course-details-portlet

LOS8031 - Tekst i utdanningskontekst: Teoretiske innganger og analysemetoder

Om emnet

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Oppgave
Karakter: Bestått/ Ikke bestått

Vurdering Vekting Varighet Delkarakter Hjelpemidler
Oppgave 100/100 1 semestre

Faglig innhold

Dette er eit metodekurs for PhD-kandidatar som har tekstar situerte i ulike utdanningskontekstar som studieobjekt. Kurset søkjer både å gi oversikt over relevante tilnærmingar til tekst i kontekst, og å gi kandidatane praktisk øving i og erfaring med tekstanalyse. Overordna perspektiv frå humaniora, som ulike forståingsformer og tolkingskompetanse, sett i lys av sosiale og kulturelle kontekstar, dannar bakgrunn for analysearbeidet. Kurset introduserer utvalde tekstteoretiske perspektiv og analytiske tilnærmingar, som vil kunne hjelpe kandidatar med ulik fagbakgrunn til å komme inn i tekstbasert empiri, synleggjere innhald og strukturar i tekstane - og såleis gi grunnlag for meir spesifikke faglege og/eller didaktiske studiar. Fagstoffet blir eksemplifisert gjennom døme frå ulike greiner av tekstforskinga. Drøfting av empiri og ulike metodiske tilnærmingar vil stå sentralt i kurset, saman med praktisk analysearbeid. Kurset legg eit vidt tekstomgrep til grunn. Det omfattar tekstar i ulike modalitetar (t.d. skriftlege, munnlege og digitale). Døme på aktuell empiri kan t.d. vere: - Elevtekstar (frå ulike skulefag og frå elevar med ulik språkleg og kulturell bakgrunn) - Tekstrespons (munnleg og skriftleg, digital og papirbasert) - Samtalar frå ulike læringskontekstar i ulike fag (t.d. vurdering, rettleiing, planlegging, gruppe- og klassesamtalar) - Læringsressursar (t.d. lærebøker, ulike typar nettressursar) - Utdanningspolitiske dokument relaterte til spesifikke læringskontekstar - Tekstar som på ulike måtar grensar til utdanningsfeltet, som barn og unges fritidstekstar og tekstbaserte kommunikasjonsformer av ulike slag (t.d. frå sosiale medium) Det er også aktuelt å fokusere på tekstar i prosess, t.d. for å studere elevars språk- og tekstutvikling over tid, eller studere utviklinga av tekstar gjennom ulike fasar i ein skriveprosess. Aktuelle inngangar til den tekstbaserte empirien kan t.d. vere: - Samtaleanalyse - Multimodalitetsanalyse - Språkanalytiske inngangar (tekstlingvistikk, grammatikk m.m.) - Strukturell analyse (narrative strukturar, argumentstruktur m.m.) - Analyse av ulike sjangrar og skrivehandlingar - Retorisk analyse - Posisjoneringsanalyse - Sosialsemiotisk analyse Kurset har eit fleksibelt design, som gjer at gjennomføringa frå gong til gong vil bli tilpassa empirien deltakarane har med seg frå sine respektive doktorgradsprosjekt. Undervisnings- og arbeidsspråket i kurset er norsk/nordisk, då det er forventa at ein stor del av empirien er henta frå nordiske skulekontekstar.

Læringsutbytte

Kunnskapar

  • Kunnskap om tekst som empirisk grunnlag for didaktisk forsking
  • Kunnskap om ulike tekstanalytiske inngangar
  • Kunnskap om relevante analyseverktøy forankra i teori om språk, tekst og kommunikasjon

Ferdigheiter

  • Kunne ta i bruk, diskutere, vurdere og tilpasse ulike tekstanalytiske inngangar
  • Kunne gjennomføre heilskaplege og transparente analysar av ulike typar tekstlege data
  • Kunne drøfte resultat av kvalitative tekstanalysar på kritisk vis, også i lys av utdanningspolitiske føringar og diskusjonar

Generell kompetanse

  • Ha inngåande kunnskap om analyse og tolking av tekstar
  • Ha forståing for kva ulike typar tekstanalysar kan brukast til, både i undervisnings- og læringssamanhengar og i relevante samfunnskontekstar
  • Ha innsikt i korleis ulike teoretiske og analytiske inngangar til aktuelle tekstar kan bidra til å synleggjere svakheiter og styrkar ved undervisningspraksisar og læringskontekstar

Læringsformer og aktiviteter

- Introduksjonsforelesingar - Verkstadarbeid basert på eksempel frå relevant utdanningsforskning og frå studentane sin eigen empiri - Tekstseminar der studentane legg fram aktuelle fagtekstar og leier gruppediskusjonar Obligatoriske aktivitetar: - Framlegg av analysar basert på eigen empiri - Framlegg på tekstseminar i grupper - Utval av relevant faglitteratur tilpassa eige prosjekt, annotering av fagtekstar

Obligatoriske aktiviteter

  • 80 % oppmøte
  • Framlegg av analysar basert på eigen empiri
  • Framlegg på tekstseminar i grupper
  • Velje ut og vurdere relevant faglitteratur, annotere vitskaplege artiklar

Mer om vurdering

Individuell oppgave.

Spesielle vilkår

Begrenset opptak til undervisning. For nærmere opplysninger: http://www.ntnu.no/studier/opptak/emneopptak

Obligatorisk aktivitet fra tidligere semester kan godkjennes av instituttet.

Forkunnskapskrav

Mastergrad eller tilsvarande. PhD-studentar blir rangerte først ved opptak. Kurset vil bli tilpassa deltakarane sine doktorgradsprosjekt. For at kandidatane skal få fullt utbytte av kurset, må dei vere i gang med relevant datainnsamling og ha noko relevant materiale, men dei kan gjerne vere i ein tidleg fase av ph.d.-studiet, t.d. ha gjennomført ein pilotstudie. Opptaksavgrensing*: Emnet har plass til 25 studentar. Av desse er 6 plassar haldne av til søkarar frå andre institusjonar tilknytte NorTED (www.nor-ted.com). Om mindre enn 5 deltakarar søker, kan Institutt for lærarutdanning avlyse kurset. *Rangeringsreglar og søknadsfrist finn du her: https://www.ntnu.no/ilu/phd-emner

Flere sider om emnet
Fakta om emnet

Versjon: 1
Studiepoeng:  5.0 SP
Studienivå: Doktorgrads nivå

Undervisning

Termin nr.: 1
Undervises:  VÅR 2023

Undervisningsspråk: Norsk

Sted: Trondheim

Fagområde(r)
  • Lærer- og lektorutdanning
Kontaktinformasjon
Emneansvarlig/koordinator: Faglærer(e):

Ansvarlig enhet
Institutt for lærerutdanning

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Oppgave

Termin Statuskode Vurdering Vekting Hjelpemidler Dato Tid Eksamens- system Rom *
Vår ORD Oppgave 100/100 INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
Eksamensinfo

For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"

Mer om eksamen ved NTNU