KARMA
KARMA - Verktøy for kvalitativ kartlegging av mangfold

Om prosjektet
KARMA har som mål å utvikle, digitalisere og lansere eit verktøy for kvalitativ kartlegging av mangfald og ulikheit på institutt- og forskargruppenivå. Dette er ei viktig nyvinning som vil sikre nødvendig grunnlag for- og støtte til arbeidet med likestilling og tilrettelegging for mangfald ved NTNU og andre norske universitet og forskingsinstitusjonar.
Utviklinga av verktøyet vil bygge på undersøking og analyse av erfaringar frå allereie gjennomførde prosjekt ved NTNU og Universitetet i Bergen- der sentrale erfaringar er at det er utfordrande å ta omsyn til alle i likestillingsarbeid, og at det er behov for lokalt forankra kunnskap for at tiltak skal ha gjennomslagskraft. Medan utfordringa med å etablere forståing for kjønnsulikheit har hatt ei klar forankring i tankar om likerepresentasjon, tvingar arbeidet med mangfald fram eit behov for å forstå fleire dimensjonar ved ulikheit. Problemstillinga som prosjektet søker svar på er: Korleis kan ein best synleggjere og skape forståing for ulikheit i et fagmiljø på måtar som gir grunnlag for å velje tiltak i handlingsplanar for likestilling og mangfald?
Prosjektet er finansiert av Norsk Forskningsråd og løper fra 2024-2026.
For å svare på korleis kan ein best synleggjere og skape forståing for ulikheit i et fagmiljø på måtar som gir grunnlag for å velje tiltak i handlingsplanar for likestilling og mangfald vil vi undersøke og analysere erfaringar frå nyleg gjennomførde prosjekt innretta mot kvalitativ forståing av ulikheit, samt kva fagmiljøa sjølv meiner med mangfald i breiare forstand. Undersøkingane vil danne kunnskapsgrunnlag for å utforme eit brukarvenleg verktøy.
Utforminga vil også bygge på organisasjonsforsking som viser korleis maktrelasjonar verkar både strukturelt, i samhandling og på symbolnivå (Acker 2013, Rodriguez m.fl. 2016). Forskingslitteraturen gir også viktige innsikter i korleis kjønna dynamikkar, rasialiseringsprosessar, klasseulikheit og utanforskap knytt til funksjonsevne verkar i arbeidslivet og i akademia. Denne kunnskapen skal byggas inn i kartleggingsverktøyet.
Vi vil også rette søkelyset mot organisasjonskulturen og inkludere eit analytisk blikk på maktdynamikkar som forskingskultur, epistemisk mangfald og faglege hierarki (Pereira 2017). Målet er å utvikle verktøy som gjer at det ikkje er behov for store forhandskunnskapar, innleiing av eksterne konsulentar eller forskarar og andre ekspertar for å arbeide med mangfald i fagmiljøa ved norske forskings- og høgare utdanningsinstitusjonar. På den måten kan terskelen senkast for at fleire fagmiljø vil ta aktivt grep om arbeidet med å fremja likestilling og inkludering og utvikle lokalt forankra handlingsplanar.
Aktiviteter og resultater
KARMA har hatt sitt første prosjektmøte...
Ressurser

Verktøy

Video
Prosjektdeltakere
-
Eva Amundsdotter
eva.amundsdotter@ntnu.no Institutt for tverrfaglige kulturstudier -
Julie Katrine Flikke Forsker og Universitetslektor
73559862 julie.k.flikke@ntnu.no Institutt for tverrfaglige kulturstudier -
Vivian Anette Lagesen Professor
+4791172760 vivian.lagesen@ntnu.no Institutt for tverrfaglige kulturstudier -
Martine Sletten Stipendiat
martine.sletten@ntnu.no Institutt for tverrfaglige kulturstudier