Organisering Campussamling
Organisering NTNU Campussamling
Organisering NTNU Campussamling
Kunnskapsdepartementet er prosjekteigar for NTNU Campussamling, på vegner av regjeringa. Statsbygg er byggherre og har ansvaret for vidare prosjektutvikling og gjennomføring av byggeprosjektet etter oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.
NTNUs arbeid med campussamling er organisert ved at NTNU leiar eit mottaksprosjekt. Arbeidet skjer tett opp mot Statsbyggs bygge- og brukarutstyrsprosjekt, i ein felles prosjektorganisasjon. NTNU er eigar, forvaltar og brukar av ein samla campus og skal sikre at universitetet sine behov blir ivareteke i prosjektet.
Mottaksprosjektet vert styrt av NTNUs leiing og prosjektdirektør ved Eining for campussamling, Harald Bjørlykke.
Organisering i gjennomføringsfasen
Ved NTNU er mottaksprosjektet organisert med eit overordna prosjektstyre og styringsgrupper for kvart delprosjekt. Denne organiseringa speglar Statsbyggs prosjektorganisering for gjennomføring av byggeprosjektet. Samstundes reflekterer prosjektorganiseringa nivåa i NTNUs organisasjon, med besluttande nivå både på nivå 1 og 2, slik det er vist i figuren under.
Monica Rolfsen, prorektor for samfunnsansvar og formidling, leiar prosjektstyret.
Figur: Organisering i NTNU Campussamling og styringslinjene for prosjektet. Prosjektstyret leier NTNU Campussamling, mottaksprosjektet, på vegner av NTNU. Den blå boksen representerer heile mottaksprosjektet for NTNU Campussamling. Klikk på biletet for å sjå det større.
NTNUs prosjektstyre består av:
NTNUs prosjektstyre består av
NTNUs prosjektstyre består av
Leiar av prosjektstyret er Monica Rolfsen, Prorektor for samfunnsansvar og formidling.
Medlemmer:
- Marielle Christensen, dekan ØK
- Anne Kristine Børresen, dekan HF
- Øyvind Weiby Gregersen, dekan NV
- Frank Arntsen, eigedomsdirektør
- Harald Bjørlykke, prosjektdirektør ved Eining for campussamling
- Ole Jonny Klagegg, professor i prosjektstyring
- Heidi Camilla Egseth, representant for vernelinja
- Patric Wallin, representant for arbeidstakarorganisasjonane
- Morten Kvamme, representant for arbeidstakarorganisasjonane
- Henrik Vorkinn, studentrepresentant, Nestleiar for Velferdstinget
- Anita Vikestad, studentrepresentant, Nestleiar for Studenttinget
Styringsgrupper for delprosjekta
Styringsgrupper for delprosjekta
Delprosjekta sine styringsgrupper har som hovudoppgåve å sørgje for at NTNUs verksemdsutvikling legg premissar og rammer for delprosjektets utvikling, slik at utviklinga av delprosjektet går i takt med utviklinga av verksemda.
Styringsgrupper for delprosjekta P0 (Infrastruktur og landskap), P1 (Økonomi og innovasjon) og P2 (Materialteknologi) er oppretta. Du kan lese meir om delprosjekta sine styringsgrupper og medlemmar ved å trykkje på lenka til det enkelte delprosjektet.
