Velkommen til KARMA

 

Velkommen til KARMA
 

 


Ei ressursside for alle som ynskjer å jobbe med likestilling, inkludering og mangfald i akademia

Om KARMA

KARMA er eit verktøy for kvalitativ kartlegging av ulikskap, og gir verktøy du kan bruke for å skaffe deg innsikt i den lokale situasjonen i ditt fagmiljø. Her kan du også finne ressursar for å kunne arbeide med inkludering og ta tak i lokale utfordringar: Både merknadar på kva man bør tenke på når det gjeld haldning og bevisstgjering, praktiske tips og triks, eksemplar på ‘best practice’ og erfaringar frå ulike institutt. Noko vil sikkert være kjend, og noko vil kanskje være nytt. Målet er å støtte arbeidet med å kartlegge ulikskap og jobbe mot forandring. Prosjektet er leda av NTNU og finansiert av Forskingsrådets BALANSE-program.

Verktøy

Verktøy


‘Mangfald’ er eit stort tema, og det kan være vanskeleg å vite kor man skal begynne.

Det er også ein utfordring for mange at arbeidsgjevarar og leiarar ikkje har lov til å samle inn data om personar sin etnisitet, religion, seksuelle orientering osv., og dermed kan det være vanskeleg å vite kva man snakkar om når det er snakk om ‘mangfald’ på sin arbeidsplass. KARMA vil bidra til å kunne kartlegge lokale erfaringar og perspektiv og bidra til bevisstgjering og forandring gjennom kvalitative verktøy, som kan bidra til å utvikle lokale handlingsplanar. 

Våre verktøy gir innsikt i korleis folk opplev inkludering og maktdynamikkar på arbeidsplassen på tvers av ulike personkategoriar. Dette vil hjelpe til å få innsikt i kva som er situasjonen i akkurat ditt fagmiljø. 

Vi foreslår fire ulike måtar dette kan gjerast.

Border

Border