Formelt/uformelt leiarskap
Formelt/uformelt leiarskap
Formelt/uformelt leiarskap
Formelt/uformelt leiarskap
Leiarskap er eit aktuelt fokusområde å rette blikket mot, då leiarar kan spele ei stor rolle i mangfaldsarbeidet. Vi skil her mellom leiarar med og utan personalansvar.
Formelt leiaransvar med personalansvar
Leiarar med personalansvar har eit formelt ansvar for å følgje opp arbeidsmiljøet. Samtidig kan det være vanskeleg å vite korleis man skal arbeide med store tema som mangfald og inkludering. Derfor vil vi sei at det å sette fokus på desse tema, sette i gong samtalen, auke bevisstheit og sette mangfald på agendaen; det å prøve, har ein verdi i seg sjølv (Risberg & Corvellec, 2022).
Leiarar kan spele ei rolle i formell forankring av mangfaldsarbeidet. At leiar støtter, skriv om det og snakkar om det og er den som set det på agendaen gir legimitet til dette arbeidet. Dette gjeld også fasilitering av samtalar og gruppediskusjonar med bruk av KARMA verktøya, eller øyremerking av ressursar for tiltak. Om det allereie er satt slik på agendaen er det lettare for andre å ta opp og vil auke bevisstheita i personalgruppa.
Leiar kan:
- Bruke medarbeidarsamtale og sluttsamtale (Sluttsamtale - Kunnskapsbasen - NTNU) til å kartlegge erfaring, opplevingar av tilhøyre osv.
- Bruke KARMA verktøy til å fasilitere diskusjonar om mangfald, inkludering og tilhøyre i sitt arbeidsmiljø
Fagleiing
I akademiske arbeidsmiljø finnast det mange som har leiaransvar utan formelt personalansvar. Desse har samtidig ei viktig rolle som leiarar i kvardagen. Dette inkluderer prosjektleiarar, forskingsgruppeleiarar og rettleiarar er alle rollar som fører til leiarskap i arbeidsmiljøet, gjennom fordeling av oppdrag/arbeidsoppgåver, måten man organiserer og leier møter og seminar på, og korleis man interagerer med folk i gruppa si.
I kartlegginga kan man rette blikket også til:
- Korleis er nettverkskulturen? Er det lett for nykommararar og folk med andre bakgrunnar å komme inn?
- Korleis er sjargongen/ stammespråket i ulike grupper?
- Kven blant leiarar set tonen, korleis forvaltar folk med uformell makt autoriteten sin?
KARMA-logo
