KORO kunst i campussamlingen
Kunst på campus
Kunst på campus
Kunst til NTNU Campussamling skaper rom for eksperiment og nye idéar midt i universitetets kvardag. Programmet representerer ei ny tenkjemåte, der kunsten skal bli noko meir enn berre dekorasjon.

KORO
I alle statlege byggeprosjekt blir ein del av budsjettet øyremerkt til kunst og styrt av KORO – Kunst i offentlege rom, statens fagorgan for kunst. Dei har ansvaret for kunstprogrammet på NTNU Campussamling. Programmet blir leia av tre uavhengige kuratorar. Kunstprogrammet går føre seg mellom 2024 og 2031, og rettar seg mot studentar og fagmiljøa på Dragvoll og Gløshaugen, samt kunstinteresserte trondheimsfolk.
Tre kunstrom som inkluderer
Saman utviklar dei eit prosessuelt og deltakarsbasert program som skal pågå fram til 2031. Kunstprogrammet er organisert rundt tre såkalla kunstrom: Skiboli, Oasen og Elgeseter. Kvar av desse kunstroma blir både ein fysisk stad og ein sosial arena der studentar og kunstinteresserte kan stille spørsmål og utvikle nye idéar i fellesskap. Dette gir unike moglegheiter for kunstnariske prosessar, i staden for bestilling av ferdige produkt og kunstverk.
Eksisterande kunst
NTNU har ei stor kunstsamling med over 1200 registrerte verk. Når campus blir samla, vil nokre verk bli flytta, mellom anna frå Dragvoll. Kuratorgruppa kan bidra i vurderinga av andre kunstverk og delta i samtalen om kva for verk frå NTNUs samling og dei eldre KORO-verka på NTNU som skal lyftast fram og kuraterast på nytt.
Forankring til NTNU
Kunstprogrammet er tett knytt til fagmiljøa ved NTNU. Kuratorane arrangerer tverrfaglege verkstader, samtalar og samarbeidsprosjekt. Her blir forskarar, studentar og kunstnarar inviterte inn. Gjennom dette blir dialogen mellom kunst, teknologi, samfunn og vitskap styrkt, i tråd med strategien til NTNU. Målet er å gjere kunsten til ein del av campuslivet og den faglege utviklinga.
Tidlegare arrangement
Tidlegare arrangement
20. mai 2025: Aksjon for det frie rommet
20. mai 2025: Aksjon for det frie rommet
20. mai arrangerte KORO, Skibolikomiteen og ProtestPub Aksjon for det frie rommet på Skiboli. Arrangementet sette søkelys på korleis universitetet sine fysiske rom kan vere opne, frie og tilgjengelege for studentar og tilsette – utan byråkratiske og funksjonelle avgrensingar.
Gjennom filmvising, samtalar, kunstnarlege innslag og debatt vart det utforska korleis ein kan ta eigarskap til campus og skape rom for kreativitet, kritikk og fellesskap.


24. april 2025: Open call
24. april 2025: Open call
24. april arrangerte KORO, Trøndelag senter for samtidskunst (TSSK) og Cinemateket filmvising av Open Call – ei samfunnssatire om offentleg kunst, med fokus på medverknad, politikk og kunstnarisk fridom. Arrangementet starta med introduksjon av kurator Marit K. Flåtter, etterfølgt av sjølve filmen og ei samtale med filmskapar Sille Storihle, leia av TSSK-direktør Carl Martin Faurby.
Du kan lese meir om arrangementet og filmen på nettsida til Cinemateket.


22. oktober 2024: Paviljongsamtalen Å vere i vatn
22. oktober 2024: Paviljongsamtalen Å vere i vatn
Behandling i vatn har vore sentralt for personar med kronisk revmatisme i fleire kulturar. Vatnet gjer det lettare å røre seg, bygge styrke og lindre muskelspenning. Likevel stenger ofte norske kommunar basseng, og vedlikehaldet er dårleg. Korleis påverkar tapet av desse romma behandlingstilbodet?
Paviljongsamtalen samla fagfolk og kunstnarar, med innlegg frå Elisabeth T. Swärd, Joachim Sagen og Jon Hagfors. Anna Ulrikke Andersen framførte tekst og filmar om rehabilitering ved revmatisme, og arrangementet vart avslutta med ein samtale mellom Andersen og Trond Lossius.
Arrangementet var del av forskingsprosjektet An Architecture of Chronic Illness (2025–2027), leia av Andersen og støtta av Norsk forskingsråd. Les meir: Paviljongsamtalen: Å vere i vatn.

Lili Zaneta/KORO

23. september 2024: Kick-off for kunst og campussamling
23. september 2024: Kick-off for kunst og campussamling
I samband med kunstprosjektets offisielle oppstart vart det invitert til eit ope arrangement i Skiboli for å fortelje om kva som skal skje på Gløshaugen i åra som kjem. Les meir: Vellykka kick-off for nytt kunstprosjekt ved NTNU.


Produksjonsutvalet
Produksjonsutvalet
Kunstprogrammet vert utforma i tett, praktisk samarbeid med produksjonsutvalet gjennom jamlege møte og oppdateringar. Her blir konkrete overordna planar forankra, og det blir delt gjensidig informasjon om det pågåande byggeprosjektet og kunstprosjektet.
Saman med kuratorane og prosjektleiaren består produksjonsutvalet av:
- Tor Einar Fagerland, Forsking- og utviklingsansvarleg, NTNU
- Kristin Aasbø, prosjektleiar Helhet, Statsbygg
- Preben Jensen, arkitekt prosjektgruppen, CF Møller
Kva skjer?
Kva skjer?
Det kjem fleire arrangement knytt til kunstprogrammet for NTNU Campussamling. Følg med for oppdateringar om tid og stad!