Galskapens fengsel - Institutt for moderne samfunnshistorie
Galskapens fengsel

Fagleg fokus
Prosjektet Galskapens fengsel studerer utilreknelegheitens historie i Noreg i perioden 1800-2020. Fagleg fokus er på samanhengen mellom sinnssjukdom og kriminalitet. Institusjonelt er arkiva etter dei to norske sikkerheitspsykiatriske institusjonane i perioden 1895-1987, Kriminalasylet og Reitgjerdet sjukehus, det empiriske fundamentet i prosjektet. Denne forma for psykiatri blir i dag kalla sikkerheitspsykiatri.
Nokre av spørsmåla som har blitt studert er:
- Korleis har samfunnet dei siste to hundre åra forstått utilreknelegheit og farlegheit.
- Korleis og i kva omfang har tvang og tvangsmiddel blitt brukt i sikkerheitspsykiatrien.
- Korleis blei institusjonane drivne og forstått av samfunnet.
- Korleis har seksualforbrytarar forstått sin eigen mannlegheit.
- Kvifor var det ingen kvinner i dei sikkerheitspsykiatriske institusjonane, og kvar blei dei farlege kvinnene internerte?
- Kvinnebevegelsens syn på seksualforbrytarar.
- Legane og pleiarane sine forståingar av eige arbeid.
- Forholdet mellom ulike faggrupper i behandlinga av utilreknelege forbrytarar (legar, juristar, teologar m.fl.)
- Korleis har kriteriene for innleggelse i sikkerheitspsykiatrien endra seg dei siste 150 åra.
Samarbeid
Prosjektet har eit stort nasjonalt og internasjonalt nettverk. Vi deltek i internasjonale nettverk og konferansar om psykiatrihistorie, og tverrfaglege nettverk om bruk av tvang i psykiatrien.
Organisering
Prosjektet består av ei paraply av enkeltprosjekt med eigen finansiering. Det er uteksaminert fire Ph.d.-kandidatar frå prosjektet og ein disputas er venta i vårsemesteret 2025. Vidare har ein ny stipendiat nettopp byrja.
Det er også uteksaminert om lag førti masterstudentar frå prosjektet.
Justismuseet
I 2015 samarbeidde prosjektet med Justismuseet om produksjonen av museumsutstillinga Galskapens fengsel, som framleis er i drift delvis som stasjonær utstilling og delvis som vandreutstilling.
Publisering
Prosjektet har omfattande nasjonal og internasjonal publisering sidan 2010.