Strategi 2035 – Fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap
Menneske formar samfunnet

Ved Fakultet for samfunns- og utdanningsvitskap er menneske og samfunn faglege og verdimessige omdreiingspunkt som dannar grunnlag for visjonen vår om kunnskap for eit betre samfunn.
Vi står overfor mange og store samfunnsutfordringar: Utanforskap gir fråfall i skule og arbeidsliv, internasjonal uro, klimaendringar og naturkriser fører til aukande migrasjon, demokratiske verdiar blir svekte, medan kraftfull digital teknologi forårsakar uoversiktlege maktforskyvingar og truar institusjonell tillit, sanning og overlevering av kunnskap.
Desse samfunnsutfordringane møter Fakultet for samfunns- og utdanningsvitskap gjennom å utvikle kunnskap og kompetanse som fremmer kritiske perspektiv, gjensidig forståing, berekraftige løysingar og aktiv samfunnsdeltaking.
Våre tilsette og studentar skal vere uavhengige stemmer som utfordrar etablerte førestillingar om samfunnet og avdekker underliggande maktstrukturar. Vi har eit særleg ansvar for å legge til rette for varige lærings- og danningsprosessar for kvar enkelt og fellesskapet.
SU skal vere internasjonalt leiande på kunnskap som fremmer fellesskap, demokrati og rettferdig omstilling
Fakultet for samfunns- og utdanningsvitskap skal vidareutvikle posisjonen sin som internasjonalt leiande på kunnskap om og løysingar for fellesskap. Mennesket både formar og blir forma av samfunn og kultur, relasjonar til naturen og omverda og raskt veksande digitale verder.
Skulen, offentleg forvalting og helse- og velferdssystemet er tre døme på dei mange formelle og uformelle fellesskapa som bind mennesket i relasjonar og nettverk. Vi skal vidareutvikle forskingsgrupper og studieprogram som er internasjonalt leiande på kjerneoppgåver relaterte til fellesskap, inkludering og sosial berekraft i brei forstand.
Vi forskar fram samfunns- og utdanningsvitskapleg kunnskap i komplekse relasjonar med fenomena vi studerer. Derfor er det særleg viktig for oss å verne om vilkåra for fri meiningsutøving og fri og uavhengig forsking. SU skal vere ei tydeleg stemme i arbeidet med å fremme demokrati og rettferdig omstilling gjennom å sette dagsordenen i ein kunnskapsbasert samfunnsdebatt.
SU har eit særleg ansvar for å ivareta NTNU som breiddeuniversitet. I samarbeid med fagmiljø i og utanfor NTNU bidreg våre studentar og tilsette med kritiske og konstruktive perspektiv på dei komplekse samfunnsutfordringane vi står overfor, både nasjonalt og internasjonalt.
SU skal leie an i utvikling og kritisk forståing av tenester og teknologiar
Fakultet for samfunns- og utdanningsvitskap skal utforske, forstå og bringe fram kunnskap om samanhengane mellom nye tenester og teknologiar og dei menneskelege relasjonane og institusjonane desse inngår i.
SU skal vidareutvikle samarbeid og partnarskap med næringsliv, offentleg og frivillig sektor for å omsette denne kunnskapen til berekraftige løysingar. I dette arbeidet skal vi innta kritiske perspektiv som tek omsyn til forhold som makt, mangfald og etikk, og dermed handle i tråd med visjonen om kunnskap for eit betre samfunn.
Fagmiljøa våre kombinerer samfunnsengasjement med innovasjon og entreprenørskap. Det inneber at vi skal støtte og motivere våre tilsette og studentar til å ta ei aktiv rolle i samfunnsutviklinga gjennom formidling og samfunnsdebatt.
Kompetansen til studentane utgjer kjernen i samfunnsoppdraget vårt. Forskingsbasert utdanning skal gi studentane handlekraft til å bidra til berekraftig omstilling i samfunns- og yrkesliv. Vi skal utvikle studieprogramma våre i tråd med forskingsfront, samfunnsbehov og teknologiutvikling, med grunnlag i eigenarten i faga.
SU skal dyrke nysgjerrigheit, danning og kritisk tenking
Fakultet for samfunns- og utdanningsvitskap skal ha arbeids- og læringsmiljø der mangfald i kompetanse, perspektiv og representasjon blir verdsett og brukt som eit verkemiddel for kvalitetsutvikling.
Leiarar, tilsette og studentar skal saman løfte fram fagleg engasjement og skape ein akademisk kultur prega av kritisk tenking, nysgjerrigheit, mot og meiningsbryting. Ved SU skal studentar og tilsette bli inspirerte til å vidareutvikle talenta og ambisjonane sine.
Utdanningane våre skal vere arbeidslivsrelevante og oppdaterte, og dei skal stille høge krav til fagleg engasjement hos studentane. Studentane våre skal møte undervisarar med høg fagleg kompetanse og pedagogiske ferdigheiter, på læringsarenaer som fremmer studentaktiv læring og utfordrar dei analytiske evnene til studentane.
Ved SU skal vi utvikle arbeidsmåtar og kulturar som ivaretar alle studentar og tilsette på ein god måte. Vi skal ivareta helsefremmande og inkluderande arbeids- og læringsmiljø der samarbeid, kollegial medverknad og open, dialogbasert kommunikasjon er berande element.