Histories of Refugeedom in the Nordic Countries
Histories of Refugeedom in the Nordic Countries

Prosjekt
Prosjektet set søkjelyset på korleis tvangsforflyttingar har forma Norden. Fleire leiande forskarar utforskar no sider ved historia som lenge har vore oversett.
Prosjektet har eiga nettside (på engelsk): Histories of Refugeedom in the Nordic Countries
Bok
Eit av resultata frå forskingssamarbeidet er fagboka "Forced Migrants in Nordic Histories". Denne boka vann Nordic History Book Award 2025 under historikarmøtet i Reykjavik. Professor Hans Otto Frøland ved NTNU og doktor Vendula Vlková Hingarová har skrive eitt av kapitla. Der undersøker dei tvangsforflyttingane av tsjekkiske menn til arktiske og grisgrendte strøk i Noreg.
Under andre verdskrigen vart om lag 2000 unge menn frå Böhmen og Mähren i noverande Tsjekkia sende til Noreg som tvangsarbeidarar. Områda dei kom frå var på denne tida okkupert av Nazi-Tyskland.
Det dei opplevde då dei kom nordover, og korleis dei seinare vart hugsa, har i stor grad vorte ignorert i Noreg, samstundes som skjebnene deira medvite har vore fortidde i det tidlegare Tsjekkoslovakia.
Tvangsevakuerte i historiske verk
Kapittel 3 viser at tvangsevakuerte fram til 1990-talet fekk lite merksemd i forskinga. Nokre unntak fanst, særleg når det gjaldt minoritetar som jødiske og kareliske flyktningar. Frå 1970-talet auka interessa for desse gruppene, samstundes som fleire røyster utanfor akademia byrja å utfordra det nasjonale glansbiletet som ofte prega historieforteljinga.
Tvangsutskrevne tsjekkere
Kapittel 11 byggjer på tyske arkivdokument, personlege forteljingar frå arbeidarane og intervju med etterkomarane deira. Forskargruppa har undersøkt korleis mennene opplevde og hugsa det som hende. Dei ser òg på korleis minna om dei vart haldne i live i ein historisk samanheng.
Lenker:
Boka er tilgjengeleg som Open Access: Forced Migrants in Nordic Histories
Du kan òg gå direkte til dei kapitla professor Hans Otto Frøland har vore med på å arbeide med:
Kapittel 3: Forced Migrants in Nordic Historiographies
Kapittel 11: Forced labor displacement during the Second World War: Czechs in Norway and their postwar memorisation

Photo: Victoria Martinez