Om instituttet

Institutt for helsevitenskap i Gjøvik

Om instituttet

Institutt for helsevitskap i Gjøvik består av ca. 150 tilsette, fagleg fordelt på tre einingar; Fageining for sjukepleie, Fageining for helse, teknologi og samfunn og Fageining for paramedisin og avansert klinisk sjukepleie. I tillegg har instituttet tre sentra; Senter for omsorgsforskingSenter for simulering og pasienttryggleik og Senter for biomedisinsk forsking.

Med mange helsefaglege utdanningar og aukande forskingsaktivitetar er instituttet inne i ei spennande vidareutvikling med høg merksemd på utdannings- og forskingskvalitet. Utdanningsporteføljen reflekterer dei prioriteringane som er nedfelte i helsepolitiske dokument, mellom anna behovet for å fremje samarbeid og heilskapssyn.

Forsking

Det er behov for nye løysingar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene, i spesialisthelsetenesta, i samhandlinga mellom nivåa og i måtane som helse- og omsorgstenestene blir organiserte og blir leidde på. 

Gjennom fokuset vårt og satsing på tenesteforsking, pasienttryggleik og helsefremming bidreg instituttet aktivt til innovasjon og tenesteutvikling i helse- og omsorgstenesta. Her kan du lese meir om forskinga ved instituttet.

Utdanning

Instituttets utdanningsområde utgjer i dag sjukepleie, ergoterapi, paramedisin og radiografi på bachelor-nivå, og klinisk sjukepleie på master-nivå. I tillegg har me vidareutdanning i prehospitalt arbeid (Nasjonal paramedic), prehospitalt psykisk helsearbeid, palliativ omsorg, praksisrettleiing i medisin, helse og sosialfag, mindfulness, musikkbasert miljøbehandling, anestesisjukepleie, intensivsjukepleie og operasjonssjukepleie. Her kan du sjå oversikt over studietilbodet til instituttet.

Instituttet samarbeider med Høgskolen i Innlandet om Nasjonal innovasjonsskule for kommunesektoren. Instituttet har formalisert samarbeid om ph.d. med Karlstads universitet (sjukepleie), Universitetet i Stavanger (pasienttryggleik) og Høgskolen i Innlandet (tenesteinnovasjon, offentleg–privat). Utdanningsområda er kompetanseområde som alle blir rekna som viktige og nødvendige bidrag for å møte velferdsutfordringane i framtida.

Senter for simulering og pasienttryggleik er ei integrert eining i instituttet og infrastruktur for utdanningane. Kompetanseoppbygging i simulering som pedagogisk metode har gjort at vi har eitt av Nordens fremste simuleringsmiljø med relevans for helsetenesta.

Simuleringssenteret er anerkjent som ein av Nordens leiande simuleringssenter med omsyn til helsetenester. Det vart tildelt Kunnskapsdepartementet pris for kvalitet i utdanninga i 2012. Simulering som læringsmetode har vist seg å vere eit verdifullt pedagogisk verktøy i opplæringa av helsepersonell. Det legg til rette for målretta utdanning og opplæring, utan å utsetje reelle pasientar for fare. Internasjonalt er det eit sterkt fokus på simulering som læringsverktøy, og mange studiar synar positivt læringsutbytte.

Innovasjon i omsorg

Innovasjon i omsorgsfeltet er eit viktig innsatsområde som omfattar tenesteinnovasjon, utvikling og bruk av velferdsteknologi. Velferdsteknologi omfattar helse- og omsorgstenestas, tenestemottakaranes og befolkningas bruk av teknologiar for å styrkje kvaliteten og betre effektiviteten i tenesta. Velferdsteknologi vil samtidig styrkje livskvaliteten til tenestemottakaren gjennom auka grad av sjølvstende og meistring, noko som vil vere helsefremjande og dessutan førebyggje behovet for offentlege tenester i befolkninga. Utvikling av velferdsteknologi som eit kunnskapsområde krev bidrag frå ulike vitensområder og fagmiljø. Satsinga på tenesteinnovasjon og velferdsteknologi omfattar særleg teknologibruk i kommunale tenester og for dens brukarar/befolkning.