Pårørende i litteratur og kunst

Pårørende i litteratur og kunst

Forskingsgruppa utforskar framstillingar av pårørande i ulike medium, med vekt på litteratur og kunst. Vi er interesserte i å undersøkje kva for innsikter litteratur og kunst kan gje oss i problemstillingar knytte til helse, omsorg og fellesskap, og i kva eit pårørandeperspektiv på litteratur og kunst kan synleggjere om desse temaa.

Ordet ‘pårørande’ kjem frå dansk og viser til ein «person som tilhøyrer nokon sin næraste familie eller på annan måte står denne nær (særleg brukt i samband med sjukdom, ulukke eller død)». Det er ein grunnleggjande relasjonell og situasjonsbestemt identitet, som ikkje er bestemt av ein eigenskap eller tilstand som pregar den pårørande sjølv, men i staden av å vere nær ein annan som lir eller døyr. Omgrepet er interessant fordi det ikkje berre viser til ei omsorgsrolle eller ein slektskap (som dei engelske termane next of kin / caregiver og dei franske soignant.e/aidant.e), men også til at dette verkar inn på ein. Kompleksiteten i pårøranderolla, og dei kulturelle og sosiale forventingane knytte til ho, gjer rolla til eit interessant utgangspunkt for humanistisk forsking. Korleis relaterer til dømes denne rolla seg til pasientrolla, og korleis tek «pårørandelitteraturen» omsyn til etablerte sjangrar, strøymingar og forskingsfelt som patografien, sjukdomslitteraturen og narrativ/grafisk medisin?

Vi arbeider særleg med litterære tekstar (inkludert sakprosa, barne- og ungdomslitteratur og teikneseriar), men er også interesserte i film, biletkunst og andre medium og kunstformer.

Forskingsgruppa tek utgangspunkt i litteraturvitskap, men arbeider tverrfagleg og går i dialog med forskingsfelt som kulturstudiar, omsorgsetikk, narrativ medisin, grafisk medisin, humanistisk helseforsking (Health/Medical Humanitites) og utdanningsforsking. 

Gruppen er tilknytta prosjektet Pårørenderollen og litteratur som remedium.