Forsking – Institutt for lærarutdanning

Fagleg literacy i skule og lærarutdanning

Fellesnemnaren i Institutt for lærarutdannings tverrfaglege satsingsmiljø er literacy. Omgrepet er gjerne forklart og forstått som skriftkunne eller tekstkompetanse, men omfattar også evna til å handle – identifisere, forstå, fortolke, skape, kommunisere og kalkulere – ved hjelp av tekstar.

Innanfor ulike fag har ein ulike måtar å tenkje og uttrykke seg på, samtidig som grunnleggande kunnskap om språk og tekst er felles. Forskingsmiljøet studerer bruk av fagtypiske og fagovergripande literacy-kompetansar som veg til læring i ulike skulefag, og som inngang til faglege fellesskapar i lærarutdanninga. Dei overordna forskingsspørsmåla er forankra i ein aktuell utdanningspolitisk kontekst og dreiar seg om kva som kjenneteiknar literacy-praksisar i skulefaga og lærarprofesjonane, korleis desse kjem til uttrykk, og korleis ein kan legge til rette for at elevar og lærarstudentar skal utvikle kompetansar som gjer det mogleg å komme tett på faga sin eigenart. Dette dannar grunnlag for forsking på ulike faglege diskursar, læring og profesjonsfagleg praksis.

Forskingsmiljøet starta opp i 2016, og arbeidet femner om ei stor gruppe lærarutdanningsforskarar med ulik fagleg bakgrunn. Ei sentral målsetting er å drive og formidle skulerelevant forsking med vekt på literacy i ulike fag, og både bidra til kompetanseheving lokalt og deltaking på nasjonale og internasjonale forskingsarenaer. Forskarane er organiserte i grupper og arbeider med problemstillingar som har utgangspunkt i fagspesifikke felt, men som kan relaterast til kunnskap om literacy. Forskingsaktiviteten i dei ulike delprosjekta er konsentrert om desse fem hovudområda:

  • Naturfagleg og matematisk literacy
  • Literacy i samfunnsfag, KRLE og pedagogikk 
  • Norskfagleg literacy og grunnleggande språklege ferdigheiter
  • Engelskfagleg og fleirspråklig literacy
  • Literacy i praktiske og estetiske fag