course-details-portlet

PPU4754

Fagdidaktikk i norsk - del I

Studiepoeng 7,5
Nivå Grunnleggende emner, nivå I
Undervisningsstart Høst 2010
Varighet 1 semester
Vurderingsordning Oppgave

Om

Om emnet

Faglig innhold

Emnet er ein del av praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Emnet skal, saman med
undervisninga i pedagogikk og rettleidd undervisningspraksis i skolen, gi studentane grunnlag
for å undervise i norsk i grunnskolen (frå trinn 5) og i vidaregåande opplæring.
Fagdidaktikken skal vere ei utviding og ei vidareføring av av den kunnskapen studentane har
med seg frå nordiskstudiet, samtidig som den tilfører faget nye dimensjonar. Ein av desse
dimensjonane er at studentane utviklar evna til kritisk refleksjon.

Rammeplanen for praktisk-pedagogisk utdanning og Studieplan for praktisk-pedagogisk utdanning ved NTNU beskriv læringsmåla og rammene for PPU-studiet. Innhaldet i studiet er organisert i fire fokusområde, som dannar ramma for organiseringa av innhaldet i studiet i fagdidaktikk i norsk:

1. Eleven i klasserommet
2. Læraren i klasserommet
3. Læraren i skolen
4. Skolen og samfunnet

Læringsutbytte

Studentane skal kjenne til viktige liner i faghistoria og fagets kultur- og danningspotensial og utvikle eit fagsyn slik at dei kan reflektere over norskfagets legitimering, spørsmål om norskfagets identitet og den funksjonen det har i samfunnet. Videre skal studenten kunne bruke innsikt frå studium av litteraturvitskap, språkvitskap, skrivepedagogikk og massemedium i arbeidet med ulike typar tekstar i klasserommet, kunne analysere, vurdere og bruke læreplanar i norsk som grunnlag for planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisninga i faget. Studenten skal ha kunnskap om verdigrunnlag og kunnskaps-, lærings- og språksyn som opplæringa i norsk bygger på, kunne vurdere og grunngi bruk av ulike læremiddel og hjelpemiddel og kunne bruke desse i norskundervisninga samt kjenne til og kunne bruke resultat frå forskings- og utviklingsarbeid i norskopplæringa og ta del i fagdidaktisk utviklingsarbeid

Læringsformer og aktiviteter

Undervisninga i norskdidaktikk er organisert slik at dei mest sentrale tema i skolefaget blir dekte. Arbeidsformene varierer mellom forelesingar, førbudde innlegg frå studentane, diskusjonar og samtaler i grupper og plenum, presentasjonar, oppgåver mm. All undervisning er obligatorisk.

Obligatoriske aktiviteter

  • Underveisarbeid
  • 80% oppmøte i undervisning
  • Definerte arbeidskrav

Forkunnskapskrav

Opptak til femårig lærerutdanning og beståtte eksamener i henhold til forskrift.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra
PPU4243 7,5 sp
PPU4654 7,5 sp
PPU4656 7,5 sp
Dette emne har faglig overlapp med emnene i tabellen over. Om du tar emner som overlapper får du studiepoengreduksjon i det emnet du har dårligst karakter i. Dersom karakteren er lik i de to emnene gis det reduksjon i det emnet som er avlagt sist.

Fagområder

  • Praktisk pedagogikk

Eksamen

Eksamen

Vurderingsordning: Oppgave
Karakter: Bestått/Ikke bestått

Ordinær eksamen - Høst 2010

Oppgave
Vekting 100/100 Dato Innlevering 14.12.2010

Ordinær eksamen - Vår 2011

Oppgave
Vekting 100/100