Om oss – Institutt for IKT og realfag
Om oss
Institutt for IKT og realfag ligg i Ålesund på Noregs mest næringsnære campus. Vi tilbyr bachelorstudium innan dataingeniør, systemutvikling med forretningsforståing, og automatisering og intelligente system. Vi tilbyr òg eit masterprogram innan mekatronikk og automatisering og eit eittårig forkurs for ingeniør- og sivilingeniørutdanning.
God kontakt med næringslivet
Den tette kontakten med næringslivet er ein viktig del av både undervisninga og forskinga ved instituttet. Vi samarbeider med aktørar i næringslivet på Sunnmøre og med forskarar nasjonalt og internasjonalt.
Samarbeidet gir studentane våre høve til å arbeide med aktuelle og reelle problemstillingar med relevans for arbeidslivet, samtidig som forskinga vår er tett knytt til utfordringar og moglegheiter i samfunnet og næringslivet.
Operativ leiargruppe
Den operative leiargruppa er eit rådgjevande organ for instituttleiar og bidreg i den operative leiinga av instituttet. Gruppa møtest om lag éin gong i veka.
- Gunn Helen Hellevik, kontorsjef
- Anders Ulstein, nestleiar for utdanning
- Robin Trulssen Bye, nestleiar forsking og programansvarleg, automatisering og intelligente system og mekatronikk og automatisering
Utvida leiargruppe
Utvida leiargruppe er eit rådgjevande organ for instituttleiar i strategiske saker. Gruppa møtest to gonger i semesteret.
Gruppa blir leia av instituttleiar og består av den operative leiargruppa, studieprogramkoordinatorane, realfagskoordinator, representantar for dei tilsette og to instituttillitsvalde studentrepresentantar:
- Arne Styve, studieprogramkoordinator dataingeniør
- Aleksander Skrede, studieprogramkoordinator automasjon
- Arnhild Lunde, realfagskoordinator
- Ben David Normann, fast tilsett i undervisnings- og forskerstilling
- Karoline L .Sandal, fast tilsett i undervisnings- og forskerstilling
- Tuva Magritt Molvær, fast tilsett i teknisk administrativ stilling
- Richard Solheim (instituttillitsvalt)
- Tobias-André Moldvær Hole (instituttillitsvalt)
Andre medverkande organ
Allmøte
Forum for tilsette i undervisnings- og forskerstilling
Kontakt oss
Henvendelser
- kontakt@iir.ntnu.no
Kontorsjef
Besøk oss
Besøks og leveringsadresse
2. etasje i B-blokka,
Larsgårdsvegen 2
Ålesund
Postadresse
Institutt for IKT og realfag,
NTNU i Ålesund,
Postboks 1517,
6025 Ålesund
