Fra ideologi til politikk
Frå ideologi til politikk: Tysk okkupasjon av samisk kvardagsliv 1940-1945

Foto: SA-kuva
Andre verdskrigen bestod ikkje berre i krigføring mellom verdas ulike nasjonar – millionar av menneske vart på individuell basis råka av krigen på forskjellige måtar. Menneske både tok på seg og vart påtvinga roller som okkupantar og okkuperte.
I Noreg tok dette form i den tyske okkupasjonen av landet i åra 1940–1945, der alle kvardagens aspekt vart endra på grunnleggjande vis. Invasjonen og okkupasjonen av landet førte med seg konsekvensar i form av lover, tvang og terror, men også av endra politiske, sosiale og økonomiske forhold, der Noreg var tilskrive ei sentral stilling i dei nasjonalsosialistiske planane om ein ny verdsorden.
I møtet med Noreg møtte den tyske vernemaktens soldatar ofte for første gong ein natur og ei befolkning som lenge hadde hatt ein framståande posisjon i den tyske førestillinga om det nordlege. Området og menneska var ofte tilskrive ei framandheit og eventyrlegheit, skilt frå europeisk liv og kultur. Ein relativt uutforska del av dette møtet er forholdet mellom den tyske okkupasjonsmakta og den samiske befolkninga i Noreg og på Nordkalotten.
I mitt prosjekt undersøkjer eg ulike aspekt av dette møtet, der eg mellom anna ser nærare på nasjonalsosialistenes haldning til det samiske innanfor rammene av nasjonalsosialistisk ideologi, enkeltsoldatane sitt møte med det samiske, samt dei ulike formene for kontakt mellom samiske samfunn og okkupasjonsmakta i krigens fem år, framprovosert av den nye okkupasjonskvardagen.
Om du har spørsmål om prosjektet eller om du sit på historier, fotografi og andre forteljingar som du meiner bør sjåast på i lys av dette prosjektet, ta gjerne kontakt med andreas.e.grini@ntnu.no