NTNUs kunst
NTNUs kunstsamling
NTNUs kunstsamling

Visste du ikkje at det heng eit bilde av Andy Warhol på NTNU? Det er du sikkert ikkje aleine om, og det har Eigedomsavdelinga tenkt å gjere noko med.
I regi av Seksjon for bygningsdrift i Eigedomsavdelinga er det no igangsett eit stort prosjekt med å registrere alle 1000+ kunstverk som finst i NTNUs lokale og uteområde. Det er inngått ein rammeavtale med firmaet KUVE, som saman med medarbeidarar i Eigedomsavdelinga skal registrere og fotografere alle kunstverk på NTNU. Retningsliner for mellom anna reinhald, vedlikehald og flytting av kunstverka skal utarbeidast, slik at vi sikrar at alle verdiane som er i lokala våre, blir godt tatt vare på.
Gjere kunsten mer tilgjengeleg
Det er sikkert mange som blir overraska over kor mykje kunst som finst på NTNUs campusar. Når alle kunstverk er registrert, er ambisjonen å gjere informasjonen om kunstverka tilgjengeleg for alle interesserte. Ei løysing kan vere ein QR-kode som gir deg all informasjon om bildet eller skulpturen du står og ser på. Idear om eigne nettsider og "digitale utstillingar" er også på blokka.
I tillegg til tilgjengelegheit er lagring av kunstverk viktig. Det skal derfor etablerast eit sentralt lager der alle kunstverk som ikkje har ein stad å henge, blir lagra i samsvar med forskrift. Verka blir også gjort tilgjengelege via ein database, slik at miljø på NTNU kan bestille kunstverk montert i sine lokale.
Vet du noe vi ikkje veit?
Det finst mange kunstverk på NTNU som har blitt lagra, og kanskje gløymt. Desse vil vi gjerne vite om, slik at vi får registrert og lagt ein plan for vedlikehald av alle kunstverk.
Veit du om noko? Legg det inn i e-vaktmeister, så tar vi kontakt! Dette gjeld òg om du har god oversikt over, eller eit brennande engasjement for, kunsten på NTNU, og har lyst til å bidra med informasjon i dette prosjektet.