Ph.d.-kurs - HF
Ph.d.-kurs ved Det humanistiske fakultetet
Det humanistiske fakultetet arrangerer ei rekkje kurs på doktorgradsnivå. Innhald og tilbod kan variere noko frå år til år. Du finn informasjon om kvart enkelt ph.d.-emne ved Det humanistiske fakultetet på emnesida til NTNU. På det enkelte emnet vil du òg sjå undervisningssemester. Søknadsfrist kan variere.
Søkarar som ikkje har ein aktiv studierett ved NTNU, må søkje om dette før dei kan melde seg opp til ph.d.-emne/forskarstudiar. På nettsidene til Opptakskontoret finn du meir informasjon om opptak til ph.d.-emne og forskarstudiar ved NTNU for eksterne kandidatar. Stipendiatar ved NTNU som skal ta emne som ikkje er del av studieplanen deira, skal også søkje slik det er forklart her.
For ph.d.-emne ved Institutt for tverrfaglege kulturstudiar finn du utfyllande informasjon på instituttet si side om forskarutdanning.
Informasjon om samansetjing av opplæringsdelen finn du på programma sine nettsider: