History Case Hub

Institutt for moderne samfunnshistorie

History Case Hub


History Case Hub

En foreleser viser en presentasjon. Foto
Foto: Ingjerd Veiden Brakstad

Ein bør aldri undervurdere krafta i ei god forteljing. I historiefaget arbeider vi med framstillingar av hendingar i fortida, og ofte i forteljande form. Likevel er det eit stort ubrukt potensial i å bruke caser, avgrensa forteljingar om fortidige hendingar, i historiefagleg undervisning. Case-metoden set studentane i sentrum, og tek sikte på å utvikle deira evne til å analysere og resonnere kring komplekse problemstillingar.

History Case Hub er ein felles plattform for pedagogisk utviklingsarbeid ved Institutt for Moderne Samfunnshistorie. Vi samlar, systematiserer og formidlar om våre erfaringar med case-basert historieundervisning frå ei rekkje emne og prosjekt. Vi gir støtte til prosjektutvikling og rettleiing i utvikling og bruk av case-basert læringsmateriell for dei tilsette på IMS.

Gjennom History Case Hub arbeider vi med å tilpasse case-metoden til bruk i studentaktiv undervisning både i klasserommet og i digitale format. Målgruppa er både historiestudentar og studentar med anna fagbakgrunn som følgjer tverrfaglege emne med ei historiefagleg forankring. Blant emna som blir undervist heilt eller delvis ved hjelp av case-metoden på IMS er:

Vi har utvikla ei rekkje caser til bruk i undervisninga, og dei kan du finne her som open access. Er du ein faglærar som ønskjer tilgang til undervisningsopplegget for dei enkelte casene, må du ta kontakt med oss direkte.

Er du interessert i å vite meir, ta kontakt med Espen Storli eller Mats Ingulstad.

Publikasjonar

Publikasjonar

Mats Ingulstad, Andreas R. D. Sanders og Espen Storli har skrevet en artikkel, hvor de oppsummerer erfaringene med casebasert undersvining så langt. "Historikeren" er medlemsbladet for Den norske Historiske Forening:

En åpen fortid: Erfaringer med casebasert undervisning på NTNU (side 34-39)

Nyheiter

Nyheiter

30.09.2024: Workshop: Espen Storli og Ingrid Solemdal presenterer søknaden om støtte til eit nytt internasjonalt masterprogram (International Master in History, Business and Politics)

01.10.2024: Mats Ingulstad og Andreas Sanders heldt foredraget «Fortidas fag for framtida. Erfaringar med casebasert læring (CBL) i tverrfagleg undervisning og teknologifag» framfor ein fullsett sal under Midtnorske historikarseminar.