Strategi 2035 - Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk

Strategi 2026-2035

Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk

Strategi 2026-2035

Banner i blåtoner

Openheit og samarbeid – samarbeid i ei brytningstid

Openheit og samarbeid – samarbeid i ei brytningstid

Verda er i endring: politisk, samfunnsmessig, økonomisk, klimamessig og teknologisk. Vi opplever at vi er i ei brytningstid.

Vi skal evne å utvikle faga og fagmiljøa våre i tråd med dei mange og store endringane som skjer. I tett samarbeid med samfunnet rundt oss, skal vi fremje kreativitet og bidra til innovasjon og entreprenørskap.

Vi skal vere eit attraktivt akademisk fellesskap med vekt på openheit og samarbeid. Vi skal vere leiande innan fagområda våre og bidra til berekraftig teknologiutvikling og digital livskvalitet.

Vi underviser og utviklar kunnskap og teknologi som endrar kvardagsliv og arbeidsliv. Vi gir viktige bidrag til samfunnet og den enkelte. Fakultetet sine fagområde innan matematikk, digitalisering, elektrisk energi, kybernetikk, cybersikkerheit, datateknologi og elektronikk blir enda viktigare i åra som kjem. Banebrytande teknologiar som kunstig intelligens og kvanteteknologi vil gripe inn i stadig meir av liva våre.

Forskinga og teknologiutviklinga vår har mange bruksområde. Som akademisk fagmiljø er vi ein del av Noregs kunnskapsberedskap. Spørsmål rundt fleirbruksteknologi vil krevje meir av oss dei neste ti åra.

Våre bidrag skal vere:

  • å gjere kvardagen betre for både individ og samfunn
  • å legge til rette for at studentane våre finn styrkane sine og utviklar evnene sine
  • at arbeidslivet får styrkt si konkurransekraft og si evne til omstilling
  • å forstå og formidle kva som er sant og usant i ei ny teknologisk verkelegheit

I ei tid prega av endring blir verdiane våre sette på prøve. Derfor er det viktig med openheit og samarbeid. Vi skal vere modige og tydelege, og bidra til kunnskap for ei betre verd.

Faktaboks

Vi dekker sentrale fagområde innan digitalisering, elektroteknikk og matematikk.

I 2026 utdanner fakultetet 1600 bachelor- og masterkandidatar samt 100 ph.d-kandidatar årleg, og har totalt 8000 studentar.

Fakultetet har campus i Trondheim, Gjøvik og Ålesund og består av sju institutt.

Institutta sine fagområde er datateknologi og informatikk, elektrisk energi, elektroniske system, IKT og realfag, informasjonssikkerheit og kommunikasjonsteknologi, matematiske fag og teknisk kybernetikk.

Vi er også vert for Nasjonalt senter for realfagsrekruttering samt fleire forskingssenter.

Ambisjonar

Ambisjonar

Strategien bygger på dei tre ambisjonane i NTNU 2035 og viser korleis IE bidrar til å realisere dei . Ambisjonane er knytt til fagleg kvalitet, til studiestad og rollen som arbeidsgjevar og til korleis teknologifag skal bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling. 

Ambisjon 1: Vi skal styrke vår lederposisjon innen fakultetets fagområder

Forskning ved IE illustrasjon.

Vi skal styrke leiarposisjonen vår innan fagområda til fakultetet 

IE-fakultetet styrker sin internasjonale leiarposisjon innan både forsking og utdanning. Fagfelta våre forsterkar breidda og hovudprofilen til NTNU. Vi legg vekt på internasjonalt samarbeid og samhandling med samfunnet. Vi har eit handlingsrom og derfor høve til å satse på strategisk viktige teknologiområde, som autonome system, avansert halvleiarteknologi, kunstig intelligens, kvanteteknologi og elektrifisering.

Vår forskning og utdanning er heilt sentral for dei store samfunnsendringane i åra som kjem. Vi bidrar til eit digitalisert, sikkert og berekraftig samfunn og utviklar grunnleggande kunnskap og nye metodar innan faga våre. Vi bidrar til nysgjerrigheitsdriven grunnforsking og skapar ny teknologi. Vi fremjar open forsking og aukar kapasiteten gjennom ekstern finansiering og prioritering av forskingstid. Vi investerer i felles forskingsinfrastruktur, både nasjonalt og på tvers av institutta og NTNU.

Studietilboda våre bygger på oppdatert vitskap, er designa i samsvar med beste praksis og blir gjennomført med høg utdanningskvalitet. Vi utviklar den utdanningsfaglege kompetansen vår og fornyar lærings-,undervisnings- og vurderingsformer. Campussamlinga i Trondheim styrkar moglegheitene for å utvikle tverrfaglege perspektiv innan forsking og utdanning.

Internasjonal kunnskapsutveksling er avgjerande. Eit internasjonalt miljø er viktig for å styrke forsking og utdanning. Vi er attraktive for utanlandske forskarar og studentar. Mange av studentane våre tar delar av studiet sitt ved utanlandske universitet, og vi tiltrekker oss innvekslingsstudentar som bidrar med internasjonalt perspektiv i utdanninga. Vitskapeleg tilsette samarbeider med anerkjende fagmiljø ved utanlandske forskingsinstitusjonar.

Vi utviklar oss gjennom tett samspel med samfunnsliv, næringsliv og andre fagmiljø. Dette gir oss strategisk handlingsrom og bidrar til faglege prioriteringar. Slik bygger vi internasjonalt leiande fagmiljø og relevante utdanningstilbod.

Vi skal være en nasjonal premissgiver i en kunnskapsbasert samfunnsutvikling

Milliampere 2 som illustrasjon på teknologi og samfunn

Vi skal vere ein nasjonal premissgivar til ei kunnskapsbasert samfunnsutvikling

Nasjonale og globale utfordringar krev nye løysingar basert på kunnskap og teknologi. Vi gjer kompetanse og forsking tilgjengeleg for samfunnet gjennom utdanning, samarbeid, formidling og innovasjon.

Vårt største bidrag til innovasjon og verdiskaping er studentane våre. Dei tar oppdatert kunnskap og ferdigheiter med seg inn i arbeidslivet. Utdanningstilboda våre møter behova i samfunnet og er basert på sterke fagmiljø. Studieprogramma skal vere attraktive og tiltrekke seg dei beste studentane. Vi styrker posisjonen som nasjonal hovudleverandør av attraktive bachelor-, master- og ph.d-kandidatar. Vi bidrar til norsk som fagspråk innan våre fagområde.

Behovet for realfagskompetanse aukar i samfunnet. Samtidig blir ungdomskulla mindre og stadig færre vel realfag. IE skal jobbe aktivt for auka rekruttering og for å betre statusen til matematikk, realfag og teknologi. Nasjonalt senter for realfagsrekruttering er ei viktig verktøy i dette arbeidet.

Vi er pådrivar for at ny kunnskap blir tatt i bruk. Vi bidrar med kunnskapsformidling, fagleg utvikling, innovasjon, samarbeid og livslang læring. Fakultetet skal ha relevante etter- og vidareutdanningstilbod innan våre fag. Målet er å auke bidraget vårt til ei kunnskapsbasert samfunnsutvikling.

Ambisjon 3: Vi skal være et attraktivt akademisk fellesskap med vekt på samarbeid og synlighet

Samarbeid med Microchip industrien

Vi skal vere eit attraktivt akademisk fellesskap med vekt på samarbeid og synlegheit

Vi vidareutviklar det akademiske fellesskapet vårt basert på akademisk fridom, openheit og medråderett. Vårt samfunnsoppdrag, våre verdiar og gode etiske vurderingar pregar det vi gjer. Eit inkluderande arbeids- og studiemiljø, basert på respekt og dialog gjer oss alle betre. Det er dei resultata tilsette og studentar oppnår, individuelt og i samspel med andre som bidrar til at fakultetet lukkast.

Studentane er ein viktig del av det akademiske fellesskapet. Vi legg stor vekt på å ha eit godt og stimulerande studiemiljø der studentfrivilligheita spelar ei viktig rolle. Studentane skal oppleve å høyre til, trivest og erfare personleg og fagleg  utvikling. Alle studentar får innsikt i relevante forskingsaktivitetar og har høve til å delta i forsking.

Vi er synlege og tydelege i samfunnsdebatten og ein svært attraktiv studie- og arbeidsstad for ambisiøse studentar og tilsette.

Ein kultur for kreativitet og mot til å ta risiko er viktig for å oppnå forsking, innovasjon og utdanningstilbod i verdsklasse. Vi har fagmiljø med høge ambisjonar i både målretta og nysgjerrigheitsdriven forsking. Fagområda representerer teknologiar som er viktige for samfunnet si evne til verdiskaping, berekraftig utvikling og handtering av stadig fleire tryggleiksutfordringar. Forpliktande samarbeid med næringsliv og offentleg sektor er ein viktig del av dette.

Samarbeid er nøkkelen til god og ansvarleg samfunnsutvikling. Gjennom samspel med samfunnet rundt oss, både nasjonalt og med utgangspunkt i at vi er til stades i tre regionar,  skapar vi verdiar som gjer ein forskjell, og vi får inspirasjon til å utvikle ny kunnskap og ny teknologi.

Premisser – forutsetninger for å lykkes

Forutsetninger for å lykkes

Forutsetninger for å lykkes

IE-fakultetet møter store forventningar og skjerpa konkurranse. Vi må utdanne fleire kandidatar og stryke forskingsaktiviteten vår. Samtidig skal vi rekruttere og halde på dei beste studentane og medarbeidarane. For å lukkast må følgjande føresetnader vere oppfylte:

Akademisk fridom

Akademisk fridom er ein grunnleggande føresetnad for den faglege aktiviteten vår. I endringstider er det viktig å verne om det å kunne ha ei uavhengig og kritisk stemme. Det betyr mellom anna at IE aktivt støttar dei tilsette sin rett til sjølv å velje forskingsspørsmål, metode og publiseringskanalar. Vi hegnar om den retten dei tilsette har til å delta i samfunnsdebatten med forskingsbasert kunnskap.

For å vere ei truverdig stemme i samfunnet og kunne utvikle nyskapande kunnskap, støtter vi anerkjende forskingsetiske normer. Vi fremjar kvalitet i breidda og dannar og utdannar framtidas borgarar og forskarar.

Lærings- og arbeidsmiljø

Vi legg til rette for at den enkelte tilsette og student kan trivast og ha gode høve til personleg og fagleg utvikling.

Hos oss er det ei forventing om høge ambisjonar. Den enkelte skal kunne nå måla sine.

Vi ønsker eit velfungerande studentdemokrati og støttar opp om studentfrivilligheita. Studentane treng gode faglege og sosiale rammer i det læringsmiljøet dei høyrer til. Det gir grunnlag for god kommunikasjon, identitetsskaping og inkludering. Studentane skal finne styrkane sine og utvikle evnene sine.

Vi trekker til oss godt kvalifiserte tilsette og studentar. Vi sikrar føreseielege og attraktive arbeidsforhold som også fremjar likestilling og mangfald. Studentar og tilsette bidrar til gode lærings- og arbeidsmiljø, og leiarar har eit særleg ansvar. Kunnskap og medvit om helse-, miljø-, tryggleiksarbeid er høgt prioritert. I ei uroleg verd er også arbeid med eigen tryggleik og beredskap ekstra viktig.

Infrastruktur

Vår fysiske og digitale infrastruktur i form av forskingslaboratorium, undervisningsareal og skaparverkstader er avgjerande for god fagleg utvikling og godt læringsmiljø. Vi har relevant og kostnadseffektiv infrastruktur basert på strategisk faglege prioriteringar og kompetent, sikker drift. Vi er også ein aktiv strategisk samarbeidspartnar, når vi gjer bruk av viktig infrastruktur hos andre.

Programvare og digitale system er viktig forskings- og utdanningsinfrastruktur. Vi har høg kvalitet i den programvara vi bruker og utviklar. Vi skal gjere data og programvare tilgjengeleg som del av ope forsking og for å sikre reproduserbar forsking.

Organisasjon og leiing

Fagmiljø og administrasjon jobbar tett og godt saman. Fakultetet styrker samarbeidet og reduserer avstandane mellom einingane. Organisasjonen fungerer godt gjennom tydeleg rolle-, ansvars, og oppgåvefordeling.

Dei administrative tenestene våre, er ein integrert del av kjerneverksemda og møter behova til studentar, tilsette og samarbeidspartnarar. Tenestene har høg kvalitet, er økonomisk berekraftige og godt tilpassa utviklinga i sektoren.

IE driv verksemda godt og har kompetente medarbeidarar. Vi har faste arenaer for regelmessig dialog mellom leiing, vitskapelege og teknisk-administrativt tilsette. God leiing, medverknad, gode verktøy og analysar gir grunnlag for kontinuerleg utvikling.