Om oss - RKBU
Om oss

Regionalt kunnskapssenter for barn og unge - Psykisk helse og barnevern er eit forskings- og utviklingssenter med fokus på utfordringar knytt til den psykiske helsa til barn og unge. Gjennom tverrfagleg og praksisrelevant forsking og kunnskapsdeling bidreg RKBU MIdt-Noreg me til auka kvalitet i omsorg og tenester for barn og unge.
Me arbeider for å utvikla og formidla kunnskap i våre fagområde og styrkja berekraftig kompetanse og kvalitet i tenestene for barn, unge og deira omsorgspersonar. Kjerneoppgåvene ved senteret er tenestestøtte, formidling, undervisning og forsking.
Hovudmålgruppa vår er tenesteutøvarar, leiarar og avgjerdstakarar i kommunale og spesialiserte helse-, velferds- og omsorgstenester. I målgruppa er også aktørar i fritidsarenaer og frivillige organisasjonar. Me ønskjer å styrkja desse målgruppene gjennom formidling og tenestestøtte. Tilsette i tenestene er studentane våre og deltakarar i forskingsarbeid.
RKBU Midt-Noreg grunnfinansierast av Helsedirektoratet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Rammer og retningslinjer for RKBUs oppgåver og virksomheit er gitt i årleg tilskotsbrev frå direktoratet.
Regionalt kunnskapssenter for barn og unge - psykisk helse og barnevern (RKBU) i Midt-Noreg er del av NTNU og Institutt for psykisk helse ved Fakultet for medisin og helsevitskap. Ved senteret er me omlag 65 tilsette.
Samarbeid
Regionale senter
Dei fire regionsentra i Noreg bidreg til kunnskap om barn og unges psykiske helse og omsorg gjennom forsking og utvikling.
Forskinga byggjer på eigen kompetanse, men større oppgåver blir gjennomførte i samarbeid mellom regionssentera. I forskingsverksemda inngår rekruttering og rettleiing av doktorgradsstipendiatar. Sentera rår over høg kompetanse i psykiatri, psykologi, sosialt arbeid, pedagogikk og andre helse- og samfunnsvitskaplege fag. Forskingsverksemda skjer i samarbeid med praksisfeltet, både ved at forskinga tilfører praksisfeltet oppdatert kunnskap, og ved at praksisfeltet klargjer kliniske, metodiske eller organisatoriske problemstillingar til forskinga.
Kompetansemiljø
Kompetansesentra i Midt-Noreg utvekslar kunnskap og erfaringar om psykisk helse, rus, vald, traumar, barnevern og utviklingshemming for å samordne kunnskapsformidling på ein god måte til våre felles målgrupper.
- Kompetansesenter for rusfeltet i Midt-Norge (KORUS midt), St. Olavs hospital
- Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming (NAKU), NTNU
- Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA)
- Regionalt kunnskapssenter for barn og unge – Psykisk helse og barnevern (RKBU Midt-Norge), NTNU
- Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS Midt), St. Olavs hospital
Kontakt
Adresse
NTNU, Institutt for psykisk helse, RKBU, 7491 Trondheim
Besøksadresse
Campus Øya | Klostergata 46, 3. etasje
