Forskning

Institutt for musikk

Forskning

Cellist marrianne LIe holder foredrag på forskningskonsert

Dei fagtilsette ved Institutt for musikk (IMU) er involverte i eit breitt spekter av forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid, og sidan 2017 har vi satsa på forskingskonsertane våre som ein hovudarena for å formidle dette. I 2020 tok vi initiativ til NTNU – Artistic Research Week ut frå eit ønske om tettare samarbeid mellom fagområda som driv med kunstnarisk utviklingsarbeid, og som skal samlast i eit nytt bygg (KAMD) på NTNUs framtidige campus.

Kunstnarisk utviklingsarbeid står sentralt hos IMU og er sidestilt med forsking ved NTNU. Sjølv om denne aktiviteten i hovudsak blir knytt opp mot utøvande musikk, er det også eit sterkt miljø for kunstnarisk utviklingsarbeid og kunstnarisk forsking på musikkteknologi. Stipendiatane våre innan kunstnarisk utviklingsarbeid er teke opp på eit tverrkunstnarisk og tverrfakultært program som er eit samarbeid mellom fakulteta for høvesvis humaniora og arkitektur og design.

Kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking ved IMU blir synleggjort i form av vitskaplege publikasjonar i tidsskrift og antologiar, konsertar og plateutgivingar, og dessutan bidrag på konferansar i både inn- og utland. IMU er også involvert i pedagogisk forsking, og er ein aktiv deltakar i det tverrfaglege forskingsnettverket "Musikkpedagogikk i utvikling", eit samarbeid mellom Nord universitet, Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærarutdanning (DMMH) og Institutt for lærarutdanning og Institutt for musikk ved NTNU.

Ved Institutt for musikk er vi omlag 80 forskarar og utøvande kunstnarar, under dette fast tilsette, emeriti og mellombelse eller gjesteforskarar. Forskinga vår går hovudsakleg føre seg innan fire fagområde og fagmiljø: