Til deg som er veileder
Ressursar for ansatte ved NTNU
Kven er vi?
NTNU Karriere er den sentrale karrieretenesta ved NTNU. Vi tilbyr nettressursar for studentar innan karriere, kompetanse og jobbsøking.
NTNU Karriere har ansvar for rettleiing innan kombinasjonen utdanning og toppidrett ved NTNU. For nye studentar som ynskjer tilrettelegging som toppidrettsutøvar, er det obligatorisk med samtale med toppidrettsrettleiar.
Til deg som jobber med rettleiing
Som studierettleiar er det forventa at ein kan svare på enkelte spørsmål frå studentane om karriere. Vi i NTNU Karriere ønskjer å vere ei støtte for studierettleiarane i karrierespørsmål. Denne rettleiaren gir deg nokre tips og råd du kan bruke i samtale med studentar. Her finn du informasjon om ressursar og verktøy du kan bruke i samtalen.
Rettleiaren er basert på kvalitetsrammeverket for karriererettleiing.
Her er eksempel på spørsmål og mogelege svar som kan vere til hjelp:
Kva blir eg?
- Ei utdanning kan føre til fleire ulike typar arbeid. Personlege interesser og eigenskapar, arbeidserfaring og verv spelar også inn.
- Vegen blir til medan du går. Dei fleste finn ut kva dei ønskjer å jobbe med i løpet av studietida. Det er normalt å vere usikker.
- Du kan du lese om ditt studie på nettsidene. Sjekk læringsmåla og jobbmoglegheitene.
- Sjekk kva tidlegare studentar arbeider med. Meld deg inn i alumninettverket.
- Søk etter informasjon og ta eigne val.
Har eg valt rett?
Val av studie kan påverke framtidige val og mogelegheiter. For å finne ut om studenten har valt rett, kan du stille nokre spørsmål for å skape refleksjon. Bruk gjerne spørsmål frå karriereknappane om: Val – tilfeldigheiter, og mogelegheiter – avgrensing.
- Trivs du på studiet, fagleg og sosialt?
- Syns du studiet er interessant, og vil lære meir?
- Opplever du meistring på studiet?
Kva skal eg velje?
For eksempel val av studieretning / fagkombinasjon og liknande.
- Kva engasjerer deg?
Reflekter over eigne interesser, kva slag fag likar du best, korleis lærer du best?
- Kva betyr noko for deg?
For eksempel: tryggleik i jobb, arbeidsoppgåver, kollegaer, løn, m.m.
Det er viktig å vere engasjert og motivert undervegs i studiet også, da vil du trivast betre, og dermed lettare få betre resultat og jobbmoglegheiter.
- Kva slags arbeidsoppgåver høyrast interessante ut?
Les stillingsutlysningar og finn ut kva slags kompetanse som etterspørjast.
Sjekk ut heimesida til interessante bedrifter. Kva driv dei med? Har dei spanande prosjekter på gang?
- Ei utdanning kan føre til mange ulike typar arbeid, det opnar seg ofte langt fleire mogelegheiter enn du trur.
- Å finne informasjon er første steg på vegen til å ta eit studieval. Ver nysgjerrig og undersøk fleire utdanningar. Les nøye om læringsutbytte og jobbmoglegheiter når du skal velje.
- Endringar skjer gjennom livet, og mange vil ta nye karriereval undervegs. Fokuser på dine mogelegheiter, kompetanse og interesser.
I oppsummeringa er det ønskjeleg å oppnå ei gjensidig forståing av samtalen, still gjerne kontrollspørsmål om det opplevast behov for det.
Få bekrefta om studenten ønskjer vidare oppfølging, eller ikkje, og eventuelt av kven.
Ressurser og verktøy
Ressurser:
- KNUS - nettverk for studieveiledere NTNU
- Verktøy for å søke jobb og velge utdanning
- Veilederforum Karriere: Utdanning.no
- Karrieredager ved NTNU
- SSB- Sysselsatte etter bosted, kjønn, alder og næring
- NAVs bedriftsundersøkelse 2025
- Trøndelag i tall - statistikk om utdanning, arbeid og befolkning i Trøndelag
Verktøy:
- Karriereveiledning.no for fagpersoner
- Jobbkompasset: Utdanning.no
- Interessetester: Utdanning.no
- Studievalg
- Kjenn din kompetanse
- Hva skal jeg bli?
- Intervjutrening
- Jobbkartet
Tips og råd til:
Rapporter om karriere
Felles ansvar, felles gevinst – Partssamarbeid for kompetanseutvikling i arbeidslivet
NOU 2025:1
Direktoratet for høyere utdanning og forskning (2024)
Karriererettleiing ved universitet og høgskolar
Utdanning for omstilling -
Økt arbeidslivsrelevans i høyere utdanning
Stortingsmelding 16 (2020-2022)
Evaluering av arbeidslivsrelevans i disiplinutdanninger
NOKUT 2020
Tilfredshet med utdanningen og situasjonen på arbeidsmarkedet blant nyutdannede mastere
NIFU-rapport 2020:24
Fremtidige kompetansebehov III
NOU 2020:2
Fremtidige kompetansebehov II
NOU 2019:2
Fremtidige kompetansebehov I
NOU 2018:2
Arbeidsmarkedssituasjonen 2-3 år etter eksamen:
NIFU: Spesialundersøkelsen 2019
Betydningen av utdanning fra utlandet for tidlig karriere
NIFU-rapport 2019:32
Karriereomgrepet
Karriere kan forbindast med jobb eller “å gjere karriere” som i tydinga opp og fram i arbeidslivet. Men karriere er mykje meir enn det! Det inneber kva ein lærer gjennom heile livet og dei vala ein tek undervegs. Karriere er den enkelte sitt utdanningsforløp og arbeidsliv, og kva karriera skal innehalde bestem den enkelte sjølv.
Karriere er:
- å tenkje gjennom kva ein vil
- å ta eit utdanningsval
- å kunne skifte retning
- å trives med det ein gjer
Kvalitet i karriererettleiing
Kompetanse Norge har utarbeida Nasjonalt Kvalitetsrammeverk for karriererettleiing.
Kva seier tidlegare NTNU-studenter?
NTNUs kandidatundersøking har tusenvis av tidlegare studentar gitt si vurdering av eiga utdanning og korleis dei har opplevd overgangen til arbeidslivet. Her kan du mellom anna finne svar på:
- er kandidatane våre nøgde med utdanninga si?
- kvar finn dei jobb etter utdanninga?
- korleis opplever dei overgangen til arbeidslivet?
- har utdanninga gjort dei kvalifiserte og attraktive i arbeidslivet?
Sjekk nettportalen for å sjå kva tidlegare studentar frå kvart studieprogram meiner.
Kontakt NTNU Karriere
Send en e-post til karriere@ntnu.no