Handlingsplan
Handlingsplan
Handlingsplan
Handlingsplan
Handlingsplanar kan vere eit godt verktøy i mangfaldsarbeidet, dersom dei blir utforma med konkrete tiltak som bidreg til endring i ønskt retning og som let seg gjennomføre.
For å utvikle ein god handlingsplan er det avgjerande at den er forankra i ei lokal problemforståing, samt at det settast konkrete mål som gjer det mogleg å evaluere arbeidet.
KARMA verktøya (observasjon og framkalling, kartleggingsworkshops og refleksjonscasar) kan gjerne brukast som utgangspunkt for arbeidet med handlingsplanar fordi verktøya bidrar til å synleggjere mønster og problemforståingar. Det kan være nyttig å velje seg ut eit par fokusområde der skoen trykker.
Med dette grunnlaget blir det mogleg å formulere mål om endring. Om ein observerer eit uønskt samhandlingsmønster, så kan det også formulerast eit alternativt og ønskeleg mønster. Basert på kunnskap frå forsking eller erfaringar frå liknande situasjonar kan det deretter veljast tiltak.
Det er viktig å vurdere realistisk tidshorisont for endring og bestemme korleis effektane av tiltaka skal evaluerast. Det er ikkje alltid mogleg å kvantifisere eller måle. Eitt forslag er derfor å bruke KARMA verktøya vidare for å få eit bilete av effektar og resultat.
For å sørge for at handlingsplanen blir utarbeida lokalt bør det setjast ned ein arbeidsgruppe basert i instituttet. Man kan følgje vanlege leiarstrukturar og setje ‘handlingsplan’ som fast punkt på leiarmøte, eller opprette ei arbeidsgruppe med strategisk valte medlemmar. Arbeidsgruppa bør representere ulike demografiske og tilsettgrupper på instituttet. Det viktige er at man definerer ei gruppe som har ansvar for å følgje opp arbeidet.
Steg
Det å lage ein handlingsplan kan identifisere kva som er aktuelle initiativ for arbeidsmiljøet generelt.
Det første steget handlar om problemidentifikasjon. Gruppa identifiserer problem man vil endre på: Kva mønster eksisterer, kva er problem hos oss? I denne kartleggingsfasen er det viktig at alle i gruppa får ytre seg og at ulike perspektiv blir respektert. Om dette arbeidet gjerast av leiargruppa kan man bruke kartleggingsworkshop eller kvalitativt spørjeskjema for å samle inn erfaringar frå tilsette.
Når man har identifisert eitt problem/tema/mønster, lagar man ein realitetsorientering for arbeidet. Korleis kan dette endrast? Kva krevjast for å gjere endringar? Kven kan gjennomføre endringane? Korleis skal det vurderast om vi har lykkast? Når man har identifisert eit problem i kartlegginga, er det viktig å konkret definere ansvar for å følgje opp, og kva nivå tiltak skal ligge på.
Noko kan leiar følgje opp, noko må man ta vidare i systemet.
Under kartlegginga kan det kome opp tema som kan endrast med ein gong, eller ting som vil ta lengre tid eller som ikkje kan løysast på instituttnivå. Eksemplar på ting som kan komme opp i løpet av ein kartlegging er alt ifrå kjønnsnøytrale bad, til språkpraksisar i arbeidsmiljøet, til kontroll over karrieremoglegheiter for forskarar.
Eitt eksempel på ei endring man kan ta tak i med ein gong, er taletid i møter. Om kartlegginga avdekker at minoritetsgrupper føler dei har for lite innflytelse i møter, kan tiltaket være inkluderande møteleiing. Her får dei som arrangerer jamlege møter innføring i korleis man kan styre taletid, distribuere ord slik at alle kjem til ordet. For eksempel at man alltid tar rundar rundt bordet der alle får snakke, eller har makstid på kor lenge nokon får helde ordet. Dette tiltaket kan evaluerast etter ein periode på for eksempel eitt år, for å observere om det har skjedd ei utjamning.
Kort oppsummering:
- Bruk KARMA verktøy til å få auge på og formulere lokale problemforståingar
- Formuler ønskja endring og målsetting, og sett eit tidsperspektiv
- Vel tiltak som kan antakast å bidra til ønskt mål og eventuelle delmål
- Fastset korleis tiltaka skal evaluerast
KARMA-logo
