Skole- og kompetanseutvikling – Institutt for lærerutdanning
Skuleutvikling og innovasjon ved Institutt for lærarutdanning
Innovasjon og skuleutvikling er kjerneområde i strategien til Institutt for lærarutdanning for 2018–2025. Målet er å vere ein nasjonal pådrivar for skulebasert kompetanseutvikling, og å styrkje engasjementet til NTNU for innovasjon gjennom kompetansen ved Institutt for lærarutdanning innanfor utdanning, læring og skuleleiararbeid.
Innovasjonar spring ut frå nye idear og ny kunnskap. Forsking og innovasjon er difor tett knytte saman. Ein seier gjerne at medan forsking skaper nye moglegheiter, skaper innovasjon ein ny røyndom. På grunnlag av forskingsresultat blir idear til moglege innovasjonar i offentleg sektor identifiserte og realiserte. Mange av forskingsresultata våre ved Institutt for lærarutdanning bidreg til innovasjonar i skular og kommunar, og har difor mellom anna medverka til skuleutvikling. Vi har mellom anna utvikla metodar, verktøy, prosessar, modellar og program som har bidrege til forbetring og endring i skular, kommunar, lærarutdanninga og samfunnet elles.
Skuleutvikling
Institutt for lærarutdanning, med Matematikksenteret og Skrivesenteret, bidreg inn i skuleutviklingsprosjekt i fleire regionar, både i Trøndelag og i andre delar av landet, gjennom nasjonale strategiar som Dekom, Dekom for yrkesfaga, Rekom og Oppfølgingsordninga. Nedanfor kan du finne meir informasjon om fleire av dei tiltaka Institutt for lærarutdanning er ein del av.
Ressursgruppemodellen ved Institutt for lærarutdanning
I DEKOM-prosjekt nyttar Institutt for lærarutdanning ofte ressursgruppemodellen som utgangspunkt for partnarskap med praksisfeltet.
Ressursgruppemodellen er dynamisk og kan tilpassast ulike tiltak med ulik tematikk. Modellen er vidareutvikla gjennom fleire år, og han er mellom anna brukt i Malvik/Trondheim-nettverket og i Trøndelag fylkeskommune.
Les meir om ressursgruppemodellen i denne studien.
Spørsmål?
Ta kontakt med
Eksempel på skoleutviklingsprosjekt
Eksempel på skoleutviklingsprosjekt
Andrespråkspedagogikk for yrkesfaglærarar
Institutt for lærarutdanning inngår i eit langsiktig partnarskap med Trøndelag fylkeskommune der vi utviklar fleirspråklegheits- og mangfaldskompetanse. I partnarskapet blir ressursgruppemodellen nytta.
DigSkole – Trøndelag sørvest og NTNU
DigSkole – Trøndelag sørvest og NTNU er eit Dekom-prosjekt som handlar om å prøve ut og tenkje nytt om undervisning. Prosjektet inneber at skuleeigarar gjennomfører eigne kompetanseutviklingstiltak og utprøving, i tillegg til erfaringsdeling og lokalt læreplanarbeid.
DEKOM-samling med Skrivesenteret
Skrivesenteret kan inngå i partnarskap med mål om å utvikle språk- og skriveopplæringa i skulen.
DEKOM-samling med Matematikksenteret
Matematikksenteret kan inngå i partnarskap med mål om å utvikle matematikkopplæringa i skulen.
Fellestiltak innan DEKOM i Trøndelag fylke
Trøndelag satsar på tidleg innsats. Målet er å styrkje begynneropplæringa slik at alle skular stiller likt til start. Matematikksenteret og Skrivesenteret ved NTNU er med som støttespelarar og utviklingspartnarar i prosjektet.
Fellestiltaket Vurdering og LK20
I Trøndelag får lærarar i ungdomsskulen tilbod om å styrkje vurderingskompetansen sin i norsk, matematikk og engelsk. Det faglege innhaldet er utvikla av Matematikksenteret, Skrivesenteret og Framandspråksenteret.
Symjing og livredning
Erasmus+-prosjekt
Erasmus+-prosjekt
Kompetanseløftet
Kompetanseløftet
Kompetanseløftet skal bidra til at barn og unge får den hjelpa dei treng, når dei treng henne. Tiltaka er særleg retta mot tilsette i barnehage, skule og PPT, og målet er å styrkje den kollektive kompetansen i barnehagar og skular ut frå lokale behov, gjennom samarbeid med universitet eller høgskule.
Spørsmål?
Ta kontakt med
- Trygve Kvithyld (koordinator for skuleutvikling)
- Stine Helena Bang Svendsen (nestleiar for utdanning)
Eksempel
Matematikksenteret si støtte til kompetanseløftet
Matematikksenteret er ein utviklingspartnar i arbeidet med å skape inkluderande fellesskap og styrkje laget rundt barn og unge. Vi gir fagleg støtte og har kompetanse på nettverksbygging mellom barnehagar, skular og PP-tenesta.
Oppfølgingsordning
Oppfølgingsordning
Oppfølgingsordninga skal bidra til at kommunar med svake resultat på sentrale område av opplæringa over tid får hjelp til å skape betre læringsmiljø og læringsresultat for elevane i kommunen. I oppfølgingsordninga får kommunen tilbod om støtte og rettleiing over ein periode på 3 år (Udir.no 2022).
Institutt for lærarutdanning kan vere utviklingspartnar for kommunar og kompetansemiljø i oppfølgingsordninga.
Vi kan gi støtte og rettleiing til skulen og kommunen sitt arbeid med fagleg utvikling og organisasjonsutvikling.
Spørsmål?
Ta kontakt med
Annet
Annet
Institutt for lærarutdanning, med Matematikksenteret og Skrivesenteret, har mange tilbod innan etterutdanning.
Skolelaboratoriet ved NTNU tilbyr etter- og vidareutdanning for realfaglærarar og har spennande tilbod i realfaga for alle trinn.
Ta kontakt dersom de ønskjer kompetanseheving eller etterutdanning innanfor eit spesielt område.
Spørsmål?
Ta kontakt med
- Trygve Kvithyld (koordinator for skuleutvikling)
- Stine Helena Bang Svendsen (nestleiar for utdanning)
Eksempel på prosjekt:
Heiskapleg skuleutvikling med Skrivesenteret
Utviklingsarbeid med begynneropplæring i fokus (Askøy kommune).
Ny som lærar i Trøndelag
Ny som lærar i Trøndelag
I samarbeid med skule- og barnehageeigarar i Trøndelag utviklar og driv NTNU og DMMH lokale rettleiingsordningar for nyutdanna lærarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule.