og menn i arbeidarklasse- og øvre middelklasseyrke. Det er ei unison oppfatning om at beslutninga om barn må vere paret si felles beslutning (sammekjønnspar og einslege var ikkje inkludert i prosjektet). Dette signaliserer ein auka kulturell bevisstheit om farskap og likestilling i ansvaret for barn. Tida for foreldreskap er viktig, og å få barn før begge er klare, trugar den einskilde sin autonomi. Gjennom ei kartlegging av betydninga av informantane sine sosiale nettverk fann vi at menn i liten grad snakkar med vener om det å få barn mens kvinner førebur beslutninga gjennom samtalar med vener. Studien har også undersøkt dei økonomiske betingelsane for valet om å få barn, og i kva grad familiepolitiske ordningar inngår i desse overveielsane. Å få barn framstår som lite økonomisk risikofylt og familiepolitiske ordningar blir i liten grad trekt inn i informantane sine konkrete planar og val om å få barn. Men at familiepolitikken har vesentleg betydning blir likevel bekrefta indirekte: på tvers av klasseskilje blir ordningane tatt for gitt, og velferdsstatsordningane eit sentralt fundament for foreldreskapet.
Ein antologi basert på samarbeid med forskarar i Europa analyserer valet om å få barn, inkludert land med svært låg (Italia, Tyskland) versus relativt høg fruktbarheit (Norden, Frankrike).
Anne Lise Ellingsaeter, An-Magritt Jensen & Merete Lie (eds): "The Social Meaning of Children and Fertility Change in Europe". Routledge 2013
The (Trans)Gender Equality Paradox: Ei vurdering av Noregs 2016-lova om endring av juridisk kjønn
france rose hartline forska på effekten av lova frå juli 2016 som gjer at enkeltpersonar i Noreg kan endre sitt juridiske kjønn utan medisinsk sterilisering eller statleg vurdering. Basert på den poststrukturalistiske ramma av «queer-teori», undersøker France si forsking korleis transfolk sine personlege erfaringar og sosiale roller er forma av den nye lova. Spesielt fokus blir gitt til det sosio-juridiske rammeverket som formar kulturelle forståingar av kjønn.
Gjennom intervju med transpersonar som har endra sitt juridiske kjønn etter at lova blei vedteken, og ei analyse av lova og tilhøyrande materiell, søker france å demonstrere korleis subjektivitetar blir materialiserte gjennom kjønna medborgarskap. Målet hans er både å utforske samanhengen mellom juridisk identitet og personlege erfaringar, samt bidra til auka kunnskap i offentlege og statlege diskusjonar om kva endringar som kan vere dei beste for den norske transrørsla.
"Dei andre fedrane". Om farskap og maskulinitet blant minoritetsetniske menn i likestillingslandet Noreg.
(NTNU/HF, 2010 – 2016), Ph.d.-prosjekt, Anette Hoel
Avhandlinga si hovudproblemstilling er: Korleis forstår og forvaltar minoritetsetniske menn i Noreg sine farskap? Det empiriske utgangspunktet for å svare på problemstillinga er kvalitative intervju med 24 menn med ulik etnisk bakgrunn. At den norske befolkninga i aukande grad er fleirkulturell inneber at det er variasjonar i levemåtar og verdisett. I arbeidet med datainnsamling og analyse av materialet møtte eg på metodologiske utfordringar med å fange opp situasjonars kompleksitet generelt, og dei komplekse, tvetydige og mangfaldige måtane å vere far på som etnisk minoritet i likestillingslandet Noreg spesielt. Dette førte til at eg blei merksam på at forsking om variasjon i det fleirkulturelle samfunnet bringer med seg spørsmål om framgangsmåtar for vitskapleg kunnskapsproduksjon. Avhandlinga består av fire sjølvstendige vitskaplege arbeid. Ein metodeartikkel blir presentert først, fordi den tar for seg det som har blitt til hovudlinja i avhandlinga: ein argumentasjon for ei teoretisk, metodisk og analytisk tilnærming til kompleksitet. Dei tre neste artiklane som blir presenterte er utvikla i eit gjensidig samspel med metodeartikkelen. Tematisk handlar artiklane om haldningar til fedrekvoten, kulturell hybridisering i farskap, og forståingar av «den gode far».
Eit ”tve-egga” arbeid: Teknopolitiske forhandlingar om befrukta egg og humanmedisinsk bioteknologi
Ph.d.-prosjekt, Marie Antonsen
Humanmedisinsk bioteknologi har vore eit turbulent vitskaps- og forskingsfelt i Noreg dei siste 30 åra, og politisk regulering av det har vist seg svært utfordrande. Mykje av problematikken har vore knytt til bruk av befrukta egg i forsking og behandling. Bruk av befrukta egg i humanmedisinsk bioteknologi opnar for ei utvikling der ein, sett på spissen, kan skape liv og ta liv, forlenge, forbetre og omforme livet. Denne delen av den bioteknologiske utviklinga blir derfor forstått som nyttig og nødvendig, men samtidig også utfordrande og farleg for vår menneskelegheit. Eit befrukta egg blir beskrive både som menneskeliv med fulle rettar, og som svært potente forskingsobjekt. Det føregår derfor stadige forhandlingar om bruken av desse egga og deira konstitusjon. Det befrukta egget framstår med andre ord som ei svært ustabil eining, som utfordrar grunnleggjande kategoriar i vår verd.
Det er altså ikkje berre det befrukta egget i seg sjølv eller bruken av det som blir forhandla i desse konfliktene. Diskusjonane om humanmedisinsk bioteknologi kan forståast som kontroversar, der vår etablerte viten om kva som konstituerer eit liv, eit godt liv, god forsking og eit godt samfunn, har blitt kraftig destabilisert. Grensene mellom ulike dikotomiar som liv og død, natur og kultur, fakta og verdi, vitskap og politikk står på spel. Denne ustabiliteten avføder ei mengd arbeid, som handlar om å få plassert og rekonfigurert desse nye og potensielt risikable einingane og praksisane til (attende?) stader der dei igjen kan forståast og kontrollerast. I dette prosjektet analyserer eg det aktørnettverket som "interesserer seg for" dei befrukta egga, eg undersøker aktørar og institusjonar som arbeider med og for det på ulike måtar. På kva stader og i kva rom blir dette arbeidet gjort? Kven er det som gjer det og korleis? Kva effektar ser dette arbeidet ut til å få? Gjennom å følgje det befrukta egget i dette arbeidet vil eg analysere fram dei forbindelsane og translasjonane det inngår i, også forstått som praksisar og effektar. Håpet er å kunne de- og rekonstruere den montasjen (det settet av forbindelsar) dette feltet utgjer.
Reproduktive relasjonar. Kjønn og reproduksjon i endring
NFR/ Program for kjønnsforsking 2009-2013
Medarbeidarar: Merete Lie, prosjektleiar; Kristin H. Spilker, postdoktor; Malin Noem Ravn, forskar.
I prosjektet har vi undersøkt korleis likestilling blir forstått i prosessane som leier fram til å bli foreldre. Vi har studert om reproduksjon er eit felt der vi møter grensa for likestilling – i den forstand at forståinga av den biologiske kroppen blir markert som ei grensesetjar. På den eine sida opnar kulturelle og teknologiske endringar for å skape nye typar familiar, slik som når samekjønnspar får barn ‘saman’. Når det gjeld heterofile par, har reproduksjonsteknologien bidrege til å gi fleire moglegheit for å skape tradisjonelle familiar med mor, far, barn. Derfor kan vi seie at reproduksjonsteknologien til dels endrar og til dels fasthaldar rollefordelinga i reproduksjonen.
Vår forsking viser at i dag er fertilitetsbehandling blitt inkludert i det vi forstår som vanlege og aksepterte måtar å få barn på. Våre intervju viser at ein ikkje blir rekna som infertil før ein har forsøkt fertilitetsbehandling – mens ein tidlegare blei rekna som infertil dersom ein hadde behov for slik behandling.
Lie, Merete; Lykke, Nina (2017). Assisted Reproduction Across Borders. Feminist Perspectives on Normalizations, Disruptions and Transmissions. Routledge. 2017. ISBN 978-1-138-67464-6.
Les sluttrapporten for prosjektet.
Innsida ut. Nye bilete og nye førestillingar om kroppen.
Finansiert av NFR/KULVER 2010-2014
Medarbeidarar: Merete Lie, prosjektleiar; Anja Johansen, PhD; Manuela Perrotta, postdoktor.
Prosjektet har studert vitskaplege bilete på mikronivå; framstilling og bruk av dei i ulike kontekstar: i laboratorium, i medisinsk praksis på fertilitetsklinikkar, og på kunst- og vitskapsmuseum. Dette er bilete av fenomen som er usynlege for det menneskelege auget, men som ved hjelp av elektronmikroskop med enorm forstørring og innebygd fototeknikk framstår som tradisjonelle fotografi. Bileta blir brukt i opplysningsverksemd, til dømes om assistert befruktning og kreftbehandling, i populærvitskap, og dei har også funne vegen til reklame og kunst. Vitskaplege bilete og bileteteknikkar blir ikkje berre brukt innan forsking, men er blitt uunnverlege i mange typar medisinsk praksis. Bileta blir også brukt i informasjonsmateriale for å illustrere sjukdomars forløp og medisinsk behandling eller for å informere om ny forsking. Innanfor assistert reproduksjon er både utviklinga av metodane og gjennomføringa i praksis avhengig av at ein kan sjå egg- og sædceller i mikroskop, og på fertilitetsklinikken får også pasientane sjå sine eigne celler.
Innsikt i produksjonsprosessen fortel om bileta si sanningsverdi; det vil seie kva element som blir synlege, kva som forblir usynleg, og kor verkelegheitsnære bileta er. Det profesjonelle blikket blir forma i ein vekselverknad mellom forskarens forkunnskap og observasjonane i mikroskopet, og i denne vekselverknaden mellom å vite og å oppdage bidreg forkunnskapen i forminga av forskingsobjekta.
Ein populær sjanger er portrettliknande bilete av celler der ei enkelt celle blir avbilda mot ein mørk eller nøytral bakgrunn. I bilete innanfor denne tradisjonen framstår kvar enkelt celle som ei avgrensbar eining og med ein eksistens uavhengig av menneskekroppen. Dagens cellebilete bidreg til at kvar enkelt celle framstår som individuell og uavhengig av kroppen. Bileta bidreg til at celler materialiserast; det vil seie at celler blir forvandla frå abstrakt teori om korleis organisk vev er bygd opp til å framstå som identifiserbare gjenstandar. Bileta bidreg innanfor ein kulturell prosess der menneskekroppen i aukande grad blir forstått på mikronivå med celler, gen og kromosom som dei vitale elementa i forståinga av reproduksjon og kroppens funksjonar.
Film: "Det vakre, det sanne og det gode. En film om medisinske bilder."
Les meir på prosjektets eigne nettside.
Kroppen (re)mediert. Vitskaplege bilete av kroppen i kunst, media og populærvitskap
(NFR/KULVER 2010-2014) Ph.d.-prosjekt, Anja Johansen
Prosjektet var ein del av prosjektet Innsiden ut. Nye bilete og nye førestillingar om kroppen (prof. Merete Lie), og undersøkte korleis nye visualiseringsteknologiar bidreg til å redefinere kroppen gjennom synleggjering av tidlegare usynlege fenomen og prosessar.
Ulike bileteknologiar og visualiseringar har opna for nye sanse- og kunnskapsmessige tilganger til omgjevnadene, og spelar ei stadig større rolle innan naturvitskapleg forsking, særleg biomedisin. Dei nye medisinske bileta av kroppens indre blir reproduserte og siterte ofte i presse, reklame og ulike populærvitskaplege format. Også kunstnarar har dei siste tiåra fanga interesse for vitskaplege bilete og visualiseringsteknologiar, og mange samarbeider i dag med forskarar i sine prosjekt.
Med teoretiske perspektiv frå visuell kultur og vitskapsstudiar vil eg i dette prosjektet gjere ei kritisk undersøking av utvekslingane mellom kunstens, vitskapens, og populærvitskapens sfærar i produksjonen av bilete av og kunnskap om kroppen. Hensikta er med andre ord å studere korleis menneskekroppen blir iscenesett, (re)mediert og tolka, i interaksjonen mellom mellom anna forskarar, (bio)kunstnarar, medisinske praktikarar og journalistar. Sentrale spørsmål er derfor: Korleis blir vitskaplege visualiseringar av kroppen på og under cellenivå sitert og transformert i kunst, media og populærvitskap? Er det viktige skilnader på vitskapens visualiseringar av og forteljingar om kroppen, og dei som kjem til uttrykk i kunst, media og populærvitskap? I så fall, kva går desse skilnadene ut på? I kva grad kan samtidens kunsteksperiment bidra til nye framstillingar av og førestillingar om kroppen?
Familieplanlegging – bak tala. Kjønna diskursar om reproduksjonsprosessar blant iranarar og irakarar i det 'likestilte' Noreg
NTNU/HF, Ph.d.-prosjekt skrive av Guro Kornes Kristensen, disputas 28.10. 2011
Tema for avhandlinga er familieplanlegging i det fleirkulturelle Noreg.
Ikkje-vestlege minoritetar har ein reproduktiv åtferd som skil seg frå etniske nordmenn. Dette er lite utforska, og det er behov for å forstå meir. Målet med avhandlinga er derfor å bringe fram meir kunnskap om reproduktive prosessar blant våre nye landsmenn av ikkje-vestleg opphav. I dette ligg det at eg skal undersøkje og søkje å forklare korleis dei reproduktive mønstra blant ikkje-vestlege innvandrarar i Noreg kan forståast. Eller som formulert i prosjektets tittel; eg ønskjer å kome bak tala for å sjå kva som ligg her. Vidare ønskjer eg å sjå på dei aktuelle reproduksjonsmønstra som kjelde til førestillingar og forhandlingar om kjønn og seksualitet. På denne måten vil prosjektet ikkje berre bidra til å forstå reproduksjonsmønstra blant ikkje-vestlege minoritetar betre, men også gi auka kunnskap om den etnisk andre og om ulike integrasjonsmoglegheiter og -utfordringar.
Tilknytte forskarar
-
Deniz Akin Sensor
denizzakin@gmail.com Institutt for tverrfaglige kulturstudier -
Maria Bårdsen Hesjedal Forsker
73413063 +4793825643 maria.b.hesjedal@ntnu.no Institutt for samfunnsmedisin og sykepleie -
Isak Nathaniel Løberg Jacobsen Stipendiat
73412703 +4794431212 isak.n.l.jacobsen@ntnu.no Institutt for tverrfaglige kulturstudier -
Maria Kirpichenko Stipendiat
maria.kirpichenko@ntnu.no Institutt for tverrfaglige kulturstudier -
Nora Levold Professor
73591787 nora.levold@ntnu.no Institutt for tverrfaglige kulturstudier -
Merete Dannevig Lie Professor emeritus
73591722 +4797088580 merete.lie@ntnu.no Institutt for tverrfaglige kulturstudier -
Kari Melby
73413054 +4791897154 +4773410354 kari.melby@ntnu.no -
Sofia Moratti Førsteamanuensis
73413064 sofia.moratti@ntnu.no Institutt for tverrfaglige kulturstudier -
Ingvill Stuvøy Førsteamanuensis
73590673 ingvill.stuvoy@ntnu.no Institutt for sosiologi og statsvitenskap