Omskrivingas politikk og poetikk

Omskrivingas politikk og poetikk

Gruppa samlar forskarar med interesse for omskriving og overføring av kulturelle tekstar (litteratur, teater, film), frå eitt språk, ein kulturell kontekst eller ein kunstnarisk form til ein annan. 

Av særleg interesse er dei politiske, ideologiske og poetologiske aspekta ved slike omskrivingar: Kva for kulturelle, institusjonelle og samfunnsmessige føringar, føresetnader og avgrensingar påverkar tekstlege overføringar? 

Dette temaet let seg undersøkje i ei rekkje ulike disiplinar og forskingsfelt, inkludert omsettingsstudiar, adaptasjon- og appropriasjonstudiar, bokhistorie og litteratursosiologi. 

Gruppa er open for forskarar med ulik fagleg bakgrunn, og for studentar og ph.d.-kandidatar som vil arbeide innan feltet.