Kommunikasjon og språkleg samhandling
Kommunikasjon og språkleg samhandling
Kommunikasjon og språkleg samhandling
Kommunikasjon og språkleg samhandling
I alle fagmiljø har man visse koder for å skape fellesskap. Då skapar man samtidig grupper som er utanfor.
Mekanismar for innanforskap/utanforskap er fleksible. For eksempel kan folk kjenne på eit tilhøyrsel i ein forskingsgruppe men ikkje på instituttet generelt. Dette kan både handle om formelle mangfaldskategoriar som nasjonalitet og kjøn, men også om språkpreferanse, fagleg kompetanse eller alder.
I vår forsking på norsk akademia har språkbruk tredt fram som eit tema som opplevast som viktig for manges. Dette er også eit fokusområde som kan observerast med eit kritisk blikk. Sidan dette er eit stort tema har vi delt det inn i fleire undertema.
Språkbruk som omgangstone på arbeidsplassen
Kva språkbruk som er tillat og oppmuntra, kor grensene går for humor, omgangstone osv. er ein del av sosiale normer for eit arbeidsmiljø. Fordi så mange deler av mangfald er usynleg, er det lurt å være bevisst på kva som tullast med.
Folk kan strategisk underspele deler av sin identitet, som å skjule sin seksuelle eller kjønnsidentitet i frykt for korleis kollega vil reagere (Boustani & Taylor, 2020). Denne problematikken gjeld sannsynlegvis også andre mangfaldsgrupper, og kan undertrykke mangfald og føre til eit utrygt arbeidsmiljø.
Særleg faste tilsette og folk med både formell og uformell makt (som rettleiarar eller mentorar) bør være bevisst rolla dei har som rollemodellar for yngre tilsette. Snakkar dei på ein måte som kan tenkjast å påverke nytilsette/yngre på arbeidsplassen, som igjen kan tenkjast å skape ein ukultur i arbeidsmiljøet?
Alle deler av befolkninga speglar eit visst type mangfald, anten det handlar om alder, kjøn, etnisitet, dialekt, livsfase eller forskingsinteresser. Derfor vil alle fagmiljø uansett størrelse tene på å ha eit arbeidsmiljø der man har fokus på respekt, likeverd og inkludering.
Mangfaldsspråk
KARMA logikken handlar om at vi bør snakke ‘same’ språk når det gjeld mangfald. Det er ikkje alltid tydeleg kva man meiner når man snakkar om ‘mangfald’. Meiner man etnisk mangfald, inkludering, kjønn, eller noko anna? Situasjonen når det gjeld kva mangfald som eksisterer vil også variere i stor grad på ulike einingar. Derfor kan det være lurt å nyttegjere nokon av verktøya på denne nettsida for å kartlegge. Snakkar alle det same mangfaldsspråket?
Mangfald handlar om å ivareta alle tilsette på best mogleg måte. Då må man også vite kva som er utfordringane og opplevingane til tilsette. Det å hente ut verdiane av mangfald handlar mykje om god kommunikasjon. Man bør ikkje være redd for å snakke om likestilling og mangfald, men ha ein låg terskel og ufarleggjere å ta det opp i arbeidsmiljøet. Openheit for å snakke om kva som fungerer bra og kva som fungerer mindre bra vil føre til at tilsette føler seg komfortable til å ta opp tema som kan være ubehagelege.
Bruk av engelsk og norsk
Bruk av engelsk i norsk akademia har vært mykje debattert dei siste åra. Dei fleste i vitskapelege stillingar må ofte bruke engelsk i forbindelse med forskingsaktivitetar som publisering og deltaking på forskingskonferansar. Samtidig har norsk akademia i fleire tiår hatt fokus på internasjonal rekruttering, noko som gjer at engelsk ofte er lingua franca i arbeidskvardagen. Dette skjer ikkje utan utfordringar. Fleire internasjonale forskarar opplev ei språkbarriere på grunn av manglande norskkompetanse (Maximova-Mentzoni et al, 2016). Samtidig viser forsking frå NTNU at norsk framleis er det institusjonelle språket som blir brukt i administrasjonen, kanalar for universitetsdemokrati og fleire komitear og leiarforum (Flikke & Sørensen, 2024).
Språkpraksisar er ofte lokale og varierande. Vi anbefaler derfor å observere den lokale situasjonen, og sjå på tema som:
- Kva er dei ulike språkgruppene i ditt fagmiljø?
- Kva er det dominante språket i ulike forum? (som instituttmøter, sentermøter, rundt kaffemaskina osv.)
- Er det ein dominant språkgruppe? I så tilfelle: blir det tatt steg for å inkludere andre språkpreferansar?
- Kan språkbruk være eit hinder for deltaking i ulike grupper? Kva kan i så fall konsekvensane av dette være?
- Påverkar språkkompetanse fordeling av arbeidsoppgåver som undervisning og administrasjonsoppgåver?
- Kva språkkultur ønskjer man å ha på arbeidsplassen, og korleis kan man jobbe for dette?
KARMA-logo
