Opptak til ph.d.-emne ved Institutt for lærarutdanning

Opptak til ph.d.-emne ved Institutt for lærarutdanning

For å få opptak til ph.d.-emna våre må du ha fullført mastergrad eller tilsvarande utdanning.

Søkarar som ikkje har ein aktiv studierett ved NTNU, må søke om dette før dei kan melde seg opp til ph.d.-emne/forskarstudiar.

På nettsidene til Opptakskontoret finn du meir informasjon om opptak til ph.d.-emne og forskarstudiar ved NTNU for eksterne kandidatar.

Slik søker du

Interne søkarar

Studentar med aktiv studierett ved NTNU melder seg opp til ph.d.-emne via NTNUs studentweb.

Eksterne søkarar

Søkarar som ikkje har aktiv studierett ved NTNU, må søke opptak via Søknadsweb.


Når du har logga inn i Søknadsweb og har fylt ut personinfo, gjer du følgande val:

  1. Vel Enkeltemne.
  2. Vel Ph.d.-kurs/forskarstudiar for eksterne kandidatar.
  3. Søknadsalternativ (vel frå lista):
    • Ph.d.-stipendiatar som skal søke opptak til eit ph.d.-program eller er i ein søknadsprosess om opptak til ph.d.-program, skal velje alternativet 9427 Ph.d.-kurs/forskarstudiar ved SU.
    • Alle andre søkarar som ikkje er ph.d.-stipendiat, skal velje alternativet 9690 Ph.d.-kurs/forskarstudiar for eksterne kandidatar.
  4. Skriv emnekode for emnet/emna du ønsker å søke på, i merknadsfeltet.
  5. Last opp all naudsynt dokumentasjon som vedlegg til den elektroniske søknaden (vitnemål for fullført master/hovudfag og eventuelt brev om opptak på ph.d.-program, eller dokumentasjon på allereie betalt semesteravgift ved annan institusjon).

Rangering

Vi rangerer søknadene i denne rekkefølga:

  1. Søkarar som er tilknytt ph.d.-program ved NTNU
  2. Søkarar som kan dokumentere opptak til ph.d.-program ved andre institusjonar
  3. Søkarar som kan dokumentere at dei er tilsett som stipendiat ved NTNU, og i prosess med å søke opptak til ph.d.-program
  4. Søkarar som kan dokumentere at dei er tilsett som stipendiat ved annan institusjon, og i prosess med å søke opptak til ph.d.-program
  5. Søkarar som kan dokumentere at dei er i gang med kvalifiseringsløp for opprykk til førstelektor
  6. Andre søkarar

Endringar kan førekome

Oppsette datoar kan bli endra.

Ph.d.-emne hausten 2026

Ph.d.-emne hausten 2026

LOS8021 – Kvalitativ og post-kvalitativ analyse

LOS8021 – Kvalitativ og post-kvalitativ analyse

Emneskildring LOS8021

Emneansvarleg 

Professor May Britt Postholm 

Søknadsfrist 

1. september 2026. 

Undervising 

Emnet blir undervist på engelsk .

Samlingar 2026 

  • 16. og 17. september, Campus Kalvskinnet, NTNU
  • 26. november, digital samling

LOS8043 – Utforskande og estetiske læringsformer i litteraturdidaktikk

LOS8043 – Utforskande og estetiske læringsformer i litteraturdidaktikk

Emneskildring LOS8043

Emneansvarleg 

Professor Per Esben Svelstad 

Søknadsfrist 

1. september 2026. 

Undervising 

Emnet blir undervist på norsk og engelsk. Studentane på emnet må meistre norsk/skandinavisk.

Samlingar 2026 

  • 30. september til 2. oktober, Campus Kalvskinnet, NTNU
  • 2. til 4. desember, Campus Kalvskinnet, NTNU

PLU8013 - Vitskapsteori og etikk med innretting mot profesjonsforsking

PLU8013 - Vitskapsteori og etikk med innretting mot profesjonsforsking

Emneskildring PLU8013

Emneansvarleg

Professor Libe García Zarranz

Søknadsfrist

1. september 2026.

Undervising

  • Emnet blir undervist på engelsk.
  • Emnet går over to semester, med opptak og undervisingsstart om hausten. 

Samlingar 2026 og 2027

Hausten 2026: 

  • 26. til 28. oktober, Campus Kalvskinnet, NTNU 

Våren 2027: 

  • 30. til 31. mars, digital samling 

Ph.d.-emne våren 2027

Ph.d.-emne våren 2027

LOS8012 – Kvantitative analysemetodar i praksis

LOS8012 – Kvantitative analysemetodar i praksis

Emneskildring LOS8012

Emneansvarleg

Professor Oddveig Storstad

Søknadsfrist

20. januar 2027

Undervising

Emnet blir undervist på engelsk og norsk 

Samlingar 

Informasjon om samlingar kjem i emneskildringa.

LOS8033 – Å forske med kunsten som metodologisk praksis

LOS8033 – Å forske med kunsten som metodologisk praksis

Emneskildring LOS8033

Emneansvarleg

Professor Polina Golovátina-Mora

Søknadsfrist

20. januar 2027

Samlingar 

Informasjon om samlingar kjem i emneskildringa. 

LOS8035 – Litteraturreview i utdanningsvitskap

LOS8035 – Litteraturreview i utdanningsvitskap

Emneskildring LOS8035

Emneansvarleg

Professor Jan Arvid Haugan

Søknadsfrist

20. januar 2027

Undervising

Informasjon om samlingar kjem i emneskildringa.

LOS8041 – Demokratisk beredskap i utdanning og samfunn

LOS8041 – Demokratisk beredskap i utdanning og samfunn

Emneskildring LOS8041

Emneansvarleg

Førsteamanuensis Magne Brekke Rabben

Søknadsfrist

20. januar 2027

Undervising

Emnet blir undervist på norsk.

Samlingar 

Informasjon om samlingar kjem i emneskildringa.

PLU8013 - Vitskapsteori og etikk med innretting mot profesjonsforsking

PLU8013 - Vitskapsteori og etikk med innretting mot profesjonsforsking

Emneskildring PLU8013

Emneansvarleg

Professor Libe García Zarranz

Søknadsfrist

1. september 2026.

Undervising

  • Emnet blir undervist på engelsk.
  • Emnet går over to semester, med opptak og undervisingsstart om hausten.

Samlingar 

30.-31. mars 2027

Ph.d.-emne ved Institutt for lærarutdanning

Viktige datoar

Viktige datoar

Haustsemesteret

  • Du kan begynne å søke frå 15. juni.
  • Søknadsfrist: 1. september*.

Vårsemesteret

  • Du kan begynne å søke frå 1. oktober.
  • Søknadsfrist: 20. januar*.

*Institutt for lærarutdanning har tidlege søknadsfristar grunna tidleg undervisningsstart på enkelte emne.

Kontakt

Kontakt

Send e-post til forskning-phd@ilu.ntnu.no.