Ph.d. emner

Doktorgradsutdanning (ph.d.)

Opplæringsdelen

NTNU tilbyr ei rekkje emne på ph.d.-nivå  I tillegg til sjølve avhandlinga, må du gjennomføre ein opplæringsdel på minimum 30 studiepoeng. For dei fleste programma består denne delen av ein kombinasjon av obligatoriske og valfrie emne. Du må utarbeide ein plan for opplæringsdelen i samband med søknad på programmet. Du kan finne konkret informasjon om kva emne som er tilgjengeleg på ditt program på programsidene.


Eksterne kandidatar

Sjølv om du ikkje er tatt opp ved eit ph.d.-program ved NTNU, har du likevel moglegheit til å melde deg opp i NTNUs ph.d.-emne.


Nasjonale forskarskular

Ein forskarskule består av eit nettverk av universitet, høgskular og forskingsinstitutt og er eit supplement til dei ordinære ph.d.-programma.

Deltaking i ein forskarskule gir deg tilgang til eit større fagmiljø, større utval i ph.d.-emne, felles samlingar m.m. Når du er tatt opp på eit doktorgradsprogram, kan du delta i ein forskarskule innanfor ditt fagfelt.

Forskarskulane blir finansierte av Forskningsrådet. Sjå alle forskarskular på Forskningsrådets heimesider.