Undervisning og rettleiing
Undervisning og rettleiing
Undervisning og rettleiing
Undervisning og rettleiing
Mange vitskapeleg tilsette har ansvar for studentar og doktorgradsstipendiatar gjennom undervisnings- og rettleiingsrollar.
Meir etablerte forskarar er også rollemodellar for yngre forskarar, studentar og nytilsette, og har dermed uformell makt. Kva dei seier og gjer, kva dei oppmuntrar og reaksjonsmønster har dermed påverknadskraft.
Dette gjeld både i store samanhengar, men også i små interaksjonar i arbeidskvardagen.
Dette kan være negativt i form av mikroaggresjonar, altså små kommentarar, stikk og stereotypiar, kanskje i form av humor (Gressgård, 2013), men også positivt i form av mikroaffirmasjonar (Powell, Demetriou & Fisher, 2013). Både små og store interaksjonar frå personar i formell eller uformelle maktposisjonar kan bidra til at studentar og stipendiatar føler tilhøyrsel eller manglande tilhøyrsel i akademiske rom.
Tilrettelegging for studentar og forskarar sine funksjonsvariasjonar kan være eit aktuelt tema å observere. Forsking frå utlandet viser at studentar med ulike funksjonsnedsettingar ofte speler ned desse i frykt for å ikkje leve opp til akademiske arbeidsideal (Yerbury & Yerbury).
Rettleiing og undervisning er innbakt i lokal kultur og forventningar, og kan dermed bli både observert, diskutert og potensielt endra.
Her er noko av det man kan observere:
- Kva er kulturen for rettleiing av studentar og stipendiatar? Kva forventningar er det, og kva type opplæring blir eventuelt gitt?
- Er det forskjell i kva type støtte doktorgradsstipendiatar blir gitt for å delta på konferansar, invitert til samskriving av artiklar, gitt undervisningsoppdrag osv.?
- Kva type rutinar finnast for inkluderande undervisning på ditt fagmiljø? Kva ressursar og støtte blir gitt til dei som underviser? Her er det viktig at ansvar og ressursar blir fordelt riktig- noko må universitet også stille opp med. Mange ynskjer å gjennomføre inkluderande undervisning og rettleiing men får ikkje ressursar til å gjennomføre det.
- Kva type opplæring blir gitt i tilrettelegging av fysiske rom, tilrettelegging for studentar med nedsett funksjonsevne, digitale hjelpemiddel og lokale ressursar på universitets- og nasjonalt nivå?
KARMA-logo
