Opptak - Reservasjon av studieplass
Reservasjon av studieplass
Dersom du har fått tilbod om plass på eit studium ved NTNU, kan du søkje om å reservere studieplassen. Det er mogleg å søkje om å reservere plassen for 1 eller 2 år. Grunnlag for reservasjon kan vere militær- eller sivilteneste, alvorleg sjukdom, fødsel, adopsjon eller andre tungtvegande årsaker.
Slik søkjer du:
Takk ja til tilbod om studieplass innen gjeldande svarfrist
Frist for å søkje om reservasjon er innan 3 veker etter du mottok tilbodet om studieplassen.
Sjølv om du har fått meir enn eitt tilbod i opptaket, kan du berre reservere éin studieplass.
Fyll ut søknadsskjema
Søk om reservasjon av studieplass (PDF)
Søknadsskjemaet må lagrast og opnast i ein oppdatert PDF-lesar dersom du vil fylle det ut på skjerm. Her finn du meir informasjon om utfylling av PDF-skjema.
Dokumentasjon til søknaden
Grunnlaget for søknaden må dokumenterast med tenesteinnkalling, legeattest eller liknande dokumentasjon.
Send søknad med vedlegg til NTNU Postmottak
Søknadsskjema og dokumentasjon av grunnlag kan sendast på e-post, til postmottak@ntnu.no.
Du kan òg skrive ut skjemaet og sende det i posten. Postadresse: NTNU Postmottak, 7491 Trondheim.
Sensitiv dokumentasjon, som til dømes uttalelse frå lege, må du sende i posten.
Fristen for å søkje er innan 3 veker etter at du har teke imot tilbod om studieplass.