På sporet av tapte heimar: Restitusjon etter Holocaust i Noreg

På sporet av tapte heimar: Restitusjon etter Holocaust i Noreg

På sporet av tapte heimar: Restitusjonen av norsk-jødisk eigedom 1945–1955

Køysenger inni synagogen. Foto
Foto: Schrøder/ Jødisk museum, Trondheim

Om restitusjonen og prosjektet

Etter Holocaust byrja overlevande norske jødar å byggje opp att liva sine. Som ein del av folkemordsprosessen for å utslette alt jødisk liv i Noreg, var alt dei eigde blitt beslaglagt. Etter frigjeringa vende overlevande seg til restitusjonssystemet som var oppretta av den norske staten for å tilbakeføre og erstatte krigsskadd eigedom.

I doktorgradsavhandlinga mi har eg forska på dei overlevande sine opplevingar med å søkje restitusjon, og dessutan på korleis dei vart behandla av den norske staten i denne prosessen. I prosjektet har eg undersøkt restitusjon til kvar einaste person i den norsk-jødiske minoriteten – om lag 2 400 personar. Eg har særs fokus på den større menneskelege tydinga av restitusjon – korleis eigedomen var knytt til kjensler, heimar og liva som gjekk tapt i Holocaust. Eg disputerte med avhandlinga i november 2025 og er no i gang med å skrive om avhandlinga til ei bok.

Informasjon om behandling av personopplysningar 

Som ein del av prosjektet har eg laga ein database der eg har registrert informasjon om alle personar i norsk-jødiske familiar på 1940-talet. Som personlege historier blir desse dataa behandla med den største varsemda, både i lagringa og i formidlinga av funna. Både databasen og kjeldene er lagra på krypterte og passordverna harddiskar (lagringseiningar) som berre eg har tilgang til. Alle personar blir anonymiserte i forskingsformidlinga. Behandlinga av personopplysningar i prosjektet har gjennomgått ei vurdering i Sikt for å sikre forsvarleg behandling av dataa.

Personar som er registrerte i databasen har ei rekkje rettar til opplysningane eg har registrert om dei, slik det er nedfelt i GDPR. Dei har mellom anna rett til innsyn i registrerte opplysningar om seg sjølve, rett til å korrigere opplysningar om seg sjølve og rett til å slette opplysningar om seg sjølve. Dersom du ønskjer meir informasjon om behandlinga av dine personopplysningar eller ønskjer å utøve desse rettane, kan du ta kontakt med meg på  elise.b.berggren@ntnu.no.