Innlevering bacheloroppgaven - Institutt for språk og litteratur
Bacheloroppgåve

Alle som tek ein bachelor- eller lektorgrad ved Institutt for språk og litteratur, skriv ei bacheloroppgåve innanfor det studiefaget ein tek fordjuping i. Meir informasjon om oppgåva og fristar finn du i emneskildringa.
Om du stryk på bacheloroppgåva kan du også levere på nytt, men då kan du ikkje berre levere ein forbetra versjon av oppgåva. Du må velje ei heilt ny problemstilling. Meir informasjon om gjentak av bacheloroppgåva finn du i emneskildringa. Ta kontakt med ein studierettleiar om du har spørsmål
Nokre fag har egne ordningar for bacheloroppgåva. Under finn du meir informasjon om bacheloroppgåve for studentar i engelsk (både på bachelorprogrammet og på lektor) og for lektorstudentar i nordisk.
Bacheloroppgåve engelsk
Bacheloroppgåve engelsk
Du skriv bacheloroppgåva i løpet av det tredje studieåret ditt (5. eller 6. semester). Du må derfor velje eit tema for oppgåva som du kan knyte til eit påbyggingsemne som vert undervist det aktuelle semesteret.
Du skal følgje undervisninga i emnet og innfri obligatoriske arbeidskrav samstundes som du skriv bacheloroppgåva. Du leverer bacheloroppgåva under ein eigen eksamenskode: ENG2900 Bacheloroppgåve i engelsk. Du må sjølv snakke med emneansvarleg i emnet du ynskjer å følje undervisninga i og få godkjenning frå emneansvarleg for å skrive oppgåva i emnet.
Det faglege innhaldet i bacheloroppgåva di vil altså avhenge av kva for eit emne du følgjer undervisninga i.
Meir informasjon om oppgavå finn du i emnebeskrivelsen, ENG2900.
Bacheloroppgåve lektor nordisk
Bacheloroppgåve lektor nordisk
Du skriv bacheloroppgåva i løpet av det tredje studieåret ditt (6. semester). Du må derfor velje eit tema for oppgåva som du kan knyte til eit påbyggingsemne som vert undervist det aktuelle semesteret.
Du skal følgje undervisninga i emnet og innfri obligatoriske arbeidskrav samstundes som du skriv bacheloroppgåva. Du leverer bacheloroppgåva under ein eigen eksamenskode: NORD2901 Bacheloroppgåve i nordisk for lektorstudentar. I tillegg melder du frå om kva for eit emne du vil knyte bacheloroppgåva til, i skjemaet Bacheloroppgaven i nordisk - registering av emne.
Det faglege innhaldet i bacheloroppgåva di vil altså avhenge av kva for eit emne du følgjer undervisninga i.
Meir informasjon om oppgavå finn du i emnebeskrivelsen, NORD2901.