Den uægde lodning
- Studium
-
Forsking
- Histories of Refugeedom in the Nordic Countries
- Global Europe Research Group
- Democratize
- Den uægde lodning
- Global-Colonial Research Group (GCRG)
- MIMOSA - Migrasjon og mobilitet i Skandinavia
- The Classical Ages
- MuSaDel
- Museologi og museumsforsking
- Politisk- og kulturhistorie
- Grey Zones of the Occupation
- Galskapens fengsel
- Fra ideologi til politikk
- På sporet av tapte hjem: Restitusjon av norsk-jødisk eiendom 1945-1955
- EXLEGACY - Eksplosiv arv
- Doktorgradsutdanning
- Utdanningsprosjekt
- Publikasjonar
- Nyhende
- Tilsette
- Leiing, organisering og medverknad
- Kontaktinformasjon
Den uægde lodning
Den uægde lodning
Utgangspunktet for etableringa av forskargruppa var eit ønskje om å undersøkje dei politiske, økonomiske og sosiale konsekvensane som følgde i kjølvatnet av endra økonomiske, demografiske og miljømessige føresetnader i seinmiddelalderen.
Seinmiddelalderen har tradisjonelt blitt framstilt som ei krisetid, der rikselitane i liten grad – i motsetnad til resten av folket – var i stand til å møte utfordringane som den demografiske nedgangen og dei endra økonomiske grunnvilkåra førte med seg.
Dette har blitt knytt til politisk avmakt, ofte samla under omgrepet «Noregs nedgang». Denne forståinga av det norske samfunnet i seinmiddelalderen har blitt formidla konsistent gjennom oversiktsverk, skulebøker og populærhistorie i fleire generasjonar. Nyare forsking har likevel nyansert dette biletet.
I tråd med ein internasjonal trend der seinmiddelalderen blir vurdert som ein viktig og «normal» historisk periode, undersøkjer forskargruppa samspelet mellom den politiske sfæren på den eine sida og økonomiske og sosiale forhold på den andre. Forholdet mellom ressursar, teknologi og samfunn er òg ein del av den «nye» forskinga på seinmiddelalderen.
Målet med forskargruppa er å utvikle prosjekt der vi undersøkjer korleis den norske eliten tilpassa seg endra økonomiske, demografiske og miljømessige føresetnader i perioden ca. 1350–1650.
Elitens forhold til resten av befolkninga vil stå sentralt i forskinga. Vi ser ikkje berre på motsetningar, men óg på koplingar – eller samarbeid – mellom representantar for ulike samfunnsgrupper, både gjennom politisk-administrative og meir personlege band, kvinner så vel som menn, og den samiske befolkninga så vel som den norske.
For meir informasjon, ta kontakt med Randi B. Wærdahl via epost eller på telefon.