MuSaDel
- Studier
-
Forsking
- Tyske domstoler under okkupasjonen
- Kino i Norden
- Galskapens fengsel
- Grey Zones of the Occupation: Czechoslovaks in German uniform and Norwegian society during WW II
- Histories of Refugeedom in the Nordic Countries
- Global Europe Research Group
- Den uægte lodning
- Global-Colonial Research Group (GCRG)
- MIMOSA - Migrasjon og mobilitet i Skandinavia
- The Classical Ages
- MuSaDel
- Frå ideologi til politikk
- Museologi og museumsforskning
- På sporet av tapte heimar
- Democratize
- Politisk- og kulturhistorie
- Tilsette
- Utdanningsprosjekt
- Publikasjonar
- Nyheiter
- Leiing, organisering og medverknad
- Doktorgradsutdanning
MuSaDel
MuSaDel
MuSaDel
Om prosjektet
Om prosjektet
Musea endrar seg i takt med samfunnet, slik som andre kulturarvsinstitusjonar. Endra samfunnsstrukturar, kunnskapsregime og deltakingkulturar utfordrar etablerte forståingar av kva eit museum er, og korleis museumsansatte arbeider. Det er avgjerande at universitetsstudentar som ønskjer seg ein karriere i sektoren, får tilgang til forskingsbasert og praksisnær undervisning som førebur dei på å utvikle framtidas museum og museumspraksis. Samtidig har museumsansatte behov for etter- og vidareutdanning som hjelper dei med å fornye kompetansen sin gjennom heile arbeidslivet.
Prosjektet møter desse utfordringane ved å starte ein kontinuerleg dialog mellom utdanningssektoren og museumssektoren om relevant utdanning, og ved å utvikle eit konkret undervisningstilbod. I MuSaDel kartlegg vi kva erfaringar studentar gjer seg i overgangen frå studiar til arbeidsliv, og kva kunnskaps- og kompetansebehov sektoren meiner er viktige i dag og vil bli viktige i framtida. Kartlegginga fungerte i 2023 som ein samtalestartar mellom utdannings- og museumssektoren under Seminar om utdanningssamarbeid. Dialogen held fram i årlege seminar som møteplass for undervisarar, forskarar og studentar frå UH-sektoren og museumsfeltet.
Med utgangspunkt i at den same utdanninga kan vere grunnutdanning for nokre og etter- og vidareutdanning for andre, utviklar prosjektet parallelt eit undervisningstilbod i tett dialog mellom Museene Arven og studentar og undervisarar frå NTNU. Emnet blir gjennomført to gonger i løpet av prosjektperioden. Emneevaluering og forsking på deltakarane sine opplevingar blir aktivt brukt til vidareutvikling av emnet, og dannar samtidig grunnlag for læringsforsking. Forskinga fokuserer på kva som skjer når formell utdanning og livslang læring møtest i læringssituasjonar der studentar og museumsansatte lærer saman. Ein artikkel med resultat frå denne forskinga markerer avslutninga på prosjektet, medan undervisning i emnet Museum, samfunn, deltaking og seminar eller annan nettverksaktivitet held fram etter prosjektperioden.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Museene Arven, og er støtta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) gjennom programmet Auka arbeidsrelevans i høgare utdanning.
Prosjektteamet består av prosjektleiar Insa Müller (NTNU og Museene Arven), vitskapleg assistent Ingrid Elise Fostervold (NTNU), fagsjef Hanna Mellemsether (Museene Arven), fagsjef forvaltning Bodil Østerås (Museene Arven), fagsjef formidling Gunhild Rikstad (Museene Arven) og førsteamanuensis Mattias Bäckström (NTNU).
Ei lokal og ei utvida referansegruppe med representantar frå fleire museum og utdanningsinstitusjonar støttar prosjektteamet i arbeidet.
I tillegg til rapportane blir prosjektresultata formidla i ulike relevante fagmiljø. Medlemmer av prosjektteamet var på studiereise til Umeå i mars 2023, der prosjektleiar heldt innlegg på Högre seminarium i Museologi ved Institutionen för kultur- och medievetenskaper ved Umeå universitet, etterfølgd av erfaringsutveksling og fagleg samtale. Prosjektet deltok òg på Forskerforbundet sitt sektorseminar for arkiv, bibliotek og museum i Oslo i juni 2023, med innlegg om prosjektet si seminarverksemd og kompetanseutvikling i museumssektoren.
Seminar om etter- og vidareutdanning for museumssektoren 5-6. oktober 2023
Seminar om etter- og vidareutdanning for museumssektoren 5-6. oktober 2023
Seminar om utdanningssamarbeid 29-30.09.2022
Seminar om utdanningssamarbeid 29-30.09.2022
Utvikling av undervisningstilbod
Utvikling av undervisningstilbod
Masteremnet KULMI3215 Museologi og kulturarvspedagogikk er i MuSaDel-prosjektet inne i ein utviklingsprosess for å i aukande grad tilpasse innhaldet i emnet til kompetansekrava i arbeidslivet. Utviklinga byggjer på ei kartlegging av kompetansebehov og innsikter frå Seminar om utdanningssamarbeid i Museums-Noreg hausten 2022. Emnet tematiserer læring og deltaking som både mål og metode i musea. Ved å samle masterstudentar (KULMI3215) og museumsansatte som tek emnet som vidareutdanning (KULMI6215) i læringssituasjonar knytte til ei konkret utfordring, legg emnet til rette for at deltakarar med ulik bakgrunn, kunnskap og kompetanse lærer med, til og frå kvarandre.
Våren 2023
I starten av semesteret fekk studentane presentert ein case: I kjølvatnet av Skeivt kulturår 2022 ønskjer Egge Museum å utvikle eit museumsprosjekt i samarbeid med likestillingsorganisasjonen Rød Tråd. For å kunne gjennomføre prosjektet ønskjer museet å søkje støtte frå Kulturdirektoratet si utlysing Deltakande museumsprosjekt som bidreg til auka mangfald i musea. Studentane si oppgåve var å utvikle ein prosjektidé og seinare skrive ein søknad til denne utlysinga.
I veke 10 vart undervisninga gjennomført som eit intensivkurs ved Egge Museum i Steinkjer. Museet stilte lokale og infrastruktur til disposisjon, og studentane budde saman på ein gard i nærleiken av museet gjennom heile veka.
Veka starta med ein workshop i regi av Kvinnemuseet og Kvinnenettverket med tema Kjønnsrepresentasjon i museet. I lag med rundt 20 tilsette frå Musea Arven høyrde studentane på føredrag, diskuterte kjønnsrepresentasjonar i musea og analyserte utstillinga «Traktor». Gjennom deltaking i eit kompetansehevande tiltak for museumsansatte fekk masterstudentane direkte innsyn i, og moglegheit til å delta i, pågåande faglege diskusjonar i sektoren.
Under intensivveka fekk studentane bruke kunnskap frå pensumlitteraturen og eigne erfaringar, og dei høyrde på føredrag frå universitetslærarar, fag-, formidlings- og forvaltingsansvarlege i Musea Arven. Dei deltok i workshop om læring i musea i regi av NCK og hadde «speed date» med ein representant frå Rød Tråd. Med hjelp frå alle desse ressursane utvikla dei prosjektidear for deltakande museumsprosjekt. Veka vart avslutta med at studentane presenterte prosjektideane sine for medstudentar og eit fagpanel beståande av emneansvarleg, vitskapleg assistent og fagpersonar frå Musea Arven, som gav tilbakemeldingar og innspel til vidare utvikling av prosjektbeskrivinga og søknaden.

Hausten 2023
I etterkant har to av studentane på emnet, Camilla Gresseth Haugen og Maja Frønes, skrive ein kronikk i tidsskriftet Museum om deira oppleving av emnet: Lovetass å skape mangfold både i museet og i utdanningen.
Onsdag 22. november 2023 opna utstillinga Mangfald i landbruket på Egge Museum i Steinkjer, som er eit resultat av samarbeidet i undervisninga i emna KULMI3215 og KULMI6215.
Med utgangspunkt i spørsmålet: Korleis kan den frivillige organisasjonen Rød Tråd og landbruksmuseet Egge Museum samarbeide på måtar som bidreg til auka mangfald i lokalsamfunnet? skreiv studentar og museumsansatte fleire prosjektbeskrivingar som dei leverte som eksamensoppgåver. Samstundes fekk Egge Museum høve til å velje ut og vidareutvikle forslag frå studentane. Nokre av studentane utvikla prosjektidear knytte til ei oppdatering av basisutstillinga Traktor, med fokus på mangfald. Ei realisering av studentane sine idear er Lovetass – ein tradisjonell Gråtass-traktor måla i regnbogens fargar. Lovetass var museet sitt bidrag til Pride-feiringa i Steinkjer 2023. I dag står Lovetassen saman med historiske traktormodellar i museet si basisutstilling Traktor.
Ei anna oppdatering som byggjer på studentane sine prosjektidear, er portrettutstillinga "Mangfold i norsk landbruk", som opna 22.11.23. På introduksjonsplakaten står det:
«Norsk landbruk er prega av både tradisjon og innovasjon. Vi bur i eit langstrakt land med stor klimamessig og topografisk variasjon. Vi har landbruk på fjelltoppar, i rolege dalstrøk, på flate innland og i arktiske kystområde. Slike forhold skaper kreative bønder. Innafor rammene av naturressursane finst det ei stor variasjon av driftsmetodar og eit stort mangfald av menneske. Portrettfotografia viser oss noko av mangfaldet blant dagens bønder i Steinkjer. Mangfaldet i landbruket handlar om alder, kjønn, tradisjon, produksjon og arbeidsmetodar. Det handlar òg om samhandling og brot med det tradisjonelle.»
Portrettfotografia vart tekne av fotografen Janne Amalie Svit. Kulmi-studentar var til stades under opninga av utstillinga og bidrog med ei kort presentasjon.

2024
Våren 2024 vart emnene KULMI3215 Deltakelse og læring i museer og KULMI6215 Deltakelse og læring i museer gjennomført på nytt. Med erfaringane frå førre gjennomkøyring, nokre endringar og dobbelt så mange studentar som året før, reiste vi denne gongen til lokalmuseet Stjørdal Museum Værnes i Stjørdal. Med utgangspunkt i aktuelle utlysingar for prosjekt i museumssektoren – Funksjonshemma si historie og kulturarv frå Kulturrådet og Tilgjengelege museum frå Kulturdirektoratet – fekk studentane i oppgåve å utvikle prosjektidear for museet som svar på ei av utlysingane.
Undervisninga og pensum vart denne gongen tilpassa utlysingane, og handla om deltaking, læring, tilgjenge og public history. Før intensivveka arbeidde studentane i grupper med pensum og gruppeoppgåver. I starten av intensivveka fekk dei ei introduksjon til Stjørdal Museum Værnes, Museene Arven og ulike deltakarprosjekt musea i organisasjonen har gjennomført tidlegare. I løpet av veka besøkte studentane Døvemuseet i Trondheim, som er utvikla med utgangspunkt i deltakarbasert museumspraksis og tilgjenge. Resten av veka vart tilbrakt på Stjørdal. Gjennom variert undervisningsaktivitet arbeidde studentane og museumsansatte med læring i museet, deltaking og tilgjenge. Dei utvikla prosjektidear i grupper, og på slutten av veka presenterte dei ein pitch for dei tilsette ved museet og undervisarane.
Med tilbakemeldingar frå presentasjonen arbeidde studentane vidare med prosjektideane og utvikla dei til ein prosjektsøknad som vart levert som eksamen.
Emna er no inne i ein evalueringsfase

Auka arbeidslivsrelevans i museumsrelevante utdanningar, 3.-4. oktober 2024 i Trondheim
Auka arbeidslivsrelevans i museumsrelevante utdanningar, 3.-4. oktober 2024 i Trondheim

MuSaDel-seminar 3 «Økt arbeidslivsrelevans i museumsrelevante utdanninger» vart arrangert i Trondheim 3.–4. oktober 2024, med rundt 70 deltakarar frå museums- og universitetssektoren. Denne gongen utgjorde studentar i museumsrelevante utdanningar ved NTNU, UiB og UiO den største deltakargruppa.
Programmet for seminaret var inspirert av teorien om praksisfellesskap. Innleiarar med ulike roller i museums- og UH-sektoren presenterte og diskuterte aktuelle tema og prosjekt, og formidla slik til deltakarane kva som engasjerer musea i Noreg i dag. Det faglege spennvidda gjekk frå sørsamisk historie i fotosamlingar, via digitalisering av eldre handskrivne kjelder, til musea sitt arbeid med immateriell kulturarv og publikumsundersøkingar i utstillingar. I tillegg presenterte redaktørane Ellen Lange tidsskriftet Museum og Kristina Skåden Norsk Museumstidsskrift som opne kanalar for å halde seg oppdatert.
Dag to var vigd diskusjonar om praksis som del av utdanninga. Med deltakarane sine ulike utgangspunkt som alumni, universitetsundervisarar eller representantar for museum som tek imot praksisstudentar, vart formål og erfaringar med praksis belyst frå fleire perspektiv. Vi brukte òg tid på å diskutere korleis vi kan auke utbyttet av møta mellom studentar og arbeidslivet gjennom praksisopphald som gagnar alle involverte.
Vi vil gjerne takke innleiarar og deltakarar for aktiv deltaking, gode diskusjonar og god stemning under seminaret. Etter to inspirerande dagar går vi no inn i innspurten av MuSaDel-prosjektet, som blir avslutta i desember 2024.
Program (Endringar kan førekomme)
Torsdag 3.10 – Arkitekt Christies gate 2, Auditorium A120
12.00–13.00: Lunsj
13.00–13.45: Velkomen og introduksjon til seminaret. Auka arbeidslivsrelevans, praksisfellesskap og læring (Insa Müller, NTNU og Museene Arven)
13.45–14.30: Arbeid med samisk språk og kultur i ikkje-samiske museum
Aud Åse Reitan og Svein Ole Granefjell (Levanger Fotomuseum, Museene Arven)
14.30–14.45: Pause med matbit
14.45–15.35: Matnyttig kunnskap: bruk av digitale transkriberingsverktøy på Christine Storm Munchs kokebok
Therese Foldvik (UiO)
15.35–16.30: Korleis halde seg oppdatert på det som skjer i museumsfeltet? Tidsskrift for museumssektoren
Ellen Lange (redaktør Museum) og Kristina Skåden (ansvarleg redaktør Norsk Museumstidsskrift)
16.30–17.00: Spørsmål og utsjekk
17.30: MuSaDel inviterer deltakarane til middag
Fredag 4.10 – Campus Kalvskinnet, Akrinn, Rom L401
08.00–08.30: Kaffe og noko å bite i
08.30–08.45: Velkomen tilbake
08.45–09.30: Musea sitt arbeid med immateriell kulturarv
Anne Kristin Moe (Nordfjord Folkemuseum, MiSF og fagseksjon for immateriell kulturarv i Norges museumsforbund)
09.30–10.15: Museum og besøkande. Praksisfellesskap som profesjonelt læringsfellesskap ved Nasjonalmuseet
Dimitra Christidou (Nasjonalmuseet)
10.15–10.30: Pause med noko å bite i
10.30–11.40: Praksis og andre møte mellom utdanning og praksisfeltet
– Sett frå alumnar: Torgil H. Pålsrud (Hallingdal Museum, Buskerudmuseene) og Trine Anette Fostervold (Museet Kystens Arv, MiST)
– Sett frå museum: Kristina Skåden (Lillehammer Museum, Maihaugen) og Bodil Østerås (Museene Arven)
– Sett frå utdanningsinstitusjonar: Mattias Bäckström (BA og MA Kulturminneforvaltning, IHK, NTNU), Guro Jørgensen (BA Arkiv, Museum og dokumentasjonsforvaltning, ILU, NTNU), Torgeir Rinke Bangstad (BA og MA kulturvitskap, IAHKR, UiB)
11.40–12.15: Gruppediskusjonar: Praksis på museum
12.15–12.45: Plenum
12.45–13.15: Avslutning. MuSaDel inviterer til lunsj
Seminaret er gratis og ope for alle. I år oppmodar vi spesielt studentar i museumsrelevante studium, museumsansatte og tilsette ved universitet og høgskular til å delta. MuSaDel inviterer til middag dag 1 og lunsj begge dagar. Deltakarar betaler sjølv for reise og overnatting. Maksimalt deltakarantal er 50.
Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med Insa Müller eller Ingrid Elise Fostervold.