Lærer- og lektorutdanning
Lærarutdanning ved NTNU

Den viktigaste arenaen for å forstå læraryrket er skulen og det som skjer der. Bli kjent med fire lærarar og finn ut om læraryrket er noko for deg!
Ulike lærarutdanningar
Grunnskulelærarutdanning 1.–7. trinn
Grunnskulelærarutdanning 5.–10. trinn
Lektorutdanning for trinn 8–13
Master med integrert praktisk-pedagogisk utdanning (MPPU)
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
Yrkesfaglærarutdanning
Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPU-Y)
Som lærar kan akkurat du vere den som utgjer forskjellen for sjølvbiletet til elevane og deira tru på framtida. Ein dyktig lærar ser eleven og kan skape gode relasjonar.
NTNU utdannar lærarar for alle trinn i skulen, frå første klasse til vidaregåande skule. Du vel utdanninga ut frå kva aldersgruppe du vil arbeide med. Du kan velje lærarutdanning for anten trinn 1–7, 5–10 eller 8–13, og du kan velje masterutdanning innanfor alle undervisningsfag i skulen.
Du som har bakgrunn frå yrkesfag og arbeidserfaring i faget ditt, kan ta treårig yrkesfaglærarutdanning eller praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag.
Om du vel ei anna universitetsutdanning med fag som er relevant for skulen, kan du seinare bli lærar ved å ta eittårig praktisk-pedagogisk utdanning.