Offentlig journal
Offentleg journal
Offentleg journal
Offentleg journal inneheld ein oversikt over det som har blitt journalført av innkomne dokument og utgåande dokument, samt interne notat, ved NTNU. Alle saksdokument som kjem inn til eller blir lagt fram for NTNU, eller dokument som NTNU sjølv har oppretta, er offentlege og opne for innsyn dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift. Dette inkluderer informasjon om saker og dokument frå vår postjournal. Dei elektroniske dokumenta er ikkje tilgjengelege.
Meir informasjon om innsynsførespurnader og bestilling av dokument
NTNU har eigen arkivdel for personalmapper. Denne arkivdelen blir ikkje publisert på offentleg journal. Seksjon for saksbehandling og dokumentasjonsforvaltning ved Avdeling for utvikling og virksomhetsstyring tek ut rapport av offentleg journal - postjournal - frå sak- og arkivsystemet. Denne kvalitetssikrast før den blir publisert via eInnsyn på NTNUs nettsider.
Journalane blir publisert fortløpande, men med inntil tre dagar forseinking.