GraL –Grafisk litteratur

GraL –Grafisk litteratur

Gruppa består av medlemer frå ISL, ILU og UB som alle har forskingsinteresser knytte til interaksjonen mellom skrift og bilete i litterære verk.

Grafisk litteratur forstår vi her som ei samlenemning for tekstar med sterke visuelle element, som biletbøker og teikneserielitteratur. I dei nordiske landa er dette ein del av både vaksen-, barne- og allalderlitteratur som er i sterk vekst.

Eit viktig mål for gruppa er å utvikle eit teoretisk og metodisk apparat for å undersøkje grafisk litteratur i alle ulike former. Vi arbeider primært med nordisk litteratur, men i eit komparativt perspektiv. Forskingsinteressene våre inkluderer:

  • Grafisk litteratur som kunstform og forteljeform.
  • Verkelegheitsframstillingar, sjølvbiografi og autofiksjon.
  • Adaptasjonsstudiar.
  • Tverrfaglege tilnærmingar, til dømes til det medisinske feltet (Graphic Medicine er eit etablert tverrfagleg forskingsfelt internasjonalt).
  • Didaktiske tilnærmingar.
  • Formidling av grafisk litteratur, til dømes i museum, bibliotek og i undervisningssamanheng.

Mini calevent portlet

Arrangement