Forsking ved Institutt for språk og litteratur

Forsking ved Institutt for språk og litteratur

Forskinga ved instituttet spenner over eit breitt spekter av emne innanfor områda språk, litteratur, kultur og kommunikasjon.

Språkforskinga omfattar mellom anna syntaks, morfologi, fonetikk og fonologi, semantikk og pragmatikk, sosiolingvistikk og omsetjing, dialektar, språkutvikling, andrespråksinnlæring, språkvanskar og språkskadar samt forsking på teikna språk og tolking.

Dei tilsette innanfor litteraturstudium er spesialistar på nordisk, tysk, fransk, engelsk og spanskspråkleg litteratur i tillegg til allmenn litteraturvitskap. Forskinga tek for seg ei lang rekkje emne frå ulike epokar, frå tidleg moderne tid til notid.

Innan kulturstudium fokuserer forskinga på dei politiske og populære kulturane til fransk-, spansk-, tysk- og engelskspråklege land verda over, og forskarar nyttar perspektiv som affektteori, erindringsteori, idéhistorie, postkoloniale studium, politisk historie og mediestudium.

Kommunikasjonsforskinga har ei tverrfagleg, problembasert tilnærming til studiet av munnlege og skriftlege kommunikative praksisar og blir utført ved Senter for faglig kommunikasjon (SEKOM).

 


Bilde språkforsking

Språkforskning


Prosjekt

Prosjekt

Publikasjonar

Forskning Bilde nettbasert språklæring

Nettbasert språklæring


Mini calevent portlet

Det skjer ved ISL