History Case Hub
History Case Hub

Ein bør aldri undervurdere krafta i ei god forteljing. I historiefaget arbeider vi med framstillingar av hendingar i fortida, og ofte i forteljande form. Likevel er det eit stort ubrukt potensial i å bruke caser, avgrensa forteljingar om fortidige hendingar, i historiefagleg undervisning. Case-metoden set studentane i sentrum, og tek sikte på å utvikle deira evne til å analysere og resonnere kring komplekse problemstillingar.
History Case Hub er ein felles plattform for pedagogisk utviklingsarbeid ved Institutt for historiske fag. Vi samlar, systematiserer og formidlar om våre erfaringar med case-basert historieundervisning frå ei rekkje emne og prosjekt. Vi gir støtte til prosjektutvikling og rettleiing i utvikling og bruk av case-basert læringsmateriell for dei tilsette på IHF.
Gjennom History Case Hub arbeider vi med å tilpasse case-metoden til bruk i studentaktiv undervisning både i klasserommet og i digitale format. Målgruppa er både historiestudentar og studentar med anna fagbakgrunn som følgjer tverrfaglege emne med ei historiefagleg forankring. Blant emna som blir undervist heilt eller delvis ved hjelp av case-metoden på IHF er:
Vi har utvikla ei rekkje caser til bruk i undervisninga, og dei kan du finne her som open access. Er du ein faglærar som ønskjer tilgang til undervisningsopplegget for dei enkelte casene, må du ta kontakt med oss direkte.
Er du interessert i å vite meir, ta kontakt med Espen Storli eller Mats Ingulstad.
Prosjektmedlemer
-
Even Næss Bergseng Stipendiat
+4797113609 even.n.bergseng@ntnu.no Institutt for historiske fag -
Yoram Carboex Stipendiat
yoram.carboex@ntnu.no Institutt for historiske fag -
Madeleine Dungy Førsteamanuensis
madeleine.dungy@ntnu.no Institutt for historiske fag -
Hans Otto Frøland Professor
73596430 +4799384747 hans.otto.froland@ntnu.no Institutt for historiske fag -
Andreas Eliassen Grini Stipendiat
+4794893162 andreas.e.grini@ntnu.no Institutt for historiske fag -
Simon Fabian Renner Postdoktor
simon.renner@ntnu.no Institutt for historiske fag -
Andreas Dugstad Sanders Forsker
andreas.dugstad@ntnu.no Institutt for historiske fag