Skuleutvikling og innovasjon ved Institutt for lærarutdanning

Skuleutvikling og innovasjon ved Institutt for lærarutdanning

Innovasjon og skuleutvikling er kjerneområde i strategien til Institutt for lærarutdanning for 2018–2025. Målet er å vere ein nasjonal pådrivar for skulebasert kompetanseutvikling, og å styrkje engasjementet til NTNU for innovasjon gjennom kompetansen ved Institutt for lærarutdanning innanfor utdanning, læring og skuleleiararbeid.

Innovasjonar spring ut frå nye idear og ny kunnskap. Forsking og innovasjon er difor tett knytte saman. Ein seier gjerne at medan forsking skaper nye moglegheiter, skaper innovasjon ein ny røyndom. På grunnlag av forskingsresultat blir idear til moglege innovasjonar i offentleg sektor identifiserte og realiserte. Mange av forskingsresultata våre ved Institutt for lærarutdanning bidreg til innovasjonar i skular og kommunar, og har difor mellom anna medverka til skuleutvikling. Vi har mellom anna utvikla metodar, verktøy, prosessar, modellar og program som har bidrege til forbetring og endring i skular, kommunar, lærarutdanninga og samfunnet elles.


Skuleutvikling

Skuleutvikling

Et par hender. Fargede brikker ligger utover et bord. Foto
Foto: Elin Iversen/NTNU

Institutt for lærarutdanning, med Matematikksenteret og Skrivesenteret, bidreg inn i skuleutviklingsprosjekt i fleire regionar, både i Trøndelag og i andre delar av landet, gjennom nasjonale strategiar som Dekom, Dekom for yrkesfaga, Rekom og Oppfølgingsordninga. Nedanfor kan du finne meir informasjon om fleire av dei tiltaka Institutt for lærarutdanning er ein del av.

Ressursgruppemodellen ved Institutt for lærarutdanning

I DEKOM-prosjekt nyttar Institutt for lærarutdanning ofte ressursgruppemodellen som utgangspunkt for partnarskap med praksisfeltet.

Ressursgruppemodellen er dynamisk og kan tilpassast ulike tiltak med ulik tematikk. Modellen er vidareutvikla gjennom fleire år, og han er mellom anna brukt i Malvik/Trondheim-nettverket og i Trøndelag fylkeskommune.

Les meir om ressursgruppemodellen i denne studien.

Spørsmål?

Ta kontakt med


Institutt for lærarutdanning er en utviklingspartnar innan:

Eksempel på skoleutviklingsprosjekt

Eksempel på skoleutviklingsprosjekt

Andrespråkspedagogikk for yrkesfaglærarar

Institutt for lærarutdanning inngår i eit langsiktig partnarskap med Trøndelag fylkeskommune der vi utviklar fleirspråklegheits- og mangfaldskompetanse. I partnarskapet blir ressursgruppemodellen nytta.

DigSkole – Trøndelag sørvest og NTNU

DigSkole – Trøndelag sørvest og NTNU er eit Dekom-prosjekt som handlar om å prøve ut og tenkje nytt om undervisning. Prosjektet inneber at skuleeigarar gjennomfører eigne kompetanseutviklingstiltak og utprøving, i tillegg til erfaringsdeling og lokalt læreplanarbeid.

DEKOM-samling med Skrivesenteret

Skrivesenteret kan inngå i partnarskap med mål om å utvikle språk- og skriveopplæringa i skulen.

DEKOM-samling med Matematikksenteret

Matematikksenteret kan inngå i partnarskap med mål om å utvikle matematikkopplæringa i skulen.

Fellestiltak innan DEKOM i Trøndelag fylke

Trøndelag satsar på tidleg innsats. Målet er å styrkje begynneropplæringa slik at alle skular stiller likt til start. Matematikksenteret og Skrivesenteret ved NTNU er med som støttespelarar og utviklingspartnarar i prosjektet.

Fellestiltaket Vurdering og LK20

I Trøndelag får lærarar i ungdomsskulen tilbod om å styrkje vurderingskompetansen sin i norsk, matematikk og engelsk. Det faglege innhaldet er utvikla av Matematikksenteret, Skrivesenteret og Framandspråksenteret.

Symjing og livredning

Erasmus+-prosjekt

Erasmus+-prosjekt

Kompetanseløftet

Kompetanseløftet

Kompetanseløftet skal bidra til at barn og unge får den hjelpa dei treng, når dei treng henne. Tiltaka er særleg retta mot tilsette i barnehage, skule og PPT, og målet er å styrkje den kollektive kompetansen i barnehagar og skular ut frå lokale behov, gjennom samarbeid med universitet eller høgskule.

Spørsmål?

Ta kontakt med

Eksempel

Matematikksenteret si støtte til kompetanseløftet

Matematikksenteret er ein utviklingspartnar i arbeidet med å skape inkluderande fellesskap og styrkje laget rundt barn og unge. Vi gir fagleg støtte og har kompetanse på nettverksbygging mellom barnehagar, skular og PP-tenesta.

Oppfølgingsordning

Oppfølgingsordning

Oppfølgingsordninga skal bidra til at kommunar med svake resultat på sentrale område av opplæringa over tid får hjelp til å skape betre læringsmiljø og læringsresultat for elevane i kommunen. I oppfølgingsordninga får kommunen tilbod om støtte og rettleiing over ein periode på 3 år (Udir.no 2022).

Institutt for lærarutdanning kan vere utviklingspartnar for kommunar og kompetansemiljø i oppfølgingsordninga.

Vi kan gi støtte og rettleiing til skulen og kommunen sitt arbeid med fagleg utvikling og organisasjonsutvikling.

Spørsmål?

Ta kontakt med

Annet

Annet

Institutt for lærarutdanning, med Matematikksenteret og Skrivesenteret, har mange tilbod innan etterutdanning.

Skolelaboratoriet ved NTNU tilbyr etter- og vidareutdanning for realfaglærarar og har spennande tilbod i realfaga for alle trinn.

Ta kontakt dersom de ønskjer kompetanseheving eller etterutdanning innanfor eit spesielt område.

Spørsmål?

Ta kontakt med

Eksempel på prosjekt:

Heiskapleg skuleutvikling med Skrivesenteret

Utviklingsarbeid med begynneropplæring i fokus (Askøy kommune).

Skuleutvikling ved ILU

Ny som lærar i Trøndelag

Ny som lærar i Trøndelag

I samarbeid med skule- og barnehageeigarar i Trøndelag utviklar og driv NTNU og DMMH lokale rettleiingsordningar for nyutdanna lærarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule.

Innovasjon

Innovasjon

Tre ansatte samarbeider, har postit-lapper på et vindu. Foto
Foto: Elin Iversen/NTNU

I strategien til Institutt for lærarutdanning er det eit mål at meir av forskinga til NTNU skal vere til nytte, bli teken i bruk og føre til forbetringar i samfunnet.

Ved Institutt for lærarutdanning er innovasjon tett knytt til bidrag til skuleutvikling, men har òg døme på at idear som spring ut av forsking, har blitt vidareutvikla til produkt eller tenester.

Studentinnovasjon


Innovasjoner ved ILU

NTNU Discovery

NTNU Discovery

NTNU Discovery gir støtte til både tilsette og studentar som ønskjer å ta ideane eller forskingsresultata sine vidare. Det kan vere støtte til å utvikle produktinnovasjonar, prosessinnovasjonar, marknadsinnovasjonar eller organisasjonsinnovasjonar. Det kan søkjast støtte både til forprosjekt og hovudprosjekt.

NTNU Discovery

Universitetsskulane i Trondheim (USSiT)

Universitetsskulane i Trondheim (USSiT)

Universitetsskulane i Trondheim (USSiT) er eit samarbeid mellom Trondheim kommune, Trøndelag fylkeskommune og NTNU. Samarbeidet vart etablert i 2015, og har gått frå å vere eit mellombels prosjekt til å få ein tiårig rammeavtale. Føremålet er at alle partane skal bli styrkte, og at resultata skal delast med andre skular i regionen og andre lærarutdanningsinstitusjonar. Dette gjer dei ved å samarbeide om forskings- og utviklingsprosjekt, som gir noko tilbake til alle dei involverte.

Universitetsskulane i Trondheim (USSiT)

App´en Water competence

App´en Water competence

Målet om å redusere talet på drukningsulykker blir nådd ved å tilby eit fleksibelt og skalerbart symjeopplæringskurs på fleire språk. Forskingsprosjektet Water Competence har utvikla symjeeappen «Water competence». Undervisningsdesignet nyttar smarttelefonteknologi (applikasjon/app) og video, samt omvendt undervisning («flipped classroom») som metodisk tilnærming i basseng og ved vatn.
Symjeappen har over 350 øvingsbilete/-filmar i HD-format og inneheld det ein treng for å nå kompetansemåla på 2., 4., 7. og 10. trinn. Med storskjerm i symjehallen eller vassføre iPadar har lærarar/instruktørar høve til å formidle rørsleoppgåver på ein effektiv og korrekt måte. Elevane kan sjå arbeidsoppgåvene i forkant, undervegs eller i etterkant for refleksjon.

Førebels er appen omsett til svensk og engelsk, men han vil etter kvart vere tilgjengeleg på spansk, arabisk og kinesisk. Prosjektet er finansiert av NTNU Discovery og Innovasjon Noreg.

Les kronikk om prosjektet i Gemini.

WeBabble: innovasjonsidè med støtte fra NTNU Discovery

WeBabble: innovasjonsidè med støtte fra NTNU Discovery

Forskingsgruppa «Læring og undervising av matematikk med digitale verktøy», leia av Øistein Gjøvik, utviklar ei nettside/web-applikasjon «WeBabble» som gir lærarstudentar høve til å øve seg på matematiske samtalar med fiktive elevar. Dei har tidlegare fått midlar gjennom studiekvalitetstilskot, men for å få på plass ein demoversjon har dei vore avhengige av meir finansiering – og har no fått tildelt midlar frå NTNU Discovery som gjer det mogleg å få ein demo ferdig utvikla.

Grunnstoffblokka

Grunnstoffblokka

Grunnstoffblokka er ein nyskapande, studentaktiv digital læringsressurs som gir innsikt i sentralt fagstoff i naturfag (grunnstoffa og periodesystemet og naturvitskaplege praksisar og tenkjemåtar). Lærarstudentar og lærarar kan også bruke Grunnstoffblokka som grunnlag for å utvikle naturfagundervisning som er relevant og motiverande for elevane sine.

Forprosjektmidlane skal brukast til å utvikle ein tidslinjemodus som synleggjer korleis ei rekkje ulike vitskapsfolk har nytta ulike metodar for å kome fram til kunnskapen vi har om grunnstoffa og periodesystemet i dag. Prosjektet er eit samarbeid med det digitale historieforteljingsfirmaet Ablemagic.

Prosjektleiar: Unni Eikeseth

Interne prosjektmedarbeidarar: Annette Lykknes

SNiPe

SNiPe

SNiPe er ein undervisnings‑webapplikasjon som gjer det mogleg for undervisarar å få innsikt i studentane sine løysingsprosessar i sanntid. Dette gir høve til felles refleksjon, problematisering og umiddelbar tilbakemelding. I tillegg kan ho brukast til at undervisarar kan forske på eigen undervisningspraksis, analysere og vurdere didaktiske og pedagogiske val, og for forskarar og undervisarar til å samle data til grunnforsking.
Føremålet med forprosjektet er å leggje til rette for utvikling av ein prototype, samt spesifisere ein kostnadsoversikt til ein søknad om hovudprosjekt.

Prosjektleiar: Tore Forbregd

Interne prosjektmedarbeidarar: Hermund Andre Torkildsen

Fuggelmyra

Fuggelmyra

Tegning av tre barn. Et barn kaster en stein i luften. Et barn står med fletter. Et barn sparker en fotball i luften og fotballdrakt. JPG

Fuggelmyra er eit fiktivt univers som er utvikla for å kunne byggje case som passar inn i undervisning, både fagleg og fleirfagleg. Denne undervisningsressursen bidreg til at studentar kan knyte teori til praksis og gi dei eit meir reelt og heilskapleg innblikk i mangfaldet i skulekvardagen. Dette blir ein ufarlig øvingsarena for å reflektere over ulike faglege, pedagogiske og etiske dilemma. Forprosjektmidlane skal brukast til å digitalisere Fuggelmyra.

Prosjektleiar: Åsa Dahl Berge

Interne prosjektmedarbeidarar: Lillian Kirkvold, Ole Enge, Marit Buset Langfeldt, Jørn Ove Asklund, Ingrid Remmen Semmingsen, Marte Helland Fiskvik, Cecilie Slinning Knudsen, Kathrine Lervold og Theresa Kerstin Ristad.

VR Teaching Teachers

VR Teaching Teachers

VR Teaching Teachers – eit innovativt undervisningskonsept med støtte frå NTNU Discovery

Den flyktningekompetente læraren har eit underprosjekt som utforskar bruk av VR-teknologi. VR Teaching Teachers er eit innovativt undervisningskonsept som tek i bruk VR-teknologi for å skape ei meir heilskapleg forståing av kva behov barn og unge med flyktningbakgrunn kan ha. Dette konseptet kan bidra til omstilling i korleis studentar, lærarar og lærarutdannarar møter flyktningar og arbeider med inkludering. Målsetjinga for konseptet er å gi eit betre grunnlag for læring og inkludering i ei autentisk ramme.

Undervisningsmaterialet er utvikla i samarbeid med flyktningar og personalet ved institusjonen. At materialet er autentisk, meiner vi er viktig for opplevinga og utbyttet brukarane får av konseptet. VR-historia kan sjåast på som ei annleis «teaching-opportunity», med teknologi som let deg vere nær menneske eller ein situasjon utan å vere der. På denne måten kan konseptet bidra til internasjonalisering heime.

VR-prosjektet er eit forprosjekt våren 2025, støtta av NTNU Discovery.

Tidleegare innovasjonsprosjekt

Tidligere innovasjonsprosjekt

Tidligere innovasjonsprosjekt

Læringsressursar

Læringsressursar

To hender som tar på modeller av nevroner. Foto
Foto: Elin Iversen/NTNU

Kunnskap utvikla ved NTNU skal kome fellesskapen til gode. Ved Institutt for lærarutdanning går det kontinuerleg føre seg forsking og utviklingsarbeid som genererer nye læringsressursar.

Læringsressursane er knytte til fleire fag og temaområder og kan nyttast fritt.