Institutt for historiske fag (IHF) underviser, forskar og formidlar innan arkeologi, europastudiar, historie, klassiske fag og kulturminneforvaltning. Dei ulike fagområda dekker emne frå mennesket sitt opphav til vår eiga tid.
Instituttet tilbyr studieprogram og enkeltemne på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. I samarbeid med Forsvarets høgskule tilbyr vi òg eit masterprogram i krig og samfunn.
Vi har eit aktivt forskingsmiljø, og studentar og tilsette samarbeider om å utvikle undervisning, forsking og formidling av høg kvalitet.