Emne - Vitenskapsteori og metode (samfunnsfag, KRLE, pedagogikk) - MGLU5242
Vitenskapsteori og metode (samfunnsfag, KRLE, pedagogikk)
Nytt fra studieåret 2025/2026
Om
Om emnet
Faglig innhold
Emnet handlar om vitskapleg tenkjemåte i skule og lærarprofesjon. Det vil bli fokusert på ulike forskingsparadigme, tradisjonar og samanhengen mellom ontologi, epistemologi og val av forskingstilnærmingar. Studentane får opplæring og øving i bruk av ulike kvantitative og kvalitative forskingsmetodar, inkludert kjeldekritiske metodar. Vidare blir det lagt vekt på forskingsdesign med vekt på samanhengen mellom tema, problemstilling, forskingsspørsmål og bruk av relevant teori og metodar. Forskingsetikk og spørsmål kring personvern er også del av emnet. Studentane skal utvikle forståing for korleis vitskapsteori og forskingsmetodar er relevant for arbeid i skulen.
Læringsutbytte
KUNNSKAP
Studenten
- har inngåande kunnskap om ulike forskingsparadigme og samanhengar mellom ontologisk og epistemologisk ståstad og val av forskingsmetodar
- har inngåande kunnskap om særtrekk ved ulike forskingsdesign og forskingsmetodar og om korleis dette kan fremje vitskapleg tenkemåte i skulen.
- har avansert kunnskap om personvern og forskingsetiske retningslinjer
- har avansert kunnskap om korleis vitskapleg fagstoff frå eiga forsking blir presentert og gjort relevant for fagleg og pedagogisk arbeid i skulen
- har inngåande kunnskap om ulike metodar for datainnsamling og analyse av datamateriale og om korleis dette kan brukast i eiga undervisning i skulen.
- har inngåande kunnskap om vitskapsteori og kvalitative og kvantitative metodar for sjølv å kunne gjennomføre vitskaplege undersøkingar innanfor sitt fagområde
FERDIGHEITER
Studenten
- kan designe og gjennomføre sjølvstendige forskingsprosjekt/empiriske undersøkingar og forhalde seg kritisk til eigne val
- kan gjere grunngjevne val av metodar for innsamling og analyse av datamateriale og bruke dette didaktisk i arbeid med utforskande undervisning
- kan vurdere om prosjektet gjer det naudsynt med søknad om prosjektgodkjenning frå SIKT og kan i samarbeid med rettleiar søkje om dette dersom det er påkravd
- kan analysere og forhalde seg kritisk til kunnskapskjelder (faglitteratur og datamateriale) og anvende dem til å strukturere og formulere faglege resonnement
- kan analysere og forhalde seg kritisk til nasjonal og internasjonal fagleg relevant forsking og anvende denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- kan analysere relevante problemstillingar knytt til eige forskingsfelt og skulefag
- kan bidra til utviklingsarbeid som fremjer fagleg og pedagogisk nytenking i skulen
- kan bruke vitskapleg tenkemåte i klasserom, skule og lærarprofesjon
- kan vurdere og kvalitetssikre eiga og andre si forsking og bruke forsking i arbeid i skulen
Læringsformer og aktiviteter
Emnet omfattar førelesingar, seminar, rettleiing, arbeid med oppgåver, individuelt og i gruppe, munnlege og skriftlege studentpresentasjonar og medstudentrespons. Det er forventa at alle studentar bidrar aktivt i dei ulike aktivitetane. Studentane skal levere inn ei skriftleg prosjektoppgåve. Prosjektoppgåva vil danne vitskapsteoretisk og forskingsmetodisk grunnlag for et forskingsprosjekt. Detaljerte krav og leveringsfrist blir kunngjort ved semesterstart.
Obligatoriske aktiviteter
- Obligatorikk i henhold til emnebeskrivelse
Mer om vurdering
Skriftlege og munnlege arbeidskrav individuelt eller i grupper, samt obligatorisk oppmøte på enkelte undervisningsøkter. Detaljerte krav og innleveringsfristar blir kunngjort ved semesterstart. Studentane skal levere ei prosjektoppgåve som skal vere eit forprosjekt til masteroppgåva, der dei skildrar og grunngir tema, problemstilling, teori og metodar.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen.
Spesielle vilkår
Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 5.-10. trinn (MGLU5-10)
Anbefalte forkunnskaper
Bestått 30 studiepoeng i samfunnsfagemne på masternivå i fjerde studieår i grunnskulelærerutdanninga, eller tilsvarande.
eller
Pedagogikk og elevkunnskap 4
eller
bestått 30 SP emne på masternivå i KRLE i fjerde studieår i grunnskulelærerutdanninga eller tilsvarande.
Forkunnskapskrav
Bestått samfunnsfag 1 og skriftleg eksamen i samfunnsfag 2
eller
bestått Pedagogikk og elevkunnskap 1,2 og 3. Bestått 30 studiepoeng i emne på masternivå i sosialpedagogikk eller spesialpedagogikk i tredje studieår i grunnskulelærerutdanninga.
eller
bestått KRLE 1 og KRLE 2 (totalt 60 studiepoeng).
Studiepoengreduksjon
| Emnekode | Reduksjon | Fra |
|---|---|---|
| MGLU5211 | 15 sp | Høst 2025 |
| MGLU5106 | 15 sp | Høst 2025 |
| MGLU5506 | 15 sp | Høst 2025 |
| MGLU5229 | 15 sp | Høst 2025 |
Fagområder
- Lærer- og lektorutdanning
- Samfunnsfag
Kontaktinformasjon
Emneansvarlig/koordinator
Faglærere
Ansvarlig enhet
Eksamen
Eksamen
Ordinær eksamen - Høst 2025
Skriftlig skoleeksamen
Oppgitt rom kan endres og endelig plassering vil være klar senest 3 dager før eksamen. Du finner din romplassering på Studentweb.
Ordinær eksamen - Vår 2026
Skriftlig skoleeksamen
Oppgitt rom kan endres og endelig plassering vil være klar senest 3 dager før eksamen. Du finner din romplassering på Studentweb.